Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om AFR

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvar for å vurdera tilvisingar i Helse Bergens opptaksområde og tilbyr behandling til pasientar som har fått rett til helsehjelp til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Publisert 07.12.2023
Sist oppdatert 16.01.2024

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvar for å vurdera tilvisingar i Helse Bergens opptaksområde og tilbyr behandling til pasientar som har fått rett til helsehjelp til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Behandlinga består av poliklinisk behandling, avrusing, stabilisering og  lengrevarende døgnbehandling. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), tvinga, medikamentsfri behandling, familieambulatorium og ambulant verksemd kan inngå som ein del av behandlingstilbodet. Avdelinga samarbeider tett med førstelinjetenesta og anna helsepersonell.

AFR har også ein seksjon for Forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet - KORUS, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga. AFR sine seksjonar er spreidde på mange ulike lokasjonar i Bergen og omland, frå Klokkarvik i vest til Manger i nord og med poliklinikkar sentralt i Bergen sentrum.

Enheter