Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til besøkande på Brannskadeavdelinga

Mange av pasientane våre har eit nettverk av familie og vener som ynskjer å komme på besøk og/eller ynskjer informasjon om korleis pasienten har det.

Det er berre dei næraste pårørande som har rett på informasjon om pasienten, jamfør Lov om pasientrettigheter. Vi har erfart at det kan vere lurt om pasienten eller hans næraste blir einige om ein eller to personar som kan vere kontaktpersonar for familie og vener.

Dersom pasienten ikkje kan informere familie og vener om sin eigen situasjon, anbefaler vi at pårørande forsøker å informere i samsvar med kva dei trur er pasienten sitt ynskje.

I vurderinga bør ein ta med kven som skal bli informert, og kva ein skal informere om. Spør gjerne oss som jobbar her om råd og rettleiing. Mange av oss har lang erfaring med problemstillingar som dette.

Det er den medisinske helsetilstanden til pasienten som ligg til grunn for kor mange som kan besøke pasienten samtidig. Personalet på Brannskadeavdelinga vurderer dette saman med pasienten sjølv og/ eller eventuelt pasienten sine pårørande/kontaktperson. Nokre av pasientane våre kan få besøk utanfor avdelinga etter nærare avtale.

Til våre kritisk sjuke pasientar er det som regel berre dei næraste pårørande som får kome på besøk. Vi vil oppmode barn og søsken til å besøke pasienten. Då vil ein få tilbod om å førebu besøket saman med sjukepleiar eller eventuelt barnepsykolog saman med dei nærast pårørande.

(Les meir: Barn som pårørande for råd og tips) 

På dagtid er det stor aktivitet i avdelinga. Det er sårstell, legevisitt, fysioterapi og forskjellege prosedyrar som vert utført. Pasientane blir fort slitne av alle inntrykk og det som skjer med dei, så vi strever etter å gje dei kvile i periodar på dagtid.

Som pårørande er du ein ressurs for pasienten og for personalet. Du er hjartelig velkomen til å vere hos din næraste i visittida.

Brannskadeavdelinga si visittid er dagleg frå klokka 17:00 til 20:00. Den sjukepleiaren som har ansvaret for pasienten legg til rette for besøket.

Ynskjer ein å besøke pasienten utanom visittida, må ein kontakte personalet.

Foreldre (eller fosterforeldre) til barn under 18 år har rett til å vere hos barnet så mykje dei ynskjer. Andre pårørande kan besøke barnet etter avtale med avdelinga.

God hygiene reduserer faren for infeksjonar. Difor krev vi at besøkjande fylgjer avdelinga sine reglar for handhygiene og omkleding.

Det er ei sluse ved inngangen til avdelinga (yttersluse) og ei sluse til kvart pasientrom. Alle som kjem på besøk skal bruke slusene etter fylgjande prosedyre:

Når du kjem inn:

  • Heng ytterklede i slusa ved inngangen til avdelinga
  • Reingjer henda
  • Gå til slusa utanfor pasientrommet og heng frå deg handvesker/verdisaker og liknande på ein av knaggane på veggen
  • Reingjer hendene på nytt
  • Ta på gul frakk og hanskar

Når du går ut:

  • Ta av frakk og hanskar inne på pasienten sitt rom og reingjer hendene
  • Gå ut i slusa og reingjer hendene på nytt
  • Gå ut i avdelinga
  • Reingjer hendene i ytterslusa før du går frå avdelinga

Fordi vi veit at pasientane våre er særleg utsatt for infeksjonar har vi nokre reglar for kva ein kan ta med seg når ein kjem på besøk til brannskadeavdelinga:

Aviser, blad og liknande, kan ein ta med inn til pasienten, men må då bli verande der og ein kan ikkje ta det ut igjen frå rommet til avdelinga

Blomar er ikkje lov å ha med seg inn i avdelinga på grunn av fare for infeksjon og allergi.

Handvesker tar ein med og heng på veggen i slusa utanfor pasienten sitt rom. Ver merksam på at personalet ikkje kan ta ansvar for verdisaker til pårørande/besøkjande.


Avdelinga har eit eige opphaldsrom for pårørande og pasientar som vi kallar for Frikvarteret. Her er også eit lite kjøken med kjøleskap som alle kan bruke. Her kan ein og kjøpe kaffi for kr 10,-

Berre spør oss som jobbar her om det er noko du lurer på!

Her kan du lese meir om dei vanlege behandlingane ved avdelinga.

Behandling av brannskadar

Sist oppdatert 22.05.2017