Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til pasientar ved Brannskadeavdelinga

Brannskadepasientane vi behandlar varierer frå den alvorleg kritisk sjuke intensivpasienten til den vakne snart utskrivingsklare pasienten som klarer å ete og drikke sjølv. Felles for dei er at dei gjennom opphaldet treng gjentekne sårstell og kirurgi.

Huda er eit viktig og stort organ på kroppen. Ein alvorleg brannskade kan  påverke kroppens evne til å oppretthalde sentrale organfunksjonar som pustefunksjon og blodsirkulasjon. Den intensive brannskadepasienten treng difor ofte hjelp til å puste på ein pustemaskin, og hjelp til å oppretthalde sentrale organsfunksjonar som dømes pustefunksjon eller blodsirkulasjon.

Avdelinga har spesialutdanna personale, og det er mykje medisin teknisk utstyr. Det vil alltid vere ein intensivsjukepleiar inne hos pasienten.

Mat blir servert frå kl 08.00 og utover dagen, alt etter timeplanen til pasienten og matlyst. Måltidene blir servert anten på pasienten sitt rom eller han kan gå ut i felles kantine. Av hygieniske hensyn er kjøkkenet i avdelinga kun for personale.

Ved kvart vaktskifte samlar sjukepleiarane seg for å få rapport om korleis pasienten har det og kva behandling han får.

Vi set pris på ro under rapporten, og ber pårørande om å henvende seg utanom desse tidene, så sant det ikkje er noko som hastar. Det vil alltid vere minst ein person tilgjengeleg ute i avdelinga.

Sjukepleierapporten blir halden tre gongar i døgeret, og startar klokka: 07.00, 14:30 og 22:00. Den varer i om lag 30 minutt.

Kvar dag i vekedagane samlast teamet kl 0830 for å drøfte og planlegge behandlinga til den enkelte pasient.

Vanleg besøkstid er kvar dag frå klokka 17:00 til 20:00

Les meir: Informasjon til besøkande ved Brannskadeavdelinga

Under opphaldet vert ulike typar data samla. Dette er dels fysiologiske data (som blodtrykk, puls, temperatur, etc), prosedyrar vi nyttar, diagnosar som er stilte og data som liggjetid på respirator og liggjetid i avdelinga.

Dette er ein del av pasienten sin journal, som vi fyrst og fremst treng for å styre og overvake den medisinske behandlinga. Dei trengs og til å kunne dokumentere kva som vart gjort og om det skulle vere noko i etterkant, kan ein gå tilbake å sjå kva ein faktisk gjorde. Dette er vi pliktige til å gjere på vegne av sjukehuset.

Vidare ynskjer vi og i nokre tilfelle å gå tilbake i dokumentasjonen for å sjå om det er noko vi kan gjere betre for andre brannskadepasientar i framtida. Det vert då kalla kvalitetsforbetringsarbeid. Til slikt kvalitetsforbetringarbeid vert det difor samla noko informasjon knytt til alle opphald ved avdelinga i eit «Lokalt kvalitetstregister for brannskadde innlagt ved Brannskadeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus». Det som vert registrert der er mellom anna alder, kjønn, liggetid, heimfylke, storleik på brannskade, tal på operasjonar, og komplikasjonar. Om ein hentar data frå dette registret vert dette gjort utan at data er knytt til den einskilde pasienten sin identitet..
Også tidlegare innlagte pasientar kan be om å få vite kva som er registrert i Kvalitetstregistret knytt til deira eige opphald. Pasientar har og rett til å få retta feil, og også å be om å få sletta innhald.

Brannskadeavdelinga driv og med forsking for å gjere brannskadebehandlinga betre. Startar vi slike prosjekt må vi fyrst søkje etisk forskingskomite (REK-vest) om vurdering eller godkjenning. REK-vest godkjende i desember 2020 forskingsprosjektet «Pasienter behandlet ved Haukeland universitetssjukehus, i perioden 1984-2021: endringer i aktivitet, resultat og skadeårsaker.

Vi dokumenterer brannsår ved blant anna å ta bilde av dei. Desse blir lagt i pasienten sin journal, og er ein viktig del av vurderinga og behandlinga av det skada området. Bilda viser utvikling frå innlegging, gjennom sjukehusopphaldet og på polikliniske kontrollar.

Nye pasientar blir tekne imot på behandlingsrommet som me kallar for badet. Her får dei liggje i ei dusjvogn. Vi fjernar bandasjer og såra blir vaska med såpe og vatn. Laus hud blir fjerna og kirurgen tar stilling til kor djup skaden er og kor stort omfang den har.  Denne sårbehandlinga er ofte smertefull og pasienten treng vanlegvis narkose for å tåle smertene.

Alle brannskadepasientar med store sårflater ligg fortrinnsvis på einerom. Dei er isolerte på kontaktsmitte. Dette for at vi som personale ikkje vil påføre pasienten infeksjon, og heller ikkje ta med smitte til andre pasientar på andre rom. Derfor har vi på oss hanskar og frakke ved prosedyrar hos pasienten. Handhygiene er viktig.

Stell og reingjering er viktig for å redusere faren for infeksjonar. Sårstell på pasientar på brannskadeavdelinga kan ta lang tid og det er ofte nødvendig med narkose eller anna smertelindring. 

Dei fleste brannskadepasientar oppleve smerte i varierande grad. Vi har spesialutdanna personale til å dosere og administrere smertestillande. Smertestillande blir gjeve regelmessig etter individuell tilpassing. Ved prosedyrar som sårstell gjev vi narkose i avdelinga der det er behov for det. 

Heving er ei oppsamling av kroppsvæsker i ein kroppsdel. Heving er ein naturleg del av kroppen sin reaksjon på ein brannskade. Då vil væske lekke ut av blodbanen og til vevet der brannskaden er. Denne hevinga som vi kallar for ødem viser seg gjerne i ansiktet, armane og beina. Det er på sitt meste dei første dagane og minkar deretter gradvis tilbake til normalen. Pasienten kan sjå annleis ut desse dagane. Det er viktig å gje tilbake denne væska som forsvinn frå blodbanen desse første døgna etter skaden. Difor får pasienten eit kateter til blodbanen der vi kan erstatte denne væske som er tapt. Vi fylgjer med på kor mykje væske vi skal gje ut ifrå å måle kor mykje urin som pasienten produserer.

Nokre pasientar kan ha problem med å puste på grunn av at dei har pusta inn røyk, eller er skada i hals og nakkeområdet. Desse vil få ein tube (plastrøyr) gjennom munnen og ned til lungene og bli kopla på ein pustemaskin som heiter respirator. For at pasienten ikkje skal ha ubehag gjev vi oftast noko sovemedisin, eller noko roande medisin ilag med noko smertelindrande.

Næringsrik mat er svært viktig for å få såra til å gro, og for å redusere muskelsvinn under sjukeleiet. Vi tel kor mange kaloriar og gram protein pasienten får i seg pr. dag. Proteiner er kroppen sine byggjesteinar, og ut ifrå kor stor skaden er og kva vekt pasienten har reknar vi ut kor mange protein og kilokaloriar den enkelte pasient treng kvart døgn. Vi har spesiallaga næringsdrikker ein kan drikke, og vi gjev ein næringstett kost.

Klarer ein ikkje å få i seg nok mat ved å ete, får pasienten ein sonde via nase til mage. Her kan vi administrere flytande spesialkost. Så snart pasienten klarar å få i seg nok ernæring på eiga hand, fjernar vi denne sonden. Vi oppmodar pasientar med dårleg matlyst å unngå å ete for mykje av «tomme kaloriar» som brus, sjokolade eller snop. 

Her kan du lese meir om dei vanlege behandlingane ved avdelinga.

Behandling av brannskadar

Sist oppdatert 29.08.2023