Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Trykkammerbehandling, akutt

Hyperbar oksygenbehandling, andre akutte tilstandar (ikkje dykkarsjuke)

Ved hyperbar oksygenbehandling blir pasientar med ulike sjukdomstilstandar behandla med 100 prosent oksygen under auka omgjevnadstrykk i eit trykkammer. Akutt behandling i trykkammer kan vere aktuelt ved ei rekke sjukdomstilfelle.

Akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) kan mellom anna vere aktuelt ved karbonmonoksid-forgifting, nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, store knusingsskadar, brannskadar og elektriske skadar, transplantater/lapper med sviktande sirkulasjon, ekstremt blodtap, intrakranielle abscessar, arteriell gassemboli, akutt idiopatisk nevrogent høyrselstap. 

Seksjon for hyperbarmedisin på Haukeland universitetssjukehus har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO). For alle praktiske føremål må derfor utgreiing skje på heimstaden og seksjonen er avhengige av ei fyldig tilvising med relevante opplysningar for å ha mogelegheit til å behandle tilvisinga i løpet av ti verkedagar - sjå diagnosespesifikke tilvisingsrutinar i oversikta lenger ned på sida.             

Tilvisingar som ikkje inneheld informasjon som beskrive under kan ikkje bli vurderte, og vil derfor bli returnerte.             

Følgande informasjon må vere med i tilvisinga:             

  • Tilvisingsdiagnose
  • Aktuell sjukehistorie med opplysningar om relevant utgreiing og behandling
  • Tidlegare sjukehistorie. Stadfesting av fråvær av kontraindikasjonar (sjå oversikt over kontraindikasjonar på www.helse-bergen.no/trykkammer)
  • Fast medikasjon
  • Kopi av beskriving av røntgen thorax (ikkje CT) ikkje eldre enn 12 månader. (Emfysematøse bullae/pneumothorax/underventilerte lungeavsnitt kan medføre lungesprenging når vi dekomprimerer trykkammeret).
  • Ved lungesjukdom / storrøykarar / hyperinflaterte lunger på thoraxbildet treng vi kopi av spirometribeskriving ikkje eldre enn 6 månader.
  • Ved alvorleg hjartesvikt treng vi kopi av beskriving av ekko cor ikkje eldre enn 6 månader.
  • Seksjon for hyperbarmedisin er ein poliklinikk utan tilknytta sengepost. Dersom pasienten ikkje er i stand til å klare seg sjølv, må tilvisande instans søke pasienten innlagt i eigna klinisk avdeling og kopi av tilvisinga leggast ved tilvisinga til Seksjon for hyperbarmedisin.
  • Det er ønskeleg (men ikkje nødvendig for vurderinga) at tilvisinga inneheld opplysningar om pasienten har klaustrofobi, om pasienten har spesielle problem med trykkutligning til øyra og om pasienten treng ledsagar under reise og / eller opphald.

Sjå også diagnosespesifikke tilvisingsrutinar under:

Tilvising til planlagt inngrep på bestrålt kjeve

Dersom det er planlagt tannbehandling eller anna elektivt inngrep på bestrålt kjeve er det indikasjon for å søkje pasienten til før- og etterbehandling med HBO. Dette føregår slik at pasienten får ca. 20 forbehandlingar (poliklinisk seriebehandling i fire veker), deretter tar det minst åtte veker før vi kan forvente neoangiogenese. Inngrep må altså skje etter at det har gått åtte veker og operasjonstid avtalast i samarbeid med Seksjon for hyperbarmedisin.             

Pasienten får utført inngrepet og reiser påfølgande søndag til Haukeland i Bergen for oppstart av ca. 10 postoperative behandlingar (to veker) første måndag etter inngrepet. Dersom pasienten tidlegare har fått HBO, kan ein nøye seg med å tilvise til postoperativ HBO-serie.
          

Tilvising - Osteoradionekrose av underkjeve

Dersom det er planlagt operasjon av osteoradionekrose av kjeve, er det indikasjon for å søke pasienten inn til før- og etterbehandling med HBO. HBO blir tilbydd kun som adjuvant terapi til kirurgi. Pasienten får ca. 30 forbehandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker), deretter tar det minst åtte veker før vi kan forvente neoangiogenese. Inngrep må altså skje åtte veker eller seinare etter HBO og operasjonstid avtalast i samarbeid med Seksjon for hyperbarmedisin.              

Pasienten får utført inngrepet og reiser påfølgande søndag til Haukeland i Bergen for oppstart av 10 postoperative behandlingar (to veker) første måndag etter inngrepet.             

Tilvising - Stråleskadar i hovud- / halsområdet

Pasientar med stråleskader i hovud- / halsområdet som årsak til klinisk relevant xerostomi, dysfagi, dysartri kan tilvisast HBO. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker).             

Formålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Tilvising - Stråleskada tarm

Pasienter med klinisk relevante symptom på grunn av stråleskadar i tarm kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med nedre endoskopi og helst biopsi. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Føremålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Tilvising - Stråleskada blære

Pasientar med klinisk relevante symptom på grunn av stråleskader i blæra kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med cystoskopi. Pasienten får cirka 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Føremålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Vi treng vi følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Kopi av beskrivinga ved cystoskopi

Stråleskada bekkenring

Pasientar med stråleskader i bekkenringen (mikrofracturer, osteoradionekrose) kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med CT/MRI. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Vi treng vi følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Kopi av beskrivinga ved CT/MRI av bekkenet

Tilvising - Kronisk behandlingsfraktær osteomyelitt

Pasientar med kronisk osteomyelitt der optimal behandling ikkje har ført til målet, kan tilvisast til HBO. Mikroben skal vere verifisert ved dyrking av adekvat beinbiopsi og pasienten skal ha fått iv antibiotikabehandling etter resistensbestemming. Knokkelvevet bør vere revidert. HBO er kun adjuvant behandling i tillegg til kirurgi og antibiotika. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker).
          

Kronisk diabetisk fotsår

Pasientar med kronisk diabetisk fotsår der optimal behandling (helst i regi av diabetesfotsenter) ikkje har ført til målet, og der makrosirkulasjonen er rimeleg velbevart, kan det tilvisast til vurdering for HBO. Pasienten blir då innkalt til mikrosirkulasjonsunderøking for å vurdere om det føreligg indikasjon for HBO.             

Vi treng følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Aktuell sjukehistorie med opplysning om:
    • Diabetestype og –varigheit, grad av metabolsk kontroll
    • Røykeanamnese
    • Diabeteskomplikasjonar
    • Sårets lokalisasjon og varigheit
    • Om pasienten har nevropati
    • Om pasienten har spesialfottøy
    • Om pasienten følgast opp av fotterapeut med spesialutdanning i diabetesfot
    • Om pasienten har palpable fotpulsar (evt tåtrykksmålingar)
    • Om pasienten har hatt fotsår tidlegare, eller har gjennomgått amputasjonar
    • Korleis såret er avlasta
    • Mikrobiologisk prøvetaking og antimikrobiell behandling
    • Lokalbehandling
    • Resultat av gjennomførte undersøkingar (radiologi/karkirurgisk utgreiing)
    • Info om evt. karkirurgisk behandling

Steroidindusert osteonekrose

Beslutningsforum har godkjend steroidindusert osteonekrose som indikasjon for elektiv HBO. Metodevurderinga er gjort på ei anna pasientgruppe og det ligg ikkje føre vitskapeleg god dokumentasjon på behandlingseffekt. Det er heller inkje standardisert pasientforløp for konservativ behandling av tilstanden. Det er ikkje gjort differensiering i henhold til FICAT-klassifisering. Inntil Beslutningsforum trekkjer attende godkjenninga, vil vi tilby HBO til pasientgruppa. Pasienten får ca. 40 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i åtte veker). Det er ynskjeleg at det affiserte leddet totalavlastast.
        

Vi treng følgande tilleggsinfomasjon i tilvisinga:        

  • Kopi av beskrivinga av CT/MR av affiserte ledd
        

Send tilvisinga til

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Yrkesmedisinsk avdeling
Seksjon for hyperbarmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen          

Før

Ved førespurnad om HBO-behandling av intensivpasient frå anna sjukehus, må dykkarlege konferere med vakthavande intensivlege for vurdering av kapasitet på Intensivavsnittet. Det må gjerast avtale om at pasienten vert motteken ved ei moderavdeling på Haukeland universitetssjukehus. 

Om det er tid, vil det vere ein fordel å få tatt eit lungerøntgenbilde, samt å vurdere pasienten si evne til å utjamne trykket til mellomøyret.

Indikasjon må vurderast i samråd med behandlande lege og ein må og vurdere om det føreligg kontraindikasjonar. Pneumothorax må drenerast. Pacemaker, baklofenpumpe, ventrikuloperitoneal shunt etc. må ein klarere med produsent.


Under

Indikasjonar for akutt HBO-behandling for andre tilstander enn dykkarsjuke

Raskt spreiande infeksjon med Clostridium Perfringens med sepsis, lokalt ødem, massiv vevsnekrose og gass i vevet. HBO behandling med tre atmosfærar trykk bidreg til å stoppe  bakteriane si alfatoksinproduksjon.

Tilstanden blir diagnostisert med klinikk og påvising av grampositive stavar i preparat med fråvær av leukocyttar (leukocyttar indikerer blandingsinfeksjon). Bronseliknande hud, ødem og hemorrhagiske bullæ/vesiklar. Eksudat med søtleg lukt. Muskulatur blir farga grøn/svart. Krepitasjonar i vevnaden førekjem, og gass kan sjåast på røntgen.

Behandling
Målretta antibiotikabehandling ordinert av infeksjonsmedisinar.

Kirurgisk opning og fasciotomi utan ekstensiv kirurgi før HBO. Dersom det vert ventetid på operasjon bør ein starte HBO så snart som mogleg. Tabell 20/90. 3 behandlingar fyrste 24 timar. Deretter x 2/dag inntil infeksjonskontroll.

Det er ikkje internasjonal semje om ein ved å behandle CO-forgiftingar med HBO for å eliminere CO raskare frå blodbanen, kan redusere kognitive sekveler, eller om HBO kan forverre slike. Av den grunn er det berre pasientar med svært alvorleg CO-forgifting som får tilleggsbehandling med HBO.

  • dersom HBO ikkje kan starte innan 6 timar etter CO-intoksikasjonen, behandlast pasienten med normobar oksygenbehandling.
  • hos ustabile pasientar må nytta av HBO vegast mot faren ved transport og kammerbehandling.
  • pasientar som har hatt hjertestans behandlast berre med normobar oksygenbehandling i 12-24 timer og eventuelt kjøling ifølge sjukehuset sine rutinar.

Behandling:

  • Initial behandling ved CO-forgifting er normobar oksygenbehandling.
  • pasientar som er gravide eller er medvitslause skal behandlast med ei behandling HBO tabell 20/90.
  • ved røykinhalasjon og lactat>10mmol/l må cyanidforgiftning mistenkast og cyanokit administrerast
  • etter HBO skal pasienten tilvisast til nevrologisk avdeling for EEG og nevropsykologisk undersøking.

Infeksjonen gir lokal hypoksi, oftast forsterka av ein infeksjonsbetinga okkluderande endarteritt. Sekvestrering av leukocytter med lavt tal på leukocytter sentralt i infeksjonsområdet sjåast ved nekrotiserande infeksjonar.

HBO virker ved å betre leukocyttfunksjon i hypoksisk vev og nedset granulocyttadhesjonen til endotel. I tillegg reduserast anaerob bakterievekst. Ved pressorindusert nedsett perifer perfusjon vil HBO teoretisk sett kunne bidra til å redusere mengda ischemiske nekrosar. HBO er adjuvant behandling til iv. antibiotika og kirurgisk revisjon.

Behandling

HBO tabell 14/90 x2/døgn til stabil tilstand, deretter x1/dag etter vurdering av klinisk tilstand i samråd med intensivmedisinar og infeksjonsmedisinar.

Ved knusingsskadar i ekstremitetane kor det kan vere marginalt sirkulert vev og evt. losjesyndrom med ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO bidra til å redusere ødemet, hindre adhesjon av leukocytter til karveggen og betre oksygeneringa av vevet for reduksjon av vevsdød. Start av HBO bør skje innan 6 timer etter skaden.

Behandling

HBO tabell 14/90 3 gongar/døgn fyrste døgn, deretter 2 gongar/døgn i 2 dagar, deretter 1 gong dagleg ved behov.

Ein brannskade resulterer i lokal mikrosirkulasjon prega av stase, mikrotromber med ødem og etter kvart oksygenmangel. Hyperbar oksygenbehandling er retta mot å redusere ødemet, bevare marginalt oksygenert men viabelt vev, stimulere og bevare vevets bakterielle motstandskraft og stimulere til rask sårheling. HBO er adjuvant behandling i tillegg til optimal ventilasjon og oksygenering, væskebehandling, og tidleg kirurgisk eksisjon.

Indikasjon

Større delhudsskadar hos vaksne (> 15 år) med TBSA > 20%, samt ved elektriske skadar (alle storleiker). Pasienten må vere transportabel.

Behandling

HBO tabell 14/90. Tre behandlingar i løpet av fyrste døgn med oppstart raskast mogeleg etter at skaden har oppstått, deretter 2 behandlingar i døgnet. Det bør bli gitt minst fem behandlingar for at pasienten skal ha nokon effekt, men ofte opptil 20-30.

Pasientane vil ofte trenge mindre væske under sjølve behandlinga p.g.a. hyperoksisk vasokonstriksjon, men treng ofte meir væske iv like etterpå pga. vasodilatasjon. Ev. blodtrykksfall behandlast primært med væske og ikkje pressor.

Transplantat og hudlappar med sviktande sirkulasjon: ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev, kan pasienten søkast til pre- og postoperativ HBO-serie. Formålet er å fremme neoangiogenese i det stråleskada vevet og å avhjelpe innheling av lapp/transplantat.

I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade, kan HBO vere nyttig for å bevare transplantatet eller redusere nekrose. HBO bør startes så snart eit perfusjonsproblem oppstår.

Utgreiing

Utgreiinga skal inkludere måling av transkutan oksygentensjon på hudlappen under luftpusting og oksygenpusting før hyperbar oksygenbehandling. (eventuelt under behandlinga, spesielt dersom det er tvil om HBO er aktuelt).

Behandling

Ved planlagt rekonstruktiv kirurgi i bestrålt vev får pasienten 20-30 preoperative behandlingar HBO tabell 14/90, ein venter deretter 6-8 ukar med elektiv kirurgi og starter postoperativ HBO-serie så raskt som mogeleg etter kirurgi. Postoperativ serie er på 10 behandlingar tabell 14/90.

I vev med nedsett perfusjon på grunn av ischemi-reperfusjonsskade startar ein så raskt som råd med tabell 14/90 til å begynne med to gongar daglig. Når hudlappen ikkje lenger er trua, éin gong daglig i samråd med kirurg.

Ved ekstremt blodtap og problem med å få forlika blod kan pasienten oksygenerast med HBO.

Indikasjon er korreksjon av oksygendeficit hos ikkje-transfunderbar pasient med organsvikt, cardial iskemi og acidose. Behandling kun ei kort periode medan ein finn forlikeleg blod. Dersom pasienten ikkje skal transfunderast, er HBO ikkje indisert.

Behandling

Behandling er HBO på 2-3 ATA 60 minuttar med overflateintervall aukande frå 60 minuttar.

Hos pasientar med multiple abscessar, abscess med dominerande eller djup lokalisasjon, hos immunkompromitterte pasientar eller forverring tross behandling med kirurgi og antibiotika kan HBO vere nyttig adjuvant terapi.

Behandling

HBO tabell 14/90 er anbefalt med 1-2 behandlingar dagleg avhengig av situasjonen, i publiserte material har i snitt 13 behandlingar vore gjeve.

Ved alvorlig gassemboli kan trykkammerbehandling vere livreddande. Det viktigaste er å mistenke tilstanden. Følg algoritmen i punktet om behandling.

Mekanisme

Gassemboli oppstår når luft eller annan gass kjem over i sirkulasjonen, venøst eller arterielt. Små mengder venøs gass er sjeldan symptomgivande, då den normalt filtrerast ut via lungene. Dersom gassmengda blir stor nok, eller kjem svært raskt, vil gass kunne passere over i den arterielle sirkulasjonen via lungekapillæra. I tillegg shuntast stadig ca. 2-3 % av totalsirkulasjonen utanom lungekapillæra. Arteriell gassemboli kan difor oppstå uavhengig av eit patent foramen ovale.

Risikofaktorar

  • Biopsi av lunge/lever
  • Hjerte-lunge-maskin / ECMO
  • All kirurgi, spesielt der operasjonsfeltet ligg over hjertenivået.
  • Sectio pga. store mengder potensielt åpentståande vener i uterus.
  • Skopiar
  • Ortopediske proteseinngrep
  • Cardiopulmonal resuscitering
  • Åpentståande svk-løp/innlegging av svk
  • Skyljing av arteriekran
  • Infusjon via iv-sett
  • Angiografiar proksimalt for arteria vertebralis sinistra
  • Intraarteriell nimotopinfusjon ved cerebrale spasmar
  • Dykking

Diagnose

  • Risikofaktor til stade
  • Plutseleg fall i endetidal CO2
  • Plutseleg nedsett medvit
  • Peroperativ hjertestans med pulslaus elektrisk aktivitet
  • Fokalnevrologiske utfall

Bildediagnostikk med påvising av intravaskulær gass er ikkje påkravd dersom mistanken om arteriell gassemboli er sterk, og skal ikkje seinke oppstart av behandling.
CT caput utførast dersom hjernebløding er aktuell differensialdiagnose.

Behandling

  1. 100 % oksygen på maske med reservoar
  2. Reduser lufttrykket ved skopi
  3. Avslutt kirurgi
  4. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK
  5. Om lungebiopsi har medført pneumothorax, skal denne drenerast
  6. Paracentese utførast berre dersom dette ikkje vil forseinke behandlinga.
  7. Ved hjertestans, skal HLR utførast til pasienten er trykksatt i trykkammeret
  8. Trykkammerbehandling : HBO tabell 6
  9. Repeterte behandlingar x1/dag med HBO tabell 14/90 inntil ein når platåfase (stasjonære symptom). For respiratorpasientar gis to repeterte behandlingar.

Det er større sannsyn for godt resultat om det er kort tid mellom embolien og HBO, men det har vore sett respons av HBO som er starta etter 24 timer.

Enkelte pasientar får ei betring av symptoma etter normobar oksygenering. Då tilbakefall ofte inntreff når reperfusjonsskaden utviklar seg, skal desse pasientane også behandlast.

Oppdrift har liten eller ingen effekt på arteriell eller venøs distribusjon av intravaskulær luft. Det å senke hovudet vil auke ødemet. Det er usikkert om dettehar nokon positiv effekt og skal uansett ikkje gjerast i meir enn ti minutt.

Symptomfrie pasientar med påvist luft i hjartet:

Ved asymptomatisk luftemboli etter lungepunksjon skal pasienten observerast på intensiv / oppvakingsavsnittet. Kontinuerleg oksygen på maske med reservoar 10 l / min. Sideleie med høgre side ned. Flatt leie. Ikkje hev overkroppen. Observasjonstid avheng av luftmengde. Kontakt vakthavande dykkarlege via AMK. Nevrologisk undersøking før transport tilbake til avdeling. Brystsmerter eller EKG endringar kan skyldast embolisering til kransårene.

Forskingsstudien SuDHO: Plutseleg uforklarleg høyretap og trykkammerbehandling 

HBO tilbys som adjuvant behandling kun som ledd i SuDHO-studien og om pasienten randomiseres til standardbehandling + HBO.

Det er ØNH-lege som inkluderer pasient til studien og står for randomisering.

Dei aller fleste med plutseleg høyretap som skal få tilleggsbehandling med HBO, vil få dette som poliklinisk behandling. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Som poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, næringsløysingar og alle hjelpemiddel som du bruker. Om du er svært svimmel og uvel, kan det vere at du blir innlagd i ØNH-avdelinga i ein periode.

Den auka oksygenmengda som blir tilførd til vevet i kroppen reduserer hevelse i vevnaden og tilfører oksygen til celler som får for lite av dette.

Dei som bur i nærområdet bur heime. Tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligg på sjukehusområdet. Dette oppholdet er kostnadsfritt. Om du ønsker å bo på annet hotell må du bestille og betale dette sjølv for så å søkje refusjon for delar av utgiftene i etterkant. Satsane finn du på helsenorge.no

 

Korleis går behandlinga føre seg?

Vakne pasientar blir behandla sitjande i fleirmannstrykkammer med premediaksjon, eller liggjande i einmannstrykkammer, avhengig av kva tid på døgeret behandlingen går føre seg og kva for personell om er tilgjengeleg. Behandlinga varer kun to timar. Pasienten puster oksygen i tre halvtimar på 14-20 msw med fem min luftpusting mellom oksygenperiodane. Luftpustinga for å redusere oksygenbiverknader.

Pasienten kan sjå film under behandlinga. Dei som behandles i fleirmannstrykkammer, hvor brannfaren ikkje er like stor som i einmannstrykkammer, kan ha med lesestoff inn i kammeret.

Intensivpasientar på respirator behandles i fleirmannstrykkammer med respirator og medisinsk-teknisk utstyr som tol høgt omgjevnadstrykk utan å verte brannfarleg. Ved behandling av respiratorpasientar er det Intensivlege på utsida av kammeret som har ansvar for intensivbehandlinga. Intensivlegen kan trykksettast og gå inn til pasienten på under eit minutt om det vert turvande. Dykkelege og trykkammeroperatør har ansvar for sjølve trykkammerbehandlinga.

 



Det er den legen som sender pasienten til akuttbehandling som har ansvaret for å rekvirere transport heilt fram til Haukeland universitetssjukehus dersom du ikkje kan nytta eigen bil eller rutegåande transport.

  • Når du er komen til behandlingsstaden, vil Pasientreiser i Helse-Bergen hjelpe med å bestille flybillett for returreisa. Dersom du har spørsmål om reise, må du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.
  • Transport med båt, tog og buss må du sjølv bestille og betale, og sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid.
  • Ver merksam på at du får dekka billegaste reisemåte.

Bybane

Bybana går mellom flyplassen og Bergen sentrum. Næraste haldeplass til Haukeland er Kronstad. Det tar om lag ti minutt å gå frå haldeplassen til sjukehuset. Alternativet er å ta Bybanen til Bystasjonen, og buss vidare derfrå. Sjå rutetabellar og oversikt over haldeplassar på www.skyss.no

Billett og planlegging av reise


Appen Skyss Bille
tt
Du kan kjøpe eit utval enkeltbillettar og periodebillettar med mobilen om du har iPhone eller Android telefon. Last ned appen «Skyss Billett» og kjøp den billetten som passer best for deg!

Appen Skyss Reise
Her kan du få oversyn over rutetider og planleggje reisa di. Last ned appen «Skyss reise» og planlegg reisa di.

Last ned appane
Du treng mobilapplikasjonen «Skyss Billett» og «Skyss reise» for iPhone og Android telefoner for å kjøpe billettar og planleggje reisa med mobilen. Applikasjonane kan lastast ned gratis i App Store eller Google Play ved å søkje på «Skyss».

Drosje

Det er kun dei som har ein medisinsk grunn til det, som får dekka drosjetransport av Pasientreiser og det er behandlingsstaden som eventuelt rekvirerer slik prioritert transport.

Du må betale eigendel for kvar behandling fram til grensa for frikort er nådd. Behandlingsutgiftar utanom eigendel, blir dekka av Rikstrygdeverket / Helse- og omsorgsdepartementet.

Du vert ikkje belasta for opphald ved Haukeland hotell.

 

 

Etter

Pasienten vert følgt opp av den avdelinga som tilviser pasienten til trykkammerbehandling.

Vanlege biverknadar

Den hyppigst inntreffande biverknaden ved HBO er ei kjensle av å ha ein dott i øyret og smerter i øyra avdi ein ikkje greier å utjamne trykket til mellomøyra. Dette er ikkje farleg, men det er ei plage og kan gjere ondt. For å unngå kjensle av å ha ein dott i øyret og smerter i øyra, er det naudsynt at du tek til å utjamne trykket til øyra straks vi tek til å auke trykket i trykkammeret. Nyttige teknikkar er å svelge, gape eller å halde for nasen og blåse luft imot. 

Om du får kjensle av å ha ein dott i øyret som du ikkje får vekk ved å utjamne trykket, eller dersom du får ondt i eit øyre må du seie frå til sjukepleier straks. Vi kan lett stogge trykkøkinga og lette litt på trykket til du får utjamna. 

Om du vert forkjøla slik at det blir ekstra vanskeleg å utjamne, eller om du har litt problem med dette i utgangspunktet, så har vi nokre triks på lager. Vi kan freiste å gje deg slimhinneavsvellande nasedråper på førehand. 

Om dette ikkje er nok, kan vi gje deg slimhinneavsvellande tablettar. Om vi ikkje lukkast med dette heller, så kan vi henvise deg til Øyre-nase-halslege for å få laget eit lite hull i trommehinna di i lokalbedøving. Nokre gongar vert det sett inn eit dren (ventilasjonsrøyr) i trommehinna i same seanse.

Om det har vore problem med trykkutjamninga nokre dagar, så er det somme som hev kjensle av å ha ein dott i øyret heile tida og høyrer litt dårlegare enn dei bruker. Dette kan skuldast undertrykk i mellomøyret eller at det har kome litt væske i mellomøyret. Både delar går over av seg sjølve, men det kan ta nokre veker. Det er lurt å utjamne trykket til øyra og når du ikkje er i trykkammeret om du skulle få slike plager.

Nokre kjenner oksygenets verknad på hjernen ved at dei vert ekstra trøytte på ettermiddagen dei dagane dei har fått HBO. Trøyttleiken er ikkje til stades dei dagane ein ikkje får HBO. Om du opplever slik trøyttleik så er det berre å teke omsyn til den og kvile eller ta ein lur. Det er ikkje farleg å oversjå trøyttleiken og vere i rørsle det du ønskjer.

Nokre vil etter fire til seks veker kjenne at synet har endra seg. Dette skuldast ei forbigåande endring i augelinsa. Det vanlege er å vertemeir nærsynt eller mindre langsynt alt etter utgangspunktet. Synsendringa går gradvis attende når du er ferdig med HBO og skal vere komen attende til utgangspunktet etter tre månader.

Sjeldne biverknadar

Om du har ein dårlig plombe i ei tann, dvs. luft mellom plomben og tanna, kan denne luften utvide seg når vi slepper ut trykket frå trykkammeret og plomben fell ut. Om du skulle oppleve dette, og det kjennest ubehageleg ut, så kan du seie frå til oss. Vi henviser deg til Kjevekirurgisk tannklinikk for å få ein mellombels plombe.

Mange gruer seg for HBO avdi det er nytt og ukjend. Det er ikkje noke merkeleg og det er vi førebudde på. Dei som har klaustrofobi vil og kjenne ubehag ved denne behandlingsforma. 

Om du har klaustrofobi eller uro gjer vi deg roande medisin på førehand så du klarer å gjennomføre behandlinga. Vi justerer dosen etter kva du treng. Dei fleste som berre har engsta seg på førehand vil trappe ned og stogge med medisinen etter ei vekes tid. Då er dei godt vane med HBO og veit kva det inneber. Dei som treng roande medisin gjennom heile behandlingsserien, vil få det. Medisinen gjer deg trøytt og uopplagd på ettermiddagen, så dei færraste vil nytte den over fleire veker. 

Under behandlinga kan du sjå film, og det vil drøye tida og avlede tankane litt som ei hjelp til dei som har grudd seg. Det er lurt å finne ein film som engasjerer deg.

Nokre hjerner reagerer på å ha mykje oksygen rundt seg med å fyre av eit krampeanfall. Om dette skjer mister pasienten medvitet og får rykninger i armar og bein. Vi veit kva som skal til for å handsame krampene: Vi skifter pustegass frå oksygen til luft og reduserer trykket i kammeret. Når pasienten tas ut er som oftast krampene borte, men pasienten kan vere forvirra ei kort tid. 

Dei som får oksygenutløste kramper vert undersøkte på Nevrologisk avdeling for å greie ut om det kan vere andre årsakar til kramper. Dei held deretter fram med HBO med krampeforebyggjande medisin. Slike kramper vert berre utløyste av oksygenkonsentrasjoner som er så høge som man får i trykkammer. Dei som får oksygenkramper får ikkje epilepsi og dei får ikkje krampetendens seinare. Oksygen er ikkje farleg for dei som har hatt slike kramper. 

Denne biverknaden førekjem svært sjeldan. Vi utfører ca 5000 HBO kvart år og har eit krampetilfelle ca kvart femte år. For å førebyggje slike oksygenkramper har vi ei luftpustepause i fem minutt kvar halvtime. Du vert då beden om å puste på ei maske og det er vanleg luft du puster på maska. Sjukepleiar held orden på tida og ber deg legge maska ned att etter fem minutt. 

Alkohol vil senkje krampeterskelen. Vi ber deg difor avstå frå å drikke meir enn ei alkoholeining kvelden før/same dag du skal til HBO.

Ver merksam

Sikkerheit

Det er auka brannfare i eit lukka kammer der ein tilfører oksygen. Difor er det strenge reglar for kva du kan ha på deg og ta med deg til trykkammeranlegget.

  • Det er absolutt forbode å ta med seg fyrstikker, lighter eller liknande til trykkammeranlegget. Om slikt blir teken med medfører det at behandlingsserien blir avslutta.
  • Ved behandling i kammeret byter alle pasientar om til bomulls-klede. Bomullstruser av minst 90 % bomull og eventuelt briller har du med deg sjølve, anna utstyr får du utdelt. Brilleinnfatninger av titan kan ikke nyttes i trykkammer då dei kan gje opphav til gnistar.
  • Det er ikkje lov til å ha på seg leppestift, fuktigheitskrem, deodorant, sminke, parfyme, etterbarberingsvatn, neglelakk, kunstige negler, hair extension, hårstylingsprodukt, ringer, smykke, klokke, harde kontaktlinser og høyreapparat.

Kontakt

Konrad Birkhaugs hus Hyperbarmedisin, seksjon for

Kontakt Hyperbarmedisin, seksjon for

Oppmøtestad

Vi held til i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka på haukelandsområdet. Trykkammeranlegget ligg i sørenda av bygget, og det står «Trykkammer» på skiltet over inngangsdøra. Det er også mogleg å gå via undergongar frå pasienthotellet til trykkammeret.

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Pasient må unngå bilkøyring 

Om du bur utanfor Bergen og vurderer å nytte eigen bil som transportmiddel, vil vi få åtvare deg om at du kan få synsendringer av behandlinga som kan gjere at du ikkje har godt nok syn til å kunne køyre bilen heim att. Andre treng roande medisin før behandling, og kan av den grunn ikkje køyre bil like etterpå.

Dersom du likevel vil nytte eigen bil, tilrår vi at du høyrer med Pasientreiser på førehand, om dei vil dekke utgiftene til dette.

Parkering

Det er få parkeringsplassar på Haukeland hotell, og du må sjølv tinge og betale for parkeringsplass på hotellet. Det er og dyrt å parkere på sjukehusområdet, og man må sjølv betale parkeringskostnadane som påløper. 

Parkeringskort til sjukehusområdet til redusert pris tildeles pasientar som er inneliggande eller køyrer til og fra behandling kvar dag, men ikkje til pasientar som bur på Haukeland hotell. I området kring Haukeland hotell er det soneparkering, og av den grunn vanskeleg å finne parkering.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

 

Spisestader i nærområdet

Møllendal Fetevare: Fetevarer og kafé

Møllendalsveien 68D  Telefon 94085075

Man 11-17
Tir- fre 11-23
Lør – søn 12-18

Hyssingen kafé og bakeri

Møllendalsveien 65B

Tir-tor 10 – 15:30

 

Kafé Munck i Fakultet for kunst og design

Møllendalsveien 61

Man-fre 10:30-15:30

Bien snackbar Danmarksplass

Kafé Kranen Solheimsviken


​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Snakk med legen din på Seksjon for hyperbarmedisin om du ønskjer tilvising for å delta i tilrettelagd trening. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: