HELSENORGE

Team for motorikk og habilitering

Teamet er eit nytt tverrfagleg tilbod til vaksne med motoriske vanskar som følge av medfødt eller tidlig erverva sjukdom eller skade i nervesystemet, for eksempel cerebral parese (CP).

Det tverrfaglige teamet består av ergoterapeut, fysioterapeut, lege og ved behov psykolog.​

Utgreiing:

1)    Førsamtale

Du saman med pårørande og/eller tenesteytarar og to frå teamet (ergoterapeut og fysioterapeut) har ein førsamtale. Der får vi informasjon om din funksjon i kvardagen og aktuelle problemstillingar.

 

2)    Undersøking

I neste time vil vi gjere ei nevrologisk undersøking, samt kartlegging av rørsleevne og fysisk funksjon. Det kan også være aktuelt med andre undersøkingar.


3) Tverrfaglig rapport

Det vert laga ein tverrfaglig rapport, med oppsummering av undersøkinga og tilrådingar vidare. Denne vert sendt til deg og fastlegen din, og eventuelt lokal fysio-/ergoterapiteneste og andre instansar etter avtale med deg.  ​

Etter vurdering

Dersom det kjem fram andre behov, kan du få tilbod om vidare utgreiing/oppfølging  i Habiliteringsavdelinga eller bli tilvist til andre spesialistar i sjukehuset.  For nokre pasientar vert det avtalt ny time fram i tid (1, 2 eller 3 år).

 



Fann du det du leita etter?