Eigendelen er lik for fysiske konsultasjonar, videokonsultasjonar og telefonkonsultasjonar.
I nokre tilfelle må du betale for bandasje- og forbruksmateriell eller andre tenester i tillegg til eigendelen.
Oversikt over eigendelar på helsenorge.no
Frikort
Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Når du viser frikort, treng du ikkje å betale eigendel for resten av kalenderåret.
Oversikt over frikort og beløpsgrenser på helsenorge.no
Eigendel på telefonkonsultasjonar
I 2020 vil det bli eigendel på nokre telefonkonsultasjonar dersom du er pasient ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.
Det vil berre bli tatt eigendel for telefonkonsultasjonar som kjem til erstatning for frammøtekonsultasjonar dersom dette er ønskeleg og medisinsk forsvarleg.
Eigendelen gjeld IKKJE telefonsamtalar av meir administrativ type, som til dømes å ringe til sjukehuset for å få svar på prøvar.