Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Planlagt hyperbar oksygenbehandling

Hyperbar oksygenbehandling, planlagt

Ved hyperbar oksygenbehandling blir pasientar med ulike sjukdomstilstandar behandla med 100 prosent oksygen under auka omgjevnadstrykk i eit trykkammer.

Kombinasjonen av høg konsentrasjon av oksygen og høgt omgjevnadstrykk gjer at store mengder oksygen blir tatt opp i blodbana og transportert til heile kroppen. Effekt av behandlinga kjem frå kroppens indre gjennom blodet, og ikkje utanfrå i gjennom huda.

Haukeland universitetssjukehus har landsfunksjon for planlagt (elektiv) hyperbar oksygenbehandling (HBO), og tar i mot pasientar frå heile landet.

Korleis verkar behandlinga?

Den auka oksygenmengda som blir tilførd til vevet i kroppen stimulerer til danning av nye blodkar i oksygenfattig vev, og hjelper dei kvite blodlekamane med å drepe bakteriar.

Følgjande tilstander kan ha effekt av denne behandlinga:

  • Seinskader etter strålebehandling mot hode/hals-området
  • Seinskader etter strålebehandling mot bekkenområdet
  • Kroniske knokkelinfeksjonar
  • Nokre typar kroniske sår (diabetiske fotsår eller sår i bestrålt vevnad)

Sidan nydanning av blodkar tar tid, vil ein ikkje kunne forvente full effekt av behandlinga før 6-8 veker etter at behandlinga er avslutta.

Polikliniske pasientar

Alle som skal til planlagt hyperbar oksygenbehandling er polikliniske pasientar. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Som poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, ernæringsløysningar og alle hjelpemiddel som du brukar.

Dei som bur i nærområdet bur heime. Tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligg på sjukehusområdet. Dette oppholdet er kostnadsfritt. Om du ønsker å bo på annet hotell må du bestille og betale dette sjølv for så å søkje refusjon for delar av utgiftene i etterkant. Satsane finn du på https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser/rettigheter/egenandel-og-satser

Vi anbefaler ikkje at du som bur langt unna sjukehuset tar med deg eigen bil til Haukeland hotell. Behandlinga kan medføre at du får (forbigåande) synsendringar som gjer at du ikkje kan køyre bilen heim etter avslutta behandling.

Som poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, ernæringsløysingar og alle hjelpemiddel som du brukar.

Reise

Når det gjeld transport med båt, tog og buss så må du sjølv bestille og betale for billetten og sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid. Dersom det gjeld flyreise kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515 for bestilling.

  • Når du er komen til behandlingsstaden, vil Pasientreiser i Helse-Bergen hjelpe med å bestille flybillett for returreisa. Dersom du har spørsmål om reise, må du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.
  • Ver merksam på at du får dekka billegaste reisemåte.
  • Billegaste reisemåte, eksempelvis frå Flesland flyplass til Haukeland hotell (pasienthotellet), er med bybane frå flyplassen til sjukehuset.

Buss

Følgande busselskap opererer flybussrutene i Bergen: http://www.flybussen.no/Bergen/
Vel dato, rute, til eller fra flyplassen, før du avslutter med å velje haldeplass og tidspunkt du ynskjer rutetider for.

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet med eit antal avgangar mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar. OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell.  

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen køyrer til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt. Det er eit antal avgangar mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar. OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren.

Lokalbuss opereres av Skyss:
http://www.skyss.no/

Bybane

Bybana går frå flyplassen og til sjukehuset. Ta line 1 til Kronstad. Der skifter du til line 2 (mot Bergen sentrum) og går av på neste stopp som er Haukeland sjukehus. Det tar om lag ti minutt å gå frå haldeplassen til Haukeland hotell. Alternativet er å ta Bybanen til Bystasjonen, og buss vidare derfrå. Sjå rutetabellar og oversikt over haldeplassar på www.skyss.no

Billett og planlegging av reise

Appen Skyss Billett

Du kan kjøpe eit utval enkeltbillettar og periodebillettar med mobilen om du har iPhone eller Android telefon. Last ned appen «Skyss Billett» og kjøp den billetten som passer best for deg!

Appen Skyss Reise 

Her kan du få oversyn over rutetider og planleggje reisa di. Last ned appen «Skyss Reise» og planlegg reisa di.
Last ned appane
Du treng mobilapplikasjonen «Skyss Billett» og «Skyss reise» for iPhone og Android telefoner for å kjøpe billettar og planleggje reisa med mobilen. Applikasjonane kan lastast ned gratis i App Store eller Google Play ved å søkje på «Skyss».

Drosje 

Det er kun dei som har ein medisinsk grunn til det, som får dekka drosjetransport tur/ retur flyplass av Pasientreiser. Dersom du ønskjer å reise med drosje tur/ retur flyplass av bekvemmelighetsårsaker, til dømes at man ikkje er kjend i Bergen eller at man har med mykje bagasje, så kan du fritt gjere dette, men du vil da få dekka det same som billegaste reisemåte ville kosta. I hotellets brosjyre står det at drosje er den enklaste måten å reise frå flyplass til hotellet. Dette er rett, men man får altså kun dekka billegaste reisemåte.

Privatbil     

Om du bur utanfor Bergen og vurderer å nytte eigen bil som transportmiddel, vil vi få åtvare deg om at du kan få synsendringer av behandlinga som kan gjere at du ikkje har godt nok syn til å kunne køyre bilen heim att. Andre treng roande medisin før behandling, og kan av den grunn ikkje køyre bil like etterpå.

Dersom du likevel vil nytte eigen bil, tilrår vi at du høyrer med Pasientreiser på førehand, om dei vil dekke utgiftene til dette.

Parkering

Det er få parkeringsplassar på Haukeland hotell, og du må sjølv tinge og betale for parkeringsplass på hotellet. Det er og dyrt å parkere på sjukehusområdet, og man må sjølv betale parkeringskostnadane som påløper. Parkeringskort til sjukehusområdet til redusert pris tildeles pasientar som er inneliggande eller køyrer til og fra behandling kvar dag. I området kring Haukeland hotell er det soneparkering, og av den grunn vanskeleg å finne parkering.

Dersom du må ha overnatting på reise til og / eller frå sjukehuset på grunn av lang reiseveg eller manglande kollektivtilbod, skal du bestille og betale dette sjølv. Du får refusjon av utgifter innanfor gjeldande satsar når du sender reiseregning til Pasientreiser.

Helsedirektoratet har lagt til grunn at ein pasient må kunne starte på reise til behandling frå kl. 05.00 under føresetnad at det finst tilgjengeleg kollektivtransport, og det ikkje er medisinske grunnar for at ein må reise dagen før.

Du må betale eigendel for kvar behandling fram til grensa for frikort er nådd. Behandlingsutgiftar utanom eigendel, blir dekka av Rikstrygdeverket / Helse- og omsorgsdepartementet.

Du blir ikkje belasta for opphald ved Haukeland hotell.

Transport med båt, tog og buss må du sjølv bestille og betale, og deretter sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid. Gjeld det flyreise, kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.

Ved poliklinisk legekonsultasjon må du betale eigendel fram til grensa for frikort er nådd. Avtalte konsultasjonar du ikkje ønsker å nytte, må du avbestille eit døgn på førehand. Om du ikkje møter til avtalt time (og ikkje har avbestilt) må du betale tredobbel eigendel sjølv om du har frikort.

Tilvising og vurdering


Indikasjonar

Kven kan bli tilvist til planlagt hyperbar oksygenbehandling?

  • Stråleskadar (etter radioterapi) i hovud-/ halsområdet  (xerostomi, dysfagi, dysartri, sår i bestrålte slimhinner, planlagd tannbehandling i bestrålt underkjeve, osteoradionekrose, chondroradionekrose)
  • Stråleproctitt (etter radioterapi)  
  • Strålecystitt (etter radioterapi)  
  • Stråleskada bekkenregion (etter radioterapi)  
  • Kronisk osteomyelitt der anna behandling ikkje har ført fram og der mikroben er verifisert ved dyrking av adekvat beinbiopsi. HBO vil vere tilleggsbehandling til antibiotika og kirurgi.  
  • Kroniske hypoksiske sår kor makrosirkulasjonen er velbevart: Diabetiske fotsår, sår i stråla vevnad.

Kontraindikasjonar

Kven kan ikkje bli tilvist til planlagt hyperbar oksygenbehandling?

  • KOLS klasse Gould 2b eller verre  
  • Alvorleg hjartesvikt / ustabil angina / nyleg hjarteinfarkt  
  • Emfysematøse bullae på røntgen thorax  
  • Underventilerte lungeavsnitt (statiske atelektasar blir akseptert)  
  • Pneumothoraxkappe  
  • Aktiv cancersjukdom  
  • Bleomycinterapi i sjukehistoria  
  • Pågåande bruk av Antabus  
  • Kunstige øyrebeinsknoklar (må vurderast av operatøren om dei vil tåle trykksetting)  
  • Graviditet

Seksjon for hyperbarmedisin på Haukeland universitetssjukehus har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO). For alle praktiske føremål må derfor utgreiing skje på heimstaden og seksjonen er avhengige av ei fyldig tilvising med relevante opplysningar for å ha mogelegheit til å behandle tilvisinga i løpet av ti verkedagar - sjå diagnosespesifikke tilvisingsrutinar i oversikta lenger ned på sida.             

Tilvisingar som ikkje inneheld informasjon som beskrive under kan ikkje bli vurderte, og vil derfor bli returnerte.             

Følgande informasjon må vere med i tilvisinga:             

  • Tilvisingsdiagnose
  • Aktuell sjukehistorie med opplysningar om relevant utgreiing og behandling
  • Tidlegare sjukehistorie. Stadfesting av fråvær av kontraindikasjonar (sjå oversikt over kontraindikasjonar på www.helse-bergen.no/trykkammer)
  • Fast medikasjon
  • Kopi av beskriving av røntgen thorax (ikkje CT) ikkje eldre enn 12 månader. (Emfysematøse bullae/pneumothorax/underventilerte lungeavsnitt kan medføre lungesprenging når vi dekomprimerer trykkammeret).
  • Ved lungesjukdom / storrøykarar / hyperinflaterte lunger på thoraxbildet treng vi kopi av spirometribeskriving ikkje eldre enn 6 månader.
  • Ved alvorleg hjartesvikt treng vi kopi av beskriving av ekko cor ikkje eldre enn 6 månader.
  • Seksjon for hyperbarmedisin er ein poliklinikk utan tilknytta sengepost. Dersom pasienten ikkje er i stand til å klare seg sjølv, må tilvisande instans søke pasienten innlagt i eigna klinisk avdeling og kopi av tilvisinga leggast ved tilvisinga til Seksjon for hyperbarmedisin.
  • Det er ønskeleg (men ikkje nødvendig for vurderinga) at tilvisinga inneheld opplysningar om pasienten har klaustrofobi, om pasienten har spesielle problem med trykkutligning til øyra og om pasienten treng ledsagar under reise og / eller opphald.

Sjå også diagnosespesifikke tilvisingsrutinar under:

Tilvising til planlagt inngrep på bestrålt kjeve

Dersom det er planlagt tannbehandling eller anna elektivt inngrep på bestrålt kjeve er det indikasjon for å søkje pasienten til før- og etterbehandling med HBO. Dette føregår slik at pasienten får ca. 20 forbehandlingar (poliklinisk seriebehandling i fire veker), deretter tar det minst åtte veker før vi kan forvente neoangiogenese. Inngrep må altså skje etter at det har gått åtte veker og operasjonstid avtalast i samarbeid med Seksjon for hyperbarmedisin.             

Pasienten får utført inngrepet og reiser påfølgande søndag til Haukeland i Bergen for oppstart av ca. 10 postoperative behandlingar (to veker) første måndag etter inngrepet. Dersom pasienten tidlegare har fått HBO, kan ein nøye seg med å tilvise til postoperativ HBO-serie.
          

Tilvising - Osteoradionekrose av underkjeve

Dersom det er planlagt operasjon av osteoradionekrose av kjeve, er det indikasjon for å søke pasienten inn til før- og etterbehandling med HBO. HBO blir tilbydd kun som adjuvant terapi til kirurgi. Pasienten får ca. 30 forbehandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker), deretter tar det minst åtte veker før vi kan forvente neoangiogenese. Inngrep må altså skje åtte veker eller seinare etter HBO og operasjonstid avtalast i samarbeid med Seksjon for hyperbarmedisin.              

Pasienten får utført inngrepet og reiser påfølgande søndag til Haukeland i Bergen for oppstart av 10 postoperative behandlingar (to veker) første måndag etter inngrepet.             

Tilvising - Stråleskadar i hovud- / halsområdet

Pasientar med stråleskader i hovud- / halsområdet som årsak til klinisk relevant xerostomi, dysfagi, dysartri kan tilvisast HBO. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker).             

Formålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Tilvising - Stråleskada tarm

Pasienter med klinisk relevante symptom på grunn av stråleskadar i tarm kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med nedre endoskopi og helst biopsi. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Føremålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Tilvising - Stråleskada blære

Pasientar med klinisk relevante symptom på grunn av stråleskader i blæra kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med cystoskopi. Pasienten får cirka 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Føremålet er stimulering av neoangiogenese og sekundær vevsregenerasjon. Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Vi treng vi følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Kopi av beskrivinga ved cystoskopi

Stråleskada bekkenring

Pasientar med stråleskader i bekkenringen (mikrofracturer, osteoradionekrose) kan tilvisast til HBO. Stråleskada skal vere verifisert med CT/MRI. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker). Effekt av behandlinga kan ikkje ventast før åtte veker etter avslutta behandling, då neoangiogenese tar tid.             

Vi treng vi følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Kopi av beskrivinga ved CT/MRI av bekkenet

Tilvising - Kronisk behandlingsfraktær osteomyelitt

Pasientar med kronisk osteomyelitt der optimal behandling ikkje har ført til målet, kan tilvisast til HBO. Mikroben skal vere verifisert ved dyrking av adekvat beinbiopsi og pasienten skal ha fått iv antibiotikabehandling etter resistensbestemming. Knokkelvevet bør vere revidert. HBO er kun adjuvant behandling i tillegg til kirurgi og antibiotika. Pasienten får ca. 30 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i seks veker).
          

Kronisk diabetisk fotsår

Pasientar med kronisk diabetisk fotsår der optimal behandling (helst i regi av diabetesfotsenter) ikkje har ført til målet, og der makrosirkulasjonen er rimeleg velbevart, kan det tilvisast til vurdering for HBO. Pasienten blir då innkalt til mikrosirkulasjonsunderøking for å vurdere om det føreligg indikasjon for HBO.             

Vi treng følgande tilleggsinformasjon i tilvisinga:             

  • Aktuell sjukehistorie med opplysning om:
    • Diabetestype og –varigheit, grad av metabolsk kontroll
    • Røykeanamnese
    • Diabeteskomplikasjonar
    • Sårets lokalisasjon og varigheit
    • Om pasienten har nevropati
    • Om pasienten har spesialfottøy
    • Om pasienten følgast opp av fotterapeut med spesialutdanning i diabetesfot
    • Om pasienten har palpable fotpulsar (evt tåtrykksmålingar)
    • Om pasienten har hatt fotsår tidlegare, eller har gjennomgått amputasjonar
    • Korleis såret er avlasta
    • Mikrobiologisk prøvetaking og antimikrobiell behandling
    • Lokalbehandling
    • Resultat av gjennomførte undersøkingar (radiologi/karkirurgisk utgreiing)
    • Info om evt. karkirurgisk behandling

Steroidindusert osteonekrose

Beslutningsforum har godkjend steroidindusert osteonekrose som indikasjon for elektiv HBO. Metodevurderinga er gjort på ei anna pasientgruppe og det ligg ikkje føre vitskapeleg god dokumentasjon på behandlingseffekt. Det er heller inkje standardisert pasientforløp for konservativ behandling av tilstanden. Det er ikkje gjort differensiering i henhold til FICAT-klassifisering. Inntil Beslutningsforum trekkjer attende godkjenninga, vil vi tilby HBO til pasientgruppa. Pasienten får ca. 40 behandlingar (poliklinisk seriebehandling i åtte veker). Det er ynskjeleg at det affiserte leddet totalavlastast.
        

Vi treng følgande tilleggsinfomasjon i tilvisinga:        

  • Kopi av beskrivinga av CT/MR av affiserte ledd
        

Send tilvisinga til

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Yrkesmedisinsk avdeling
Seksjon for hyperbarmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen          

Les mer: 

Senskader etter strålebehandling mot bekkenområdet

Senskader etter strålebehandling mot hode/hals-området

Før

Under

Etter

Kontakt

Konrad Birkhaugs hus Hyperbarmedisin, seksjon for

Kontakt Hyperbarmedisin, seksjon for

Oppmøtestad

Seksjon for hyperbarmedisin ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Seksjonen held til i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka, på haukelandsområdet.

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.