Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utvikling av modell for meistringskurs

Målet med dette prosjektet har vært å utvikle en modell som kan nyttast ved planlegging og gjennomføring av kurs til personar med lett grad av utviklingshemning og / eller personar med utviklingsforstyrringar. Dette er brukergrupper som på grunn av kognitive funksjonsnedsettingar treng spesiell tilrettelegging for læring. Vi ønskte å få meir kunnskap om korleis denne brukergruppa kan nyttegjere seg kurs som metode for auka meistring og deltagelse i samfunnet.

Prosjektperiode: 2008 - 2009

Prosjektleiar: Fagkonsulent/spesialergoterapeut Olaug Laukeland

Prosjektstøtte: Helsedirektoratet

Modell for kurs

  
Brukarkurs kan være ein motiverande innfallsvinkel til ny læring om aktuelle tema. På bakgrunn av fleire års erfaringar og oppsummering frå prosjektet «Modell for meistringskurs» har vi utvikla ein kursmodell. 
 
​​​​​Denne kan vere eit verktøy ved planlegging av kurs for personar med utviklingshemming og / eller personar med utviklingsforstyrringar. Modellen kan brukast fleksibelt og kan fungere som inspirasjon og huskeliste for kursarrangørar.

​Ved å klikke på overskriftene vil du kunne lese som våre tips og erfaringar.

Forarbeid er viktig for å lykkast. I denne fasen blir det oppretta samarbeid og laga ei målsetting for kurs. 
 
Målgruppe/ avklare deltakarar

Våre erfaringar byggjer på deltakarar med lett til moderat grad av utviklingshemning. Deltakarane må kunne ta i mot informasjon, kunne jobbe med tema og gi tilbakemeldingar for å kunne delta på kurs ut frå denne modellen. Det er ikkje eit krav at ein skal kunne lese og skrive, men at ein kan fungere i ei gruppe og delta i tilrettelagte aktivitetar.
 
Ei utfordring ved å arrangere kurs for denne brukargruppa kan vere at deltakarane kan ha ulikt funksjonsnivå. For at kurshaldarane skal planleggje innhald og pedagogisk metode er det nødvendig å ha informasjon om deltakarane i forkant.

Ei kartlegging kan gjerast gjennom:
•Samtale med personen sjølv
•Samtale med nærpersonar
•Bruk av kartleggingsverktøy
 
Forslag til kartleggingsområder:
•Kommunikasjonsevne
•Funksjonsnivå og hjelpebehov
•Sosial funksjon
•Forhold som krev spesiell tilrettelegging
•Tidlegare kurserfaring
•Kva motiverer kursdeltakar?
•Interesser og fritidsaktivitetar  
•Buform
•Omfang og organisering av omsorgstilbod
•Pårørande og andre støttepersonar

For mange vil deltaking på kurs vere ein aktivitet som gir positive sosiale følgjer. Ein kan bli kjent med nye personar og få positive opplevingar i fellesskap med andre. Dette kan vere ein av målsetjingane med kurset.


Målsetting

Ei generell målsetting er at kursdeltakarane får ny lærdom og motivasjon til å bruke denne i kvardagen.

Eksempel på målsettingar:
•at kursdeltakarane får i gang ei positiv endring, til dømes livsstilsendring.
•at deltaking i gruppe gir positive effektar i forhold til læring, styrking av sjølvbilde og nettverksbygging.
•at deltakarane blir motiverte til å delta på nye aktivitetar.

Det bør allereie i planleggingsfasen leggast ein strategi for vidareføring. Dette kan handle om å gi deltakarane muligheit til å delta på nye aktivitetar etter kurset, at deltakarane får hjelp til å halde kontakt med kvarande, og at nærpersonar gir støtte og oppmuntring til å bruke kunnskapen frå kurset i andre situasjonar. 


Gruppesamanseting

Ulike faktorar kan ha betyding ved gruppesamanseting: Funksjonsnivå, interesser, tidlegare erfaringar og like målsettingar. Førehandssamtaler med kvar enkelt deltakar kan vere aktuelt.
Erfaringsmessig råder vi til å ha 6-8 deltakarar på kursa. Gruppene bør ikkje vere for store, sidan kvar enkelt deltakar skal få mulegheit til å vere aktiv og deltakande. Samtidig må ikkje gruppene vere for små, slik at eventuelt fråfall vil gå ut over aktivitetane i gruppa. Ein må vurdere om det skal vere blanda grupper, eller om gruppemedlemmene skal vere av same kjønn.  
Gruppesamansetinga treng ikkje vere heilt homogen. Vi har erfart at ”erfarne brukarar” kan vere ein viktig ressurs i grupper. Dette kan vere personar som har erfaringar på område som er tema for kurset.

Dei ”erfarne brukarane” kan få spesielle oppgåver med innlegg og oppgåver i kurset. Dei kan ha funksjon som rollemodellar og kan bidra til at måten ein underviser og samtaler på er tilpassa gruppemedlemmene.


Etablere samarbeid

Kommunale kursarrangørar har formidla at det er positivt at kurshaldarane er eksterne og ikkje kjem frå deltakarane sine heimemiljø/ arbeidsplassar. Personale med hjelperoller i dagleglivet formidlar at dei gjerne kan ha ansvar for praktiske oppgåver og kan delta som støttepersonar for brukarane, men at rolla til kursleiaren bør bli ivaretatt av ein ekstern person.  

Aktuelle samarbeidspartar kan vere:

•Helsestasjon/ kommunehelsetenesta
•Interesseorganisasjonar
•Studieorganisasjonar
•Brukerorganisasjonar
•Arbeidsplass/ dagsenter
•Skule/ vaksenopplæring
•Kulturkontor
•Lærings- og meistringssentra
 

Informasjonsmøte

Dei fleste personar med utviklingshemming har ikkje erfaring med å delta på kurs. For nokon er det viktig at dei blir motivert for deltaking. Det er viktig at deltaking på kurs er eit eige val, sjølv om det for nokon kan vere behov for "litt påtrykk" og fleire informasjonsrundar før ein seier ja til å bli med på ein ny og ukjent aktivitet.
Vi har erfart at eit informasjonsmøte i forkant av kurs kan vere fornuftig. Her vil dei inviterte ha mulegheit til å få utfyllande informasjon om kurset og møte kurshaldarar og andre kursdeltakarar utan å forplikte seg til å delta.

På informasjonsmøtet kan ein ta med seg ein støttespelar (ven, familiemedlem, støttekontakt eller liknande). Informasjonsmøtet bør haldast i kurslokala som skal brukast vidare.
I nokre tilfelle har vi gitt undervisning/ rettleiing til støttespelarar/ nærpersonar før og undervegs i eit kursløp når målsetjinga har vore å få til ein endringsprosess (til dømes på livsstilskurs og ved arbeidsmiljøkurs).
Eksempel på informasjonsskriv til nærpersonar


Invitasjon

Ein kursinvitasjon må blir sendt ut i forkant. Måten denne blir formidla på kan vere avgjerande for om deltakarane vil delta.  Alternativ kan vere invitasjon per post, via ein kjent person i hjelpeapparatet, via ein pårørande, via ein person frå overordna nivå i kommunen, annonsering i media eller formidla ut til ei gruppe som har aktuelle deltakarar. Det er viktig at invitasjonen blir skrive med tydelege bokstaver og enkel tekst. 
To døme på invitsjon til kurs: invitasjon1  invitasjon2


Ansvarsforhold og roller
1.Avklaring av ansvarsforhold og rollefordeling (kursansvarlege - kurshaldarar)
I planlegginga av kurs er det nødvendig at alle går gjennom og fordeler roller og oppgåver i forkant.
2.Kven tar seg av det praktiske?
Til dømes lokale, eventuell servering, økonomi, transport, referat, innkjøp av materiell
3.Kven har ansvaret for det faglege innhaldet?
Til dømes undervisningsopplegg, aktivitetar, gruppearbeid.
For at alle kursdeltakarane skal få best muleg læringsutbytte, vil nokon trenge støtte og hjelp frå ein følgjeperson på kurset. Dersom kursdeltakarane har med seg eigne følgjepersonar på kursdagane er det viktig at det er avklart kva for ei rolle dei skal ha.
Forslag til samarbeidsavtale.


Økonomi

Informantar som vi har spurd meiner at kursdeltakarane kan betale ein liten sum for kursdeltaking, til servering og materialkostnader.
Personalkostnadane er den største utgifta. I prosjekta vi har deltatt i har samarbeidspartane frå spesialisthelsetenesta og det kommunale nivået dekka personalkostnadar via ordinære budsjett.
I spesialisthelsetenesta kan det brukast takstar for pasientopplæring, dersom kurset fyller krava for dette (A99). Nokre kursrekker har blitt gjennomført med støtte frå veldedige organisasjonar eller prosjektmidlar. Slike midlar har blitt brukt til aktivitetar, kursmateriell og servering (lunsj, avslutningsfeiring med meir). Kurslokala er ofte kostnadsfrie dersom ein kan nytte lokale som er tilgjengelege for aktuelle samarbeidspartar.

     
Fordeling av roller blir gjort i forarbeidsfasen. I planleggingsfasen har ein fokus på detaljplanlegging og fordeling av oppgåver. 
 
Innhald

Vi har erfaringar med at tema og hovudinnhald er planlagt i oppstartsfasen, mens detaljane blir planlagde undervegs i kursrekkja. For kurshaldarene er det lettare å lage eit undervisningsopplegg etter å ha møtt kursdeltakarane og fått eit inntrykk av kva dei kan og kva for eit læringsbehov dei har.

Delar av første kursdag blir brukt til ”kartlegging” av deltakarane sin kunnskap rundt aktuelt tema.

IDÉAR TIL TEMA FOR KURS:
•Korleis ivareta helsa?
•Kunnskap om helse, sjukdommar og helsetenester
•Epilepsi
•Hygiene
•Trivsel
•Fysisk aktivitet
•Sunt kosthald
•Fokus på meistring og endring
•Kva vil det si å vere utviklingshemma?
•Å ha ein diagnose?
•Kva betyr det å ha til dømes Downs syndrom?
•Å vere saman
•Tryggleik blant andre menneske
•Sosiale settingar/ small talk
•Folkeskikk
•Mobbing
•Korleis ta vare på nettverk og meistre samtale (gjensidigheit)
•Fritid
•Interesser
•Naboskap, vener/ venninner
•Vener og kjærastar
•Samliv og seksualitet
•Å bli foreldre
•Å flytte i eigen bustad
•Overgang frå foreldreheim til eigen bustad
•Å bestemme sjølv
•Overgang barn - vaksen/ skule- arbeid:
•Å søke jobb- overgang til arbeidsliv - kva for mulegheiter finnast?
•Aldring
•Førebuingar til pensjonsalder
•Kroppen sine endringar
•Aldring - også hos foreldre
•Sorgarbeid
•Arbeidsmiljø
•Kva krevjast på arbeidsplassen?
•Samarbeid og sosiale reglar på jobben
•Kva for brukarorganisasjonar finnast og kva kan vi bruke dei til?
•Demokratiske rettar og plikter


Pedagogisk tilnærming/ metodar

Når vi skal hjelpe og rettleie personar med utviklingshemming treng vi kunnskap om føresetnadene deira for å forstå og lære. Utviklingshemming medfører at ein utviklar seg langsamere og treng tilpassing for at den enkelte skal lære og delta ut frå sine føresetnader. Det er viktig å leggje til rette for mange repetisjonar og hjelpe deltakarane til å bruke ny kunnskap i ulike situasjonar.


Døme på metodar og verkemiddel:

•Samtaler styrt av kursleiar med deltaking frå alle.

•Konkretisering og visualisering - for eksempel DVD, konkretar eller praktiske oppgåver.
•Kombinasjonen ”sjå – høyre” har god effekt.
•Det bør bli brukt lite og kortfatta tekst i presentasjonar. Bruke symbol/ bilete, som støtte til manglande/ svake leseferdigheiter.
•For nokon kursdeltakarar kan skriving av stikkord i undervisninga gjere det lettare å lese og hugse i etterkant.
•Humor er eit viktig verkemiddel.
•Rollespel av aktuelle problemstillingar eller situasjonar, med overdrivingar og humor er bra. Dette blir ofte hugsa godt.
•Gruppearbeid: Diskusjonar, løysing av oppgåver, konkurransar, gå turar i små grupper o.l.
•Rebusløp, leikar, natursti, Kimslek, konkurransar
•Samanheng mellom teori og praksis. Førelese først, for deretter å prøve i praksis.
•Praktiske øvingar - lettare å få alle delaktige og det viser seg at innhaldet lettare blir hugsa.
•Kursperm og referat. Desse vil vere nyttige til repetisjon og overføring av ny kunnskap i heimemiljøet, spesielt i forhold til støttepersonar som skal hjelpe til i denne prosessen.
•Informasjonsskriv eller ”lekse” til neste gong, for at ein skal kunne førebu seg til neste kursdag saman med støttepersonar i heimemiljøet.
•Leggje til rette for at deltakarane bidrar aktivt med å dele kunnskap, fortelje om noko dei meistrar og er god til, til dømes strikking, bowling, lage vaflar. Det vil vere viktig å starte med deltakarar som er trygge i situasjonen og utfordre andre etter kvart. Dette kan motivere andre til å bli kjende med nye aktivitetar.
•Gi høve til at kursdeltakar fortel om tema og erfaringar relatert til tema i kurset, til dømes om eigen familie, arbeidet sitt, fritidsaktivitetar, ferieturar, flyturar, mat, oppskrifter osv.
•Pausar er viktig; både for å gi avveksling og for å gi rom for uformell kontakt mellom deltakarane.
•Gi deltakarane ”heimelekse” der dei får ei oppgåve til neste kursdag. Oppgåva vil kunne fungere som repetisjon og kan bli brukt til samtale med støttepersonar i heimemiljøet. Heimelekse 1 og heimelekse 2.


Brukarmedverknad

Brukarrepresentantar kan bidra med brukarkunnskap og erfaringar med det å meistre eigen kvardag. For brukarar med kognitiv funksjonsnedsetting krev det at vi har kjennskap til deira ressursar og korleis ein kan tilrettelegge for at desse kan nyttast.

Deltakar frå tidlegare kurs har erfaring og kan bidra i planlegging og gjennomføring av nye kurs. Nokon brukarar kan delta i ei planleggingsgruppe, mens andre lettare kan bidra med å få tildelt spesifikke oppgåver i gjennomføringa. Dette kan vere ”erfarne brukarar” som har erfaringar på områder som kursdeltakarane skal lære om. Dei ”erfarne brukarane” kan bli gode rollemodellar. Eit eksempel er å fortelje korleis det var å flytte i eigen bustad. Andre kan  få i oppgåve å fortelje om noko dei meistrar eller interesserar seg for eller demonstrere noko dei kan. Til dømes korleis ein lagar ein matrett.

Brukarmedverknad kan også bli ivaretatt ved samarbeid med brukarorganisasjonar, pårørande eller personale i hjelperoller. Vi har positive erfaringar med at både brukar og nærpersonar har deltatt i planleggingsgruppe saman.
 

Omfang/ kurslengd

Omfang og tal på kursdagar blir planlagt ut frå kurstema og innhald, brukargruppa og læringsmål. Vi tilrår 4 - 6 kursdagar på 4 – 5 timar, dersom ein skal inkludere lunsj og praktiske aktivitetar. Det kan også vere aktuelt å ha kurs over kortare arbeidsøkter på til dømes to timar. Korte økter har fungert bra ved kurs på arbeidsplassen.

Tidspunkt på dagen vil også ha noko å seie for læringsutbyttet. Erfaringar tilseier at deltakarane er mest konsentrert og opplagt frå morgonen av.

Våre erfaringar er at ein frekvens med kurs kvar 14. dag er passe. Då har kursdeltakarane mulegheit til å prøve ut den nye kunnskapen mellom kursdagane.
Nokre av deltakarane har tilbakemeldt at kurs bør arrangerast på kveldstid, då dei ikkje vil ha fråvær frå arbeidet sitt.


    
Evaluering er nyttig og kan gjerast på fleire måtar. Målsettinga for kurset er styrande for vurdering av læringsutbyttet. 
 
Evaluering kursdeltakarar

Ved å nytte evaluering er det ønskjeleg å sjå effekten av det å gå på kurs. Har kursdeltakarane fått ny kunnskap som dei kan nytte i kvardagen sin? Vi har ofte ein oppfølgjingsdag etter nokon månader for repetisjon og måling av effekt.


Vi har erfart at kursdeltakarane ikkje har erfaring med å evaluere. Vi har prøvd ulike evalueringsmetodar, både som halvtids- og heiltidsevaluering og fortløpande evaluering:


1) Evaluering i gruppe

Bruk av smilefjes, surt fjes og nøytralt fjes. Vi har då laga enkle spørsmål som deltakarane i gruppene gav karakter på ved hjelp av eit av dei tre symbola. Døme: ”Korleis var det på kursdag 2 då vi hadde om fysisk aktivitet?” Denne evalueringa blei gjennomført to gonger; midtvegs og til slutt i ein kursrekkje. (Erfaring: Kan vere vanskeleg å bruke symbol, desse må lærast. Viktig å hjelpe deltakarane med å få fram meiningar.)


2) Individuell evaluering

Deltakarane fekk med seg spørreskjema heim siste kursdag. Dei fylte dette ut saman med nærpersonar og sende det i retur. (Erfaring: Har fungert godt.)


3) Fortløpande evaluering

Ved oppsummering etter kvar kursdag saman med kursdeltakarane har dei kunnskapen "friskt i minnet". Evaluering kan bli gjort konkret med enkle symbol for dei som ikkje klarer/ ønskjer å uttrykke seg munnleg, til dømes med terningkast. (Erfaring: Har fungert godt, gir både repetisjon og tilbakemelding til kurshaldarane.)



4) Quiz med spørsmål om innhald i kurset kan nyttast siste kursdag. (Erfaring: Har fungert godt og har gitt stort engasjement).


Evaluering av læringseffekt

Det er ønskjeleg å få kunnskap om deltakarane sin læringseffekt og nytteverdi av kurs, både i forhold til kunnskap og ferdigheiter. Meistrar deltakarane utfordringar i kvardagen betre?


Vurdering av læringseffekt - ulike metodar:

1.Gjennomføre kunnskapstest om tema ved oppstart og avslutning av kurs. Eit døme på dette kan vere Kropp-kunntest eller Sex-kunntest.
2.Intervju av deltakarane om kunnskapen deira før og etter kurs.
3.Tilbakemelding frå støttespelarar/ nærpersonar i ettertid.


Evaluering frå samarbeidspartar/ nærpersonar

Vi tilrår at samarbeidspartane set av tid etter kvar kursdag for å evaluere og tilpasse kursopplegget undervegs. Det er også nyttig med jevnlege tilbakemeldingar frå nærpersonar om korleis dei opplever prosessen og deltakarane sitt læringsutbytte.Målsettingar som nettverksbygging, styrking av sosiale ferdigheiter og sjølvbilete er viktige følgjer av kurs. Her er det nok også muleg å finne indikatorar som kan bli målt. Våre erfaringar med måling av nytteverdi innafor desse områda så langt, byggjer på tilbakemelding frå nærpersonar.
Vi tilrår at samarbeidspartane set av tid etter kvar kursdag for å evaluere og tilpasse kursopplegget undervegs. Det er også nyttig med jevnlege tilbakemeldingar frå nærpersonar om korleis dei opplever prosessen og deltakarane sitt læringsutbytte.

Målsettingar som nettverksbygging, styrking av sosiale ferdigheiter og sjølvbilete er viktige følgjer av kurs. Her er det nok også muleg å finne indikatorar som kan bli målt. Våre erfaringar med måling av nytteverdi innafor desse områda så langt, byggjer på tilbakemelding frå nærpersonar.


 
I denne fasen er det viktig at deltakarane opplever at dei er i gruppe der dei trivest og opplever seg verdsett. Tryggleik og tru på seg sjølv er grunnleggande for at deltakarane skal bli aktive og lære nye ting. 
 
Struktur

Det gir tryggleik for deltakarane at kursdagane blir gjennomført med en fast struktur, spesielt med lik oppstart og avslutning av dagen. Ein kursdag kan bestå av følgjande økter: Oppstart - arbeidsøkt 1 – lunsj -  arbeidsøkt 2 - avslutning.

Kurslokalet bør vere det same kvar gong, dette skaper tryggleik.

Kursleiarar og støttespelarar bør vere faste personar. Når gruppa er etablert kan det vere rom for nokre endringar eller besøk av ”gjester”. Det er heilt nødvendig at alle støttespelarar som deltar under kursa har tilstrekkeleg med informasjon om kurset før deltaking.

Gruppeklima

Det er viktig at ein arbeider med klima og tryggleik i gruppa. Ved etablering av grupper har vi positive erfaringar med forskjellige ”bli kjent-aktivitetar”. På same måte er det viktig å arbeide med avslutning, når kurset går mot slutten. Her kan avslutningsrituale vere nyttige, i form av ein tur eller fest. Det kan vere aktuelt å leggje til rette for at deltakarane kan ha vidare kontakt på andre måtar.

Det er viktig at kursleiarane er oppmerksame på at alle deltakarane er aktive og får mulegheit til å delta. Her har vi erfart at gruppereglar er eit godt verktøy. Deltakarane har laga gruppereglar saman ved oppstarten av kurs. Deltakarane har vore lojale mot desse, og vårt inntrykk er at gruppereglar bidrar til å skape tryggleik og gode rammer for deltakarane.

Vi har erfaring for at ein bør vere to kursleiarar som held denne type kurs. Kursleiarane kan veksle på å leie undervisninga og vere medhjelparar som observerer samhandlinga mellom kursdeltakarar og hjelper deltakarar som eventuelt fell ut av gruppa. På same måte kan det vere behov for at kursleiarane hjelper kursdeltakarar i pausar.


Fortløpande evaluering og justering/planlegging

Samarbeidspartane bør bruke erfaringane ein får undervegs til fortløpande evalueringar og justeringar i fellesskap. Det er viktig å kunne justere og gjere tilpassingar til progresjonen i gruppa og gi rom for at deltakarane kan komme med innspel til programmet undervegs. 

    
Repetisjon og bruk av ny kunnskap. 

Kursdeltakarane treng støtte og oppmuntring for at ny kunnskap og igangsatte endringar skal bli varige. Det er viktig at støttespelarane er aktive, interesserte og støttande i etterkant av kurs.

Vår erfaring er at ei ny samling for kursdeltakarar og støttespelarar ca. 2 månedar etter ei kursrekkje har bidratt til repetisjon og påminning om tema i kurset. Det har samstundes gitt høve til å måle læringseffekt. I tillegg har det sosiale ved å møtes igjen i gruppa hatt stor verdi. Ei oppfølgingssamling er også positivt for støttespelarane sitt engasjement.


Sist oppdatert 28.07.2022