Når ein kjem til sjukehuset med ein brannskade, blir ein straks møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstruande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at han må opererast, eller om den har høve til å gro av seg sjølv. Vidare er det viktig å berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei første timane. Behovet for væsketilførsel kan vere svært stort, og for å unngå at pasienten går i sjokk (livstruande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er derfor viktig at ein kan få undersøkt heile hudoverflata til pasienten, og ein ønsker derfor å vere i eit godt oppvarma rom, for å unngå at pasienten blir nedkjølt.
Ved store skadar blir ein gjerne overflytta til sjukehus med tilgang til plastikkirurgisk og brannskadefagleg spesialkompetanse. Dei mest omfattande skadane blir overflytta til brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Utgreiing og vurdering av skadane blir vanlegvis utført i løpet av eit par timar, men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane eitt til to døgn etter første undersøking.