Ambulante tenester

Ambulante tenester gir oppfølging i pasientane sine heimkommunar, ofte i nært samarbeid med hjelpeapparatet i kommunane og pårørande. Arbeidsforma vekslar mellom ambulant oppfølging i 22 kommunar i Hordaland og poliklinisk arbeid i lokala på Dr. Martens i Sandviken. 

tverrfaglig team i møterom

Teamet er tverrfagleg samansett og består av lege, psykolog, vernepleiar og ergoterapeut.

 Oppgåver:

  • Diagnostisering
  • Observasjon og kartlegging
  • Tilrådingar og rettleiing om tiltak
  • Kompetanseoverføring
  • Vurdering og rettleiing i samband med Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9 om bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemning.

Ambulante tenester følgjer opp etter tilvisning frå lege. Det er som oftast nært samarbeid med kommunale tenesteytarar rundt pasientane. I mange høve vert det laga ein samarbeidsavtale for ein avgrensa oppfølgingsperiode.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.