Tilvisingsskjema for Habiliteringsavdelinga (word)Tilvisingsskjemaet kan fyllast ut elektronisk, men det må sendast som signert papirutskrift per post til:
Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Habiliteringsavdelinga for vaksne
Postboks 1400
5021 Bergen
Elektronisk tilvising eller vanleg brev
Dersom ein i staden brukar elektronisk tilvising eller vanleg brev, må det opplysast om følgjande:
- Buform
- Arbeid /skule / dagtilbod
- Har pasienten ansvarsgruppe/individuell plan?
- Kjente diagnosar
- Opplysningar om relevante utgreiingar / spesialistvurderingar. Legg ved kopiar dersom du har desse tilgjengeleg.
- Aktuell problemstilling. Spesifiser kva du ønskjer at Habiliteringstenesta skal bidra med. Dersom tilvisinga gjeld diagnostisering av ein sjukdom eller ei liding, treng vi opplysningar om bakgrunnen for denne mistanken.
NB! Legg gjerne med utdjupande problemstillingar frå dei som har dagleg kontakt med pasienten. - Namn, adresse og tlf.nr. til tenesteytar som Habiliteringstenesta skal samarbeide med i forhold til denne tilvisinga.
- Kven som samtykker til tilvisinga – pasient/andre.
- Behov for tolk.
- Namn på fastlege, dersom denne ikkje er tilvisar.
Tilvisingar som gjeld bruk av tvang og makt
Dersom kommunen ber om tenester etter krava i Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, kan den overordna fagleg ansvarlege for vedtak i kommunen sende direkte tilvising til Habiliteringstenesta. I mange høve er det likevel formålstenleg at fastlegen er involvert, for å sikre at moglege helseproblem vert utgreia. Ved tilvisingar som gjeld Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, krev vi ikkje samtykke.
Svarbrev
Svarbrev på tilvising vert sendt til pasienten, tilvisande lege og ev. andre samarbeidspartar som det er opplyst om og gitt samtykke til i tilvisinga.
Frå Habiliteringsavdelinga mottar tilvising til den har blitt vurdert, kan det gå inntil 10 arbeidsdagar. På grunn av postgang kan det gå 3 – 4 veker før pasient og tilvisar mottar svarbrev.
Dersom pasienten får rett til helsehjelp, står det i brevet kva type helsehjelp som vil bli gitt, tid for første time og namn på ansvarleg fagperson. Dersom vi vurderer at pasienten ikkje er i vår målgruppe, vil tilvisinga bli avvist eller sendt vidare til annan avdeling i spesialisthelsetenesta. Ved avvising vil vi gi råd om rett instans i svarbrevet.
Prioriteringsrettleiar
Helsedirektoratet har utarbeidd prioriteringsrettleiaren: "Habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten" .