Foto av ansatt ved Mikrobioloisk avdeling som jobber med prøver

Koronavirus

Helsedirektoratets informasjonstelefon om koronavirus: 815 55 015
Om du trur du er smitta, ring fastlegen din.
Viss du har behov for akutt helsehjelp og ikkje får tak i fastlegen, ring legevakten på tlf. 116 117.
Dersom du trur du kan vere smitta av covid-19 og har time i Helse Bergen, må du ta kontakt med oss.

Haukeland universitetssjukehus følgjer nasjonale råd og føringar frå Folkehelseinstituttet.

Tal på innlagde pasientar med covid-19

Smittetal vert oppdatert dagleg  ca. klokka 10.

Fredag 22. januar 2021:

Vi opplyser om alder innan desse aldersgruppene for pasientar som får intensivbehandling/ved dødsfall:
Barn (0-17 år), vaksen (18-64 år), eldre (65 år +).

Pasientar:

  • Totalt innlagde pasientar med covid-19 i Helse Bergen: 4
  • Innlagde pasientar med covid-19 på Haukeland: 4
  • Av desse er talet på pasientar som får intensivbehandling: 1 (eldre)
  • Innlagde pasientar med covid-19 på Voss: 0
  • Antall døde pasientar med covid-19 hittil i Helse Bergen: 13 

Tilsette - av om lag 13.200 tilsette

  • Tilsette med heimekarantene i Helse Bergen: 30
  • Positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen frå 1. januar 2021: 8
  • Nye positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen: 0 (inngår i totalen over)
  • Positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen i desember 2020: 32
  • Positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen i november 2020: 47
  • Positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen i oktober 2020: 18
  • Positive prøvar på koronaviruset blant tilsette i Helse Bergen i september 2020: 39

R-tal

  • R-verdien for Helse Bergen HF sitt opptaksområde den 21.1.21 blei berekna til 0,8 med ein feilmargin frå 0,5 til 1,3. Utan importsmitte er R-verdien berekna til 0,5.

Kommentar frå administrerande direktør Eivind Hansen:  

-  Det kan virke som om R-talet har stabilisert seg på eit lavt nivå no. Det er veldig bra. Vi ser og at vi får færre innlagde pasientar, noko som stemmer godt med med prediksjonane våre. Det er dette som er det viktigaste styringssignalet R-talet gir oss. Jo mindre smitte ute i samfunnet, jo færre pasientar vil trenge helsetenester på sjukehus, seier Hansen.

Om R-tal

R-tal frå Helse Bergen sitt opptaksområde (Alle kommuner som soknar til Helse Bergen HF (inkl. Voss sjukehus) og Haraldsplass Diakonale Sykehus) gis per uke og leggast vanlegvis ut på tirsdagar.
Berekninga er basert på antatt tal nye smitta i befolkninga over tid, og blir estimert på grunnlag av
tal nye personar med påvist smitte. Berekninga er eit lokalt tillegg til Folkehelseinstituttet (FHI) sine berekningar nasjonalt og per fylke, som regelmessig vert publisert på FHI sine nettsider . Den lokalt berekna R-verdien er punktverdiar, mens FHI bereknar eit gjennomsnitt over ein lengre tidsperiode.
FHI sitt R-tal og det lokale R-talet er difor ikkje direkte samanliknbare, og berekningsmåten er og litt forskjellig. 

Det er viktig å merke seg at det er ei viss usikkerheit (feilmargin) knytt til estimeringa av R. Denne usikkerheita vil generelt sett vere høgare når smittetalet er veldig lågt og omvendt. Vi tilrår difor å bruke resultata med varsemd, og for å sjå etter trendar eller generelle observasjonar. Sidan R-verdien er berekna ut frå tal personar med påvist smitte, representerer R-verdien smitteveksten for ca. 2-3 dagar tilbake i tid sidan det tar ca. 2-3 dagar frå ein person tar testen til prøveresultatet føreligg.

Om personvern

Av personvernomsyn vil sjukehuset ikkje gi fleire opplysningar om medarbeidarar eller pasientar sin helsetilstand.
Helsedirektoratet oppmodar alle landets sjukehus aktivt å informere om at dei har pasientar innlagt som følgje av covid-19. Dei presiserer at det er viktig å ivareta personvern, slik at vedkomande ikkje kan identifiserast.
Det er eit strengt krav om at identifikasjon ikkje skal vere mogleg, verken direkte eller indirekte, for at kravet til anonymitet skal vere oppfylt.

Bilete frå sjukehuset

Sjå vår FlickR-konto med dagsaktuelle bilete relatert til koronasituasjonen

Saker om koronavirus

Fann du det du leita etter?