Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
to personer sitter på venterommet

Habiliterings­avdelinga for vaksne

Habiliteringsavdelinga for vaksne gir helsetenester til pasientar over 18 år som treng spesialisert habilitering. Hovudansvaret for habilitering er lagt til kommunane. Målgruppa vår er personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting som utviklingshemning, autismespekterforstyrring og syndrom som kan medføre utviklingshemning. Det må ligge føre ein aktuell problemstilling / eit behov som krev  spesialisert habilitering.

Habiliteringsavdelinga for vaksne er ei avdeling i ReHabiliteringsklinikken.

  • Diagnostisering
  • Tverrfagleg utgreiing av følgjetilstandar og helseproblem
  • Støtte til pasient, pårørande og tenesteytarar ved individuell planlegging, utarbeiding og gjennomføring av heilskapleg tilbod.
  • Oppfølging av tiltak gjennom rådgjeving og rettleiing
  • Utgreiing, rådgjeving og vurderingar i samband med tiltak etter Lov om helse- og omsorgstjenester Kap. 9 om bruk av tvang og makt mv overfor mennesker med utviklingshemning.

Tilvising til oss må kome frå lege eller spesialisthelsetenesta. Vi har eigne tilvisningrutinar og tilvisingsskjema. 

Les meir om tilvisning (henvisning)

I habiliteringsprosessar er det mange aktørar som samarbeidar. Aktuelle samarbeidspartar kan være fastlege, pårørande, pleie- og omsorgstenester, PP-teneste, dagsenter, arbeidsplass, NAV og andre deler av spesialisthelsetenesta.

Habiliteringsavdelinga si kursverksemd rettar seg mot fagpersonell, pårørande og pasientar.

Sjå kva kurs vi tilbyr

Spørsmål om kurs/undervisning kan sendast på e-post postmottak.habilitering@helse-bergen.no


Forfattere: Habiliteringstenesta for vaksne, Helse Bergen HF. Prosjektleder/spesialergoterapeut Olaug Lillehammer Laukeland. Målgruppe: I prosjektet var målgruppen pasienter med BMI over 35. Tema: Oppnå langsiktig reduksjon av risikofaktorer ved overvekt, med fokus på endring til en sunnere livsstil, mestring, atferdsendring, kosthold og fysisk aktivitet. Prosjektrapport Ny start 281014.pdf


Målet med dette prosjektet har vært å utvikle en modell som kan nyttast ved planlegging og gjennomføring av kurs til personar med lett grad av utviklingshemning og / eller personar med utviklingsforstyrringar. Dette er brukergrupper som på grunn av kognitive funksjonsnedsettingar treng spesiell tilrettelegging for læring. Vi ønskte å få meir kunnskap om korleis denne brukergruppa kan nyttegjere seg kurs som metode for auka meistring og deltagelse i samfunnet.


Prosjektperiode: 2008 - 2009

Prosjektleiar: Fagkonsulent/spesialergoterapeut Olaug Laukeland

Prosjektstøtte: Helsedirektoratet


Les meir om prosjektet og kursmodellen som er tatt i bruk



Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen Haukeland universitetssjukehus Habiliteringsavdelinga for vaksne Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vær merksam på at vi 26. mars 2020 flytta poliklinikken til Olav Bjordals veg 29 på Breisten.

Foto:Breistein

Olav Bjordals veg 29, Breistein

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Kurs og møter

  • Psykisk lidingar ved utviklingshemming og/eller autisme
    Kurset har fokus på psykiske lidingar hos personar med utviklingshemming og/eller autisme. Kurset vil gi informasjon om korleis oppdage teikn på psykisk lidingar samt om aktuelle miljøterapeutiske intervensjonar.
    Psykisk lidingar ved utviklingshemming og/eller autisme
    Dato kjem

Koronavirus

Helsedirektoratets informasjonstelefon om koronavirus: 815 55 015 Om du trur du er smitta, ring fastlegen din. Viss du har behov for akutt helsehjelp og ikkje får tak i fastlegen, ring legevakten på tlf. 116 117. Dersom du trur du kan vere smitta av covid-19 og har time i Helse Bergen må du ta kontakt med oss Haukeland universitetssjukehus følgjer nasjonale råd og føringar frå Folkehelseinstituttet.
Sjå vår informasjonsside om koronavirus
foto av ansatt som tar prøver

Den norske Downs syndrom- og demensstudien

Personer med Downs syndrom lever i dag lengre enn før og langt flere vil oppleve å bli gamle. Forskning viser at personer med Downs syndrom har en høy risiko for å utvikle demens.
Les meir om studien
Illustrasjon den norske downs syndrom og demensstudien

Bestillingskurs for helsepersonell

Habiliteringsavdelinga for vaksne tilbyr fleire bestillingskurs for helsepersonell som arbeidar med vaksne med utviklingshemming og andre diagnosar som epilepsi, angst, depresjon og psykiske lidingar.
Les meir om bestillingskursa våre
Gruppebilde ansatte. Foto