Videokonsultasjon via helsenorge.no ved Nevroklinikken

Nevroklinikken

Det er mogleg å møte behandlaren din via video i staden for fysisk oppmøte.

Innleiing

Påloggingsinformasjon blir sendt i innkallingsbrevet som du mottar anten på helsenorge eller i posten. For at videokonsultasjonen skal bli bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å lese denne informasjonen nøye.

Sikre at du har tilgang til digitale tenester for å delta på video på helsenorge

Du styrer sjølv tilgangen til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at ein videokonsultasjon er satt opp for deg og delta i videokonsultasjon, må du ha samtykt til «full tilgang».

Sjekk følgjande viss du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine
  3. Trykk på «Personverninstillinger». Om «Velg hvilke tjenester du vil bruke» viser «Du har samtykket til Full», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre samtykke», og sett den til «Full».

Med «fullt samtykke» på helsenorge, vil du få varsel om innkallingar, og du vil finne innkallingar i «Meldingar». Innkallingsbrev vil alltid liggje i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har gitt fullt samtykke.

Dersom du ikkje har tilgang til helsenorge vil du motta påloggingsinformasjon i posten og kan delta via nett.

Tilvising og vurdering

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Før møtet

Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtala med behandlar.
Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtalen med behandlar.

Dette treng du

  • Eining som nettbrett, mobil eller PC. Dersom PC skal brukast må den ha kamera, mikrofon og høgtalar (kan vere innebygd i eininga) og vere nyleg omstarta. Hovudtelefonar kan vere nyttig, men ikkje obligatorisk. Ver oppmerksam på at jobb-PC kan vere sperra for bruk av video.
  • Eldre einingar, eller einingar som ikkje er oppdatert med siste versjon av programvare, kan gje problem med lyd og bilete. Dersom du bruker ein Android-telefon (Samsung m.fl.), bruk Chrome nettlesar. Dersom du bruker IOS-telefon (Apple), bruk Safari. Ikkje bruk nettlesaren Internett Explorer.
  • Eit rom (med stabil og god tilgang til internett) kor du kan vere aleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva som blir sagt.. Rommet bør også ha god lyssetting slik at du er godt synleg.

Før videokonsultasjonen

  • Dersom du ikkje kan møte til timen din, tilstanden din har blitt forverra eller du heller vil ha en konsultasjon med fysisk oppmøte, er det viktig at du gjev beskjed til sjukehuset.  Logg inn på www.helsenorge.no for å sende melding. Dersom det er mindre enn to verkedagar igjen til timen din, må du kontakte sjukehuset direkte på telefon man.-fred. klokka 0800-1530. Dersom helsetilstanden forverrar seg vesentleg, må du kontakte fastlegen eller den som har tilvist deg til time på sjukehuset. Fastlegen kan også gje deg råd og oppfølging i ventetida.
  • Planlegg samtalen i høveleg tid slik at samtalen i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrot eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar ved å opne https://join.nhn.no . Registrer namn (maskinen din hugsar det, lagrast ikkje eksternt) og tast inn 998112. Dette er eit testrom kor du kan bli kjent med korleis systemet verker i god tid før samtalen.
  • Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.
  • Ha tilgang til telefon, i tilfelle behandlar treng å kontakte deg ved tekniske utfordringar.
  • Opne innkallingsbrevet med møteromslenka omlag fem minuttar før, slik at du er klar til å trykke på lenkja rett før konsultasjonen startar.
  • Les gjennom punktet «Handtering av eventuelle problem» lengre nede på sida på førehand, slik at du er førebudd dersom oppkoplinga ikkje fungerer.

Oppkopling til videokonsultasjonen

Har du motteke ei innkalling til videokonsultasjon med sjukehuset, gjer du følgjande:
• Ta fram, nettbrett, mobiltelefon eller PC, og syt for at eininga er lada og kopla til eit trådlaust nett
• Opne nettleser som anvist under avsnittet «Dette treng du»
• Logg inn på helsenorge.no
• Gå inn på MELDINGAR, og finn innkallingsbrev

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Kople deg opp rett før du har ei timeavtale ved å opne dokumentet «Innkallingsbrev» som ligger under «Meldingar» og starte videokonsultasjon ved å trykkje på lenkja som ligg i brevet. Om lenkja i innkallingsbrevet ikkje fungerer må du opne https://join.nhn.no . Klikk på det grøne symbolet for «video» og tast inn romnummeret som du har fått oppgitt (sjå innkallinga). Tast så inn pinkode om du har fått oppgitt dette, eller klikk på «delta». Dersom du ikkje har motteke romnummer og pinkode, ta direkte kontakt på telefon med avdelinga som har kalla deg inn.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Du må no gje videoløysinga tilgang til mikrofon og kamera. Tillat tilgang til Mikrofon og kamera

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Tillat tilgang i nettleser, trykk OK

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Skriv inn heile namnet ditt for å identifisere deg for behandlar, trykk OK
  • Dersom du vert beden om å gje tilgang i nettlesar, trykk OK.


Deltaking i møte

  • Vent til sjukehuset koplar opp. Dersom du ikkje kjem inn i venterommet, prøv igjen etter nokre minutt.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Då er alt klart. Pass på at kamera og mikrofon ikkje er slått av (det er då ein strek over symbolet for kamera og mikrofon).

  • Snu telefonen eller nettbrettet for å få større bilete.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

Under

Under møtet

Det er viktig at du gjer deg kjent med køyrereglar som gjeld for denne type konsultasjonar. Oppstår det problem undervegs i konsultasjonen finn du òg svar på korleis du kan løyse desse her.

Køyrereglar for videokonsultasjonen

  1. Alle involverte partar må presentere seg. Helsepersonell bør vere førebudd på at pasienten kan be dei om å legitimere seg. Dersom du har med ein nokon med deg i konsultasjonen, er det viktig at vedkomande vert presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller i bygninga kor du er.
  2. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtalen (korkje lyd eller bilete). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment

Hugs at behandlarane ikkje ser 'heile deg', og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

Ha tilgang til legitimasjon med bilete dersom du ikkje er kjent for behandlar og blir bedd om å legitimere deg

Handtering av eventuelle problem

Tabellen under hjelper deg å løyse eventuelle problem som skulle oppstå. Dersom du framleis opplever tekniske problem, må du ta kontakt med Helse Vest IKT sitt kundesenter på 55 97 65 51

PROBLEM LØYSING
Du eller behandlar er forseinkaTa kontakt med avdelinga, sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fredRing sekretariatet. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Dersom du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, så må behandlar vurdere om det er godt nok eller om du må få ein ny time.
Du klarar ikkje å kople deg på møtet
  • Har du tilgang til internett? Forsøk ei kjent side
  • Dersom du brukar PC, forsikre deg om at den nyleg er restarta og at du ikkje brukar Internet Explorer. Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
  • Kople deg opp ved å gå inn på https://join.nhn.no, klikk på det grøne videosymbolet og tast inn romnummeret som du finn i innkallingsbrevet. Tast pin-kode dersom dette er oppgitt, elles trykkjer du på «delta»
  • Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at legen/sjukepleiaren ringjer deg på telefonen.
Biletet eller lyden forsvinn
  • Sørg for å følgje råda i avsnittet "Dette treng du"
  • Sjekk at bilete/lyd er slått på. Gå til "Innstillingar" for å endre kjelde dersom det er naudsynt.
  • Sørg for å ikkje ha fleire program som bruker kamera/høgtalar oppe på ein gong.
  • Kontakt Kundesenteret i Helse Vest IKT på tlf. 55 97 65 51 dersom du treng hjelp
  • Dersom problemet varer ved, kontaktar behandlaren deg og avtalar kva de skal gjere.
Heile samtalen bryt undervegs
  • Har det skjedd noko med oppsettet ditt? Kabel som har losna? Mista internett? Sit du eventuelt i eit rom med dårlig nettilgang?
  • Forsøk å gå inn i møtet på same måte som sist.
  • Slå av og på PC, og prøv på nytt.
  • Ring avdelinga og forklar situasjonen.
    Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Nokon kjem inn i rommet

Gi beskjed til behandlaren at du ikkje lenger er aleine slik at samtalen kan setjast på pause. Dersom mogleg, sørg for at du igjen får rommet for deg sjølv.

Anna uventa hending
  • Hendingar som gjer at informasjon om pasient og pasientens helse kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtalen ikkje kan gjennomførast, betyr at møtet setjast på pause eller avsluttast. Dersom føremålstenleg går ein over til telefon for å diskutere kva som skal gjerast vidare.

Har du framleis tekniske problem knytt til pålogging? Ring Kundesenteret i Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 51

Har du oppkoblingsproblem? Her er nokre tips.

Bildet forsvinner, men lyden virker:

  • Dersom mulig koble til med kablet nettverksforbindelse
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene

Lyden forsvinner, men bildet virker:

  • Påse at mikrofonen ikke er dempet inne i selve møtet
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Dersom du benytter deg av ekstern mikrofon eller hodetelefoner kan du prøve å koble det til i en annen port på maskinen.

Hele samtalen bryter underveis:

  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du klarer ikke koble deg på møtet:

  • Dersom møteinnkallingen ikke inneholder en PIN-kode kan du bare trykke på «Delta» for å komme inn i møtet.
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du ser deg selv, men ser ikke behandler:

  • Påse at du er koblet opp på ditt eget nettverk og ikke mot jobb-nettverket.
  • Forsøk en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Ta en omstart av enheten
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Etter

Dine rettar og betaling

Sjølv om møtet med legen skjer på ein annan plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for teieplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasient- og brukarrettslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og naudsynte helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtalen skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er naudsynt for å gje deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).

Den valde videokonsultasjonsløysinga har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, korkje på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andlet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå instansar i helsevesenet.

Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Er det mindre enn to verkedagar att til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokka 0800 til 1530.


Dokumentasjon og betaling

Videokonsultasjonen vert dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigenandelen er den same som ved annan poliklinikk.

Krav om eigendel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og born under 16 år betalar ikkje eigendel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Nevroklinikken
Telefon
Nevrokirurgisk avdeling 55 97 56 40
Nevrologisk avdeling 55 97 50 44 / 45
Nevropoliklinikk 55 97 51 21
måndag - fredag 08.00-15.30
Gamle hovedbygg
Besøksadresse
Jonas Lies vei 71(Kart)
5053 Bergen
Telefon
55 97 50 00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset i koronaperioden

Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset. Grunna den låge førekomsten av koronasmitte i samfunnet vi har no, opnar vi opp for at fleire pasientar kan få besøk av sine nærmaste på sjukehuset.

Les mer om besøk på sjukehuset

Kreft- og forløpskoordinator ved Nevroklinikken

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Din forløpskoordinator
Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Logopedtenesta

​​Vi tek i mot tilvisingar frå alle avdelingar på sjukehusa som har vaksne pasientar med språk- og kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar som har oppstått etter sjukdom eller skade.
 
Logopedtenesta skal sjå til at pasientar skal får ei optimal oppfølging for vanskane sine, og logopedane tek del i det tverrfaglege teamarbeidet rundt aktuelle pasientar.
 
Vi skal også bidra til at pasientane får eit godt rehabiliteringstilbod etter utskriving ved å formidla behov og rettar til ansvarlege instansar i kommunane.

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?