Videokonsultasjon via helsenorge.no ved BUP Voss

Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Det er no mogleg å møte behandlaren din via videokonsultasjon i staden for fysisk oppmøte.

Innleiing

For at videokonsultasjonen skal bli bra må du ta visse omsyn, så vi ber deg som pasient om å lese denne informasjonen nøye.

Sikre at du har tilgang til digitale tenester på helsenorge

Du styrer sjølv tilgang til digitale tenester på helsenorge.no. For at du skal få varsel om at ein videokonsultasjon er sett opp for deg, må du ha samtykt til «full tilgang».

Sjekk følgjande viss du er usikker på om du har «full tilgang»:

  1. Logg inn på helsenorge.no
  2. Trykk på namnet ditt oppe til høgre slik at du får opp profilinnstillingane dine
  3. Trykk på «Bruk av helsetenester og ordningar». Om «Bruk av Helsenorge» viser «Du har full tilgang», er du allereie i mål. Viser denne noko anna, må du trykke «Endre innstillingar», og så «Endre» igjen og sett den til «Full».

Med «full tilgang» på helsenorge, vil du få varsel om innkallingar og du vil finne innkallingar i «Meldingar» og «Timeavtale». Innkallingar vil alltid ligge i din «Pasientjournal», sjølv når du ikkje har fullt samtykke.


Tilvising og vurdering

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtala med behandlar.

Dette treng du

  • Smarttelefon, nettbrett eller PC. Om PC skal nyttast må den ha integrert kamera, mikrofon og høgtalar (kan vere innebygd i eininga). Hovudtelefonar kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
  • Tilgang til stabilt internett. Om du bruker PC, ikkje bruk Internet Explorer. Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
  • Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør òg ha god lyssetting slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

Før videokonsultasjonen

  • Dersom du ikkje kan møte til timen din eller tilstanden din har blitt forverra, er det viktig at du gjev beskjed til sjukehuset. Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Dersom det er mindre enn to verkedagar igjen til timen din må du kontakte sjukehuset direkte på telefon man.-fred. klokka 0800-1530. Dersom helsetilstanden forverrar seg vesentleg, må du kontakte fastlegen eller den som har tilvist deg til time på sjukehuset. Fastlegen kan også gje deg råd og oppfølging i ventetida.
  • Planlegg samtala i høveleg tid slik at samtala i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrot eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar ved å opne https://join.nhn.no  og taste inn 998112. Dette er eit testrom kor du kan verte kjent med korleis det verker i god tid før samtala.
  • Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.
  • Opne innkallingsbrevet med møteromslenka omlag fem minuttar før, slik at du er klar til å trykke på lenka rett før konsultasjonen startar.
  • Les gjennom punktet «Handtering av eventuelle problem» lengre nede på sida på førehand, slik at du er førebudd dersom oppkoplinga ikkje fungerer.

Oppkopling til videokonsultasjonen

Har du motteke ei innkalling til ein time på sjukehuset som skal gjennomførast på video gjer du følgjande:

  • Ta fram mobiltelefon eller nettbrett eller PC, og syt for at einingaer lada og kopla til eit trådlaust nett
  • Opne nettleser (Ikkje Internet Explorer)
  • Logg inn på helsenorge.no
  • Gå inn på MELDINGAR, og finn innkallingsbrev

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Opne dokumentet Innkallingsbrev og start videokonsultasjon ved å trykkje på lenka som ligg i brevet rett før du har ei timeavtale for å kople opp. Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer må du opne https://join.nhn.no . Klikk på det grøne symbolet for «video» og tast inn romnummeret som du har fått oppgitt. Tast så inn pinkode om du har fått oppgitt dette, eller klikk på «delta». Dersom du ikkje har motteke romnummer og pinkode, ta direkte kontakt på telefon med avdelinga som har kalt deg inn. Telefonnummer finn du i innkallingsbrevet.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Du må no gi videoløysinga tilgang til mikrofon og kamera. Tillat tilgang til Mikrofon og kamera

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Tillat tilgang i nettleser, trykk OK

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Skriv inn namnet ditt, trykk OK

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

Deltaking i møte

  • Vent til sjukehuset koplar opp

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.

  • Då er alt klart. Juster volum om behandlar ikkje høyrer deg.

  • Snu telefonen eller nettbrettet for å få større bilete.

Skjermdump fra join-løsningen på helsenorge.no. Bilde.



Under

Under møtet er det visse køyrereglar som du må rette deg etter. Det er viktig at du gjer deg kjent med desse før møtet, slik at konsultasjonen kan gå så knirkefritt som mogleg. Oppstår det problem undervegs i konsultasjonen finn du òg svar på korleis du kan løyse desse her.

'Køyrereglar' for videokonsultasjonen

  1. Alle involverte partar må presentere seg. Dersom du har med ein venn/pårørande er det viktig at vedkomande vert presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller i bygninga kor du er.
  2. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtala (verken lyd eller bilete). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment
Hugs at behandlarane ikkje ser 'heile deg', og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette

Handtering av eventuelle problem

Tabellen under hjelper deg med å løyse eventuelle problem som skulle oppstå.

PROBLEMLØYSING
Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om ei videosamtale er riktig.Ta kontakt med sekretariatet så snart som mogleg. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Behandlar er forseinkaForseinkingar kan oppstå på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med sekretariatet og gje beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga.
Du er forseinkaTa kontakt med sekretariatet og gje beskjed. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Du kan risikere at konsultasjonen vert utsett.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fredRing sekretariatet. Sjå kontaktinformasjon i innkallinga. Dersom du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, så må behandlar vurdere om det er godt nok eller om du må få ein ny time.
Du klarar ikkje å kople deg på møtet
  • Har du tilgang til internett? Forsøk ei kjent side
  • Dersom du brukar PC, forsikre deg om at den nyleg er restarta og at du ikkje brukar Internet Explorer Safari. Eventuelt kan du avslutte ved å klikke på det raude symbolet og opne timen via mobil eller nettbrett.
  • Kople deg opp ved å gå inn på https://join.nhn.no , klikk på det grønne videosymbolet og tast inn romnummeret som du finn i innkallingsbrevet. Tast inn pin-kode dersom dette er oppgitt, elles trykker du på «delta»
  • Dersom du har kopiert lenka frå innkallingsbrevet til ein nettlesar, sjå etter at det ikkje har kome inn eit ekstra teikn eller mellomrom.
  • Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at legen/sjukepleiaren ring deg på telefonen.
Biletet forsvinn, men lyden verkar
  • Har du eiga webkamera tilkopla PC? Sjå om det finst nokre val i systemet, samt at du har valt riktig kamera.
  • Forsøk å plugge frå og til kamera.
  • Sørg for å ikkje ha fleire program som brukar kamera oppe på ein gong. Då kan kamera verte låst eit av programma, medan du ønskjer å bruke det i videosystemet til konsultasjonen.
  • Gå inn på https://join.nhn.no , klikk på de tre prikkene til høyre (innstillingar) og velg riktig enhet. 
  • Slå av og på PC.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de vert einige om kva de skal gjere.
Lyden forsvinn, men biletet verkar
  • Har du slått på lyden din? Ein PC har fleire lydinnstillingar, forsøk nede i høgre hjørne å sjå at lyden er på.
  • Gå inn på https://join.nhn.no , klikk på de tre prikkene til høyre (innstillingar) og velg riktig enhet.
  • Bruker du eksternt headsett eller høgtalar/mikrofon, sørg for at desse er slått på, og sjå om dei har noko mute-knapp.
  • Test med ei kjent lydkjelde. Til dømes musikk eller YouTube.
  • Kople frå eininga og kople til igjen.
  • Slå av og på PC.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Forseinking på lyd eller bileteIkkje bruk videolenke via VPN. Sjekk nettdekning. Lukk ned program og anna som kan belaste nettkapasieten.

Kjem ikkje inn på lenkja. Får beskjed om at siden ikkje kan laste.Sjå informasjon om alternativ oppkopling i innkallingsbrevet – oppkopling via https://join.nhn.no
Heile samtalen bryt undervegs
  • Har det skjedd noko med oppsettet ditt? Kabel som har losna? Mista internett? Sit du eventuelt i eit rom med dårlig nettilgang?
  • Forsøk å gå inn i møtet på same måte som sist.
  • Slå av og på PC, og prøv på nytt.
  • Ring avdelinga og forklar situasjonen.
  • Dersom problemet held fram kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.

Har du oppkoblingsproblem? Her er nokre tips.

Bildet forsvinner, men lyden virker:

  • Dersom mulig koble til med kablet nettverksforbindelse
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene

Lyden forsvinner, men bildet virker:

  • Påse at mikrofonen ikke er dempet inne i selve møtet
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Dersom du benytter deg av ekstern mikrofon eller hodetelefoner kan du prøve å koble det til i en annen port på maskinen.

Hele samtalen bryter underveis:

  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du klarer ikke koble deg på møtet:

  • Dersom møteinnkallingen ikke inneholder en PIN-kode kan du bare trykke på «Delta» for å komme inn i møtet.
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du ser deg selv, men ser ikke behandler:

  • Påse at du er koblet opp på ditt eget nettverk og ikke mot jobb-nettverket.
  • Forsøk en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Ta en omstart av enheten
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Etter

Dine rettar og betaling

Sjølv om møtet med legen skjer på ein annan plass enn på sjukehuset, er det framleis dei same reglane for teieplikt og personvern som gjeld. Under kan du gjere deg kjent med kva reglar som gjeld og få meir informasjon om betaling.

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonelloven og Pasientrettigheitsloven sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtala og behandlinga av informasjon som kjem fram under samtala. Relevante og naudsynte helseopplysingar skal førast i journalen på lik linje som om samtala skulle skje andlet til andlet eller per telefon. Opplysingar om di helse kan som hovudregel verte gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er naudsynt for å gje deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du motset deg dette).

Valt videokonsultasjonsløysing har ei kryptert linje, og samtala (inkludert lyd og bilete) vert ikkje lagra, korkje på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å bruke videokonsultasjon, og du treng ikkje oppgje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjon andelet til andlet. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for ditt vidare behandlingstilbod frå nokon instansar i helsevesenet.

Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding. Er det mindre enn to verkedagar att til timen din, må du kontakte oss direkte på telefon, måndag til fredag mellom klokka 0800 til 1530.

Dokumentasjon og betaling

Videokonsultasjonen vert dokumentert som ein vanleg konsultasjon i din journal og eigenandelen er den same som ved annan poliklinikk.

Krav om eigenandel vert sendt som faktura i etterkant av konsultasjonen. Pasientar med frikort, og born under 16 år betalar ikkje eigenandel. Ved psykiatrisk behandling gjeld dette barn og ungdom under 18 år.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
Fann du det du leita etter?