VED MEDISINSKE PROBLEM ETTER DYKKING, KONTAKT 113 og be om å få snakke med nærmaste vakthavande dykkarlege, også ved ikkje livstruande symptom. Vi behandlar pasientar frå Helse Vest og Helse Midt. Døgnkontinuerleg beredskap for trykkammerbehandling er elles å finne i Oslo og Tromsø.
Om det ikkje er øyeblikkeleg hjelp, men det hastar med å få kontakt med dykkelege i Bergen, kontakt oss via AMK-sentralen på telefon 55 36 17 00.
Ved dykkarelaterte spørsmål som ikkje hastar, ring oss måndag-fredag mellom kl. 08.00-16.00 på telefon 55 97 38 75.
Spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke, kan rettast til Undervannsbåt / Dykkerlegen si avdeling på Haakonsvern på telefon 55 50 21 59 / 60
Planlagt hyperbar oksygenbehandling (HBO)
HBO blir gitt som ei seriebehandling fem dagar per veke, måndag til fredag. Kvar behandling tar om lag to timar. Lengda på behandlingsperioda varierer frå to til fire eller seks veker. Det er pasientens tilstand som avgjer kor lenge behandlinga varer.
Akutt hyperbar oksygenbehandling (ØH HBO)
Vi tilbyr akutt behandling i trykkammer også utanom dykkarulykker. Dette kan mellom anna vere aktuelt ved karbonmonoksidforgifting, nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, store knusingsskadar og brannskadar og elektriske skadar.
Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen -
113.