Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsehuset, Blombakkane, Straume

BUP Øyane held til i Helsehuset på Straume. BUP Øyane har opptaksområde Askøy og Øygarden kommune. Helsehuset ligg landleg til på Straume, med utsikt mot Øygarden.

Kontakt

Sentralbord:

56313000

Slik finn du fram

Adresse

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.