Videokonsultasjon via helsenorge.no ved Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Det er no mogleg å møte behandlaren din via videokonsultasjon i staden for fysisk oppmøte.

Innleiing

For at videokonsultasjonen skal bli bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å lese denne informasjonen nøye.

Sikre at du har tilgang til digitale tenester på helsenorge

Du styrer sjølv tilgang til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at ein videokonsultasjon er sett opp for deg, må du ha samtykt til «full tilgang».

Sjekk følgjande viss du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine
  3. Trykk på «Bruk av helsetenester og ordningar». Om «Bruk av Helsenorge» viser «Du har full tilgang», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre innstillingar», og så «Endre» igjen og sett den til «Full».

Med «full tilgang» på helsenorge, vil du få varsel om innkallingar og du vil finne innkallingar i «Meldingar» og «Timeavtale». Innkallingar vil alltid ligge i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har fullt samtykke.


Tilvising og vurdering

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtala med behandlar.

Dette treng du

  • Smarttelefon, nettbrett eller PC. Om PC skal nyttast må den ha integrert kamera, mikrofon og høgtalar (kan vere innebygd i eininga). Hovudtelefonar kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
  • Tilgang til stabilt internett. Om du bruker PC, ikkje bruk Internet Explorer. Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
  • Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør òg ha god lyssetting slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

Før videokonsultasjonen

  • Dersom du ikkje kan møte til timen din eller tilstanden din har blitt forverra, er det viktig at du gjev beskjed til sjukehuset. Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Dersom det er mindre enn to verkedagar igjen til timen din må du kontakte sjukehuset direkte på telefon man.-fred. klokka 0800-1530. Dersom helsetilstanden forverrar seg vesentleg, må du kontakte fastlegen eller den som har tilvist deg til time på sjukehuset. Fastlegen kan også gje deg råd og oppfølging i ventetida.
  • Planlegg samtala i høveleg tid slik at samtala i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrot eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar ved å opne https://join.nhn.no  og taste inn 998112. Dette er eit testrom kor du kan verte kjent med korleis det verker i god tid før samtala.
  • Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.
  • Opne innkallingsbrevet med møteromslenka omlag fem minuttar før, slik at du er klar til å trykke på lenka rett før konsultasjonen startar.
  • Les gjennom punktet «Handtering av eventuelle problem» lengre nede på sida på førehand, slik at du er førebudd dersom oppkoplinga ikkje fungerer.

Oppkopling til videokonsultasjonen

Har du motteke ei innkalling til ein time på sjukehuset som skal gjennomførast på video gjer du følgjande:

  • Ta fram mobiltelefon eller nettbrett eller PC, og syt for at einingaer lada og kopla til eit trådlaust nett
  • Opne nettleser (Ikkje Internet Explorer)
  • Logg inn på helsenorge.no
  • Gå inn på MELDINGAR, og finn innkallingsbrev

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Opne dokumentet Innkallingsbrev og start videokonsultasjon ved å trykkje på lenka som ligg i brevet rett før du har ei timeavtale for å kople opp. Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer må du opne https://join.nhn.no . Klikk på det grøne symbolet for «video» og tast inn romnummeret som du har fått oppgitt. Tast så inn pinkode om du har fått oppgitt dette, eller klikk på «delta». Dersom du ikkje har motteke romnummer og pinkode, ta direkte kontakt på telefon med avdelinga som har kalt deg inn. Telefonnummer finn du i innkallingsbrevet.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Du må no gi videoløysinga tilgang til mikrofon og kamera. Tillat tilgang til Mikrofon og kamera

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Tillat tilgang i nettleser, trykk OK

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Skriv inn namnet ditt, trykk OK

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

Deltaking i møte

  • Vent til sjukehuset koplar opp

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Då er alt klart. Juster volum om behandlar ikkje høyrer deg.

  • Snu telefonen eller nettbrettet for å få større bilete.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.



Under

Under møtet er det visse køyrereglar som du må rette deg etter. Det er viktig at du gjer deg kjent med desse før møtet, slik at konsultasjonen kan gå så knirkefritt som mogleg. Oppstår det problem undervegs i konsultasjonen finn du òg svar på korleis du kan løyse desse her.

'Køyrereglar' for videokonsultasjonen

  1. Alle involverte partar må presentere seg. Dersom du har med ein venn/pårørande er det viktig at vedkomande vert presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller i bygninga kor du er.
  2. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtala (verken lyd eller bilete). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment
Hugs at behandlarane ikkje ser 'heile deg', og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette

Handtering av eventuelle problem

Tabellen under hjelper deg med å løyse eventuelle problem som skulle oppstå.

PROBLEMLØYSING
Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om ei videosamtale er riktig.Ta kontakt med sekretariatet så snart som mogleg. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Behandlar er forseinkaForseinkingar kan oppstå på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med sekretariatet og gje beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Du er forseinkaTa kontakt med sekretariatet og gje beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Du kan risikere at konsultasjonen vert utsett.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fredRing sekretariatet. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Dersom du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, så må behandlar vurdere om det er godt nok eller om du må få ein ny time.
Du klarar ikkje å kople deg på møtet
  • Har du tilgang til internett? Forsøk ei kjent side
  • Dersom du brukar PC, forsikre deg om at den nyleg er restarta og at du ikkje brukar Internet Explorer Safari. Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
  • Kople deg opp ved å gå inn på https://join.nhn.no , klikk på det grønne videosymbolet og tast inn romnummeret som du finn i innkallingsbrevet. Tast inn pin-kode dersom dette er oppgitt, elles trykker du på «delta»
  • Dersom du har kopiert lenka frå innkallingsbrevet til ein nettlesar, sjå etter at det ikkje har kome inn eit ekstra teikn eller mellomrom.
  • Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at legen/sjukepleiaren ring deg på telefonen.
Biletet forsvinn, men lyden verkar
  • Har du eiga webkamera tilkopla PC? Sjå om det finst nokre val i systemet, samt at du har valt riktig kamera.
  • Forsøk å plugge frå og til kamera.
  • Sørg for å ikkje ha fleire program som brukar kamera oppe på ein gong. Då kan kamera verte låst eit av programma, medan du ønskjer å bruke det i videosystemet til konsultasjonen.
  • Gå inn på https://join.nhn.no , klikk på de tre prikkene til høyre (innstillingar) og velg riktig enhet. 
  • Slå av og på PC.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de vert einige om kva de skal gjere.
Lyden forsvinn, men biletet verkar
  • Har du slått på lyden din? Ein PC har fleire lydinnstillingar, forsøk nede i høgre hjørne å sjå at lyden er på.
  • Gå inn på https://join.nhn.no , klikk på de tre prikkene til høyre (innstillingar) og velg riktig enhet.
  • Bruker du eksternt headsett eller høgtalar/mikrofon, sørg for at desse er slått på, og sjå om dei har noko mute-knapp.
  • Test med ei kjent lydkjelde. Til dømes musikk eller YouTube.
  • Kople frå eininga og kople til igjen.
  • Slå av og på PC.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Forseinking på lyd eller bileteIkkje bruk videolenke via VPN. Sjekk nettdekning. Lukk ned program og anna som kan belaste nettkapasieten.

Kjem ikkje inn på lenkja. Får beskjed om at siden ikkje kan laste.Sjå informasjon om alternativ oppkopling i innkallingsbrevet – oppkopling via https://join.nhn.no
Heile samtalen bryt undervegs
  • Har det skjedd noko med oppsettet ditt? Kabel som har losna? Mista internett? Sit du eventuelt i eit rom med dårlig nettilgang?
  • Forsøk å gå inn i møtet på same måte som sist.
  • Slå av og på PC, og prøv på nytt.
  • Ring avdelinga og forklar situasjonen.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.

Har du oppkoblingsproblem? Her er nokre tips.

Bildet forsvinner, men lyden virker:

  • Dersom mulig koble til med kablet nettverksforbindelse
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene

Lyden forsvinner, men bildet virker:

  • Påse at mikrofonen ikke er dempet inne i selve møtet
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Dersom du benytter deg av ekstern mikrofon eller hodetelefoner kan du prøve å koble det til i en annen port på maskinen.

Hele samtalen bryter underveis:

  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du klarer ikke koble deg på møtet:

  • Dersom møteinnkallingen ikke inneholder en PIN-kode kan du bare trykke på «Delta» for å komme inn i møtet.
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du ser deg selv, men ser ikke behandler:

  • Påse at du er koblet opp på ditt eget nettverk og ikke mot jobb-nettverket.
  • Forsøk en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Ta en omstart av enheten
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Etter

Dine rettar og betaling

Sjølv om møtet med legen skjer på ein annan plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for teieplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonelloven og Pasientrettigheitsloven sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtala og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtala. Relevante og naudsynte helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtala skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om di helse kan som hovudregel verte gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er naudsynt for å gje deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).

Valt videokonsultasjonsløysing har ei kryptert linje, og samtala (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, korkje på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å bruke videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andelet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå nokon instansar i helsevesenet.

Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Er det mindre enn to verkedagar att til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokka 0800 til 1530.

Dokumentasjon og betaling

Videokonsultasjonen vert dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigenandelen er den same som ved annan poliklinikk.

Krav om eigenandel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og born under 16 år betalar ikkje eigenandel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Kreftbehandling og medisinsk fysikk
Telefon
55 97 20 10
måndag - fredag 07.30-15.30
Etter kl. 15.30 kjem du til Kreft post 1 / post 2. Når du ringjer til oss vil du få fleire val for å komme til riktig person.
Parkbygget
Besøksadresse
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen(Kart)

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover. Vi tar imot bestillingar for pasientar med behov der det ikkje er mistanke om smitte.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Atriet - opphaldsrom

Ved inngangen til Parkbygget finn du Atriet som er ope for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
Her finst aviser, blad, tv, trådlaust nettverk og ein lekekrok for dei minste.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, til å nytte Atriet. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, så vi oppfordrar også pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet.
For dei som skal ha behandling, er det eit eiga venterom i behandlingseinheita.
Bevertning
I Atriet er det også bevertning; pasientar som ventar på legetime eller blodprøvesvar, kan få kaffi, te, saft og skiver med variert pålegg.
Odd Fellow Sam Prosjektet står for serveringa.

Barn som pårørande

​Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

Les mer om barn som pårørande

Koronavirus: Adgangskontroll på sjukehuset

Det er innført adgangskontroll på haukelandområdet for å ivareta smittevern for pasientane. Under smittesituasjonen med koronaviruset må vi avgrense talet på besøkande til sjukehuset. Berre pasientar som treng følgje kan ha pårørande med inn på sjukehuset.
Dette kun etter avtale med avdelinga.

Barn/unge og fødande kan ha med seg éin pårørande.

Les mer om adgangskontroll på sjukehuset

Legat

Apotekar Gustav Holst og hustru Albertha Holst legat.
Vedtekter, §1.

"Legatet si disponible avkasting skal tildelast ubemidla kreftsjuke, som bur i Bergen og Hordaland, i ein porsjon som legatstyret finn formålstenleg og passande. Formålet med tildelingane er å gi støtte til personar som er blitt økonomisk vanskelegstilte som følgje av kreftsjukdom. 

For pasientar som etter endt behandling truleg er kurert for kreftsjukdommen sin, fell retten til å søkje om støtte bort."

Legatet har eit styre på tre medlemmar og eitt varamedlem som set i verk utdeling frå legatet. Denne verksemda blir driven frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.Utdeling blir gjort ein gong i året.

Søknadsfristen blir kunngjort på denne sida og i Bergens Tidende i juni og via Sosionomtenesten. Siste søknadsfrist var 1.september 2014.

Det vert ikkje utlyst midlar i 2019 pga låge renteavkastningar.

Kontaktpersoner ved Sosionomavdelinga:
Synneve Myklebust, telefon 55 97 38 08

Pasientbil

​Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne både bil og syklar.

​Ønskjer du å låne ein bil?

Planlagt innlegging - Heildøgn

​​Kreftavdelinga har to sengepostar: 
Post 1 og Post 2 syd/vest 

Innleggingssbrev

​Alle pasientar får innkalling per brev. I nokon tilfelle blir du i tillegg oppringt frå innleggingskontoret ved Kreftavdelinga.

Brevet inneheld opplysningar om:
• Dag og tid for oppmøte på aktuell sengepost. 
• Info om kva du må ta med deg 

- Toalettsaker 
- Diverse dusjartiklar 
- Tøflar 
- Undertøy m.m. 
- Privat tøy
 
• Medisinar: Ved førstegangs innlegging: Husk å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker. 
 
• Du bør ikkje ta med deg for mykje pengar, smykke eller liknande. Avdelinga har ikkje høve til å ta ansvar for verdisaker. 
 
• Kontaktperson med telefonnummer. ​
 
• Skjema for utfylling av ein del opplysningar som sjukehuset treng og som du tar med ferdig utfylt på innleggingsdagen. 
 
• Vegkart til Haukeland Sjukehus og kart over sjukehusområdet.
 

Innleggingsdagen

Tid og stad står i brevet.
Den første dagen går med til blodprøvetaking, mottak i avdelinga, informasjon og samtale med lege og sjukepleiar. Du må rekne med litt venting mellom dei ulike gjeremåla denne dagen. Etter dagens program kan det for nokon vere aktuelt å reise heim på permisjon til neste dag. Dette gjelder ofte dei som skal til cellegiftsbehandling.

Legen: Vil undersøke deg og legge inn opplysningar i journalen din.
Du vil få informasjon om vidare prøver/ undersøkingar og behandling.

Sjukepleiaren: Vil sørgje for at du blir vist til rette i avdelinga. Du vil også få ein innkomstsamtale med sjukepleiar og få ein del skriftleg informasjon om avdelinga og rutinane der.

Poliklinisk kontakt

Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallingsbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 

  • Dag og tid for oppmøte.

  • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.

  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.

  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.

  • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.

  • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

 

Praktisk informasjon

Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.

Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting. 
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering. 
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.

Pusterommet

​​​Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Les meir om Pusterommet

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Sjølvbetent innsjekk og betaling

​Frå 27. mai 2020 har kreftavdelingar i Parkbygget ny løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar.
Du registrerer at du er komen til sjukehuset anten via tekstmeldinga du får frå oss, eller på ein av sjølvbeteningsautomatane våre. Om du ønskjer hjelp, kan du framleis melde deg i resepsjonen der du har time.
Om du skal betale, vil du etter timen få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura (gebyrfritt).


Du kan også betale med kort på sjølvbeteningsautomaten eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling.

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trivselskoordinator

​​Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ein eigen trivselskoordinator. Trivselskoordinatoren har som oppgåve å gjere det triveleg for pasientar og pårørande, det vere seg i forhold til program eller omgivnad.

​​​​​​​​​​​​​​Trivselskoordinatoren
Lilly Vinje er tilsett som trivselskoordinator. Ho er leiar for Styringsgruppa for pasienttrivsel og driv i tillegg Ungdomsrommet.

Kontaktdetaljar
Lilly Vinje
trivselskoordinator@helse-bergen.no

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Ungdomsrommet

Utreise

​Du vil få:

  • Samtale med lege. 
  • Nødvendige papir som transportrekvisisjon, reseptar, sjukemelding osb. Utskrivingsskjema som gir deg informasjon om eventuelle medisinar, oppfølging heime og vidare avtaler med avdelinga. Dette skjemaet bør du ta med ved besøk hos fastlegen. 
  • Bruk anledninga til å spørje om ting du lurer på.

Du kan gjerne ha med deg pårørande ved utskrivingssamtalen.

Vardesenteret

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget framfor Sentralblokka i sjukehusparken.

Les meir om Vardesenteret

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta imot besøk også utanom visittida. Viss pasienten deler rom med nokon, er det av omsyn til den/dei andre fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtaler besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og liknande er det ønskeleg at dette vert begrensa. Det kan jo vere vel så kjekt å få ein blom etter at ein har komme heim.
Fann du det du leita etter?