Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking og publikasjonar

Her kan du lese meir om forsking og publikasjonar om hyperbar oksygenbehandling (HBO) ved Seksjon for hyperbarmedisin.

Kammer. Foto.

​Pågåande forskingsprosjekt

  • Hyperbar oksygenbehandling for akutt høretap - en randomisert kontrollert studie
    Studien er ein norsk multisenterstudie leia frå Haukeland universitetssykehus som har som mål å gje svar på om tilleggsbehandling med hyperbart oksygen (HBO) i tillegg til standard behandling vil gje betre høyrsel til pasientar med akutt høyretap utan kjend utløsande årsak.
  • Symptombyrde og livskvalitet hos pasientar som blir behandla med HBO for stråleskadar i bekkenregionen
    Studien er eit samarbeid mellom Sjukepleiereininga, Seksjon for hyperbarmedisin og Senter for krisepsykologi ved Universitetet i Bergen. Vi vil undersøkje korleis det er å leve med stråleskader i bekkenregionen og korleis det oppleves å gå igjennom hyperbar oksygenbehandling (HBO). I studien nyttast ein blanding av dybdeintervju og svar på standardiserte spørjeskjema.
  • RICH-ART
    RICH-ART er ei randomisert kontrollert studie administrert av Sahlgrenska Akademin og Sahlgrenska sjukhuset i nært samarbeid med fleire HBO-sentre i Norden. Hovedmålet med RICH-ART er å utforske kva for effekt HBO har på symptomer på stråleskader i blæra hos pasientar som er behandla for kreft i bekkenorgana.
  • INFECT
    INFECT er eit EU-prosjekt som gjev ei systematisk medisinsk tilnærming til den komplekse relasjonen mellom smittestoff og vertsorganisme ved alvorlege bakterieinfeksjonar i blautvevnad.
  • Kvifor vert pasientar som får HBO-behandling nærsynte?
    Forbigåande synsendringer i nærsyntretning er ein vanleg biverknad ved seriebehandling med HBO. Synsendringene kan skuldast endringer i øyelinsa, men det er ikkje kartlagt nøyaktig korleis endringa skjer. For å kunne førebyggje slike synsendringer, må man kjenne betre til mekanismane for endringene og kor i øyet dei er lokaliserte.

Vitenskapelege artiklar

Stråleskadar og HBO

Synsendringer og HBO

Diabetessår og HBO 

Verknadsmekanismar for HBO 

Lungefunksjon og HBO 

Masteroppgåver

Organisasjonar

Faglitteratur

  • KNM Tordenskjold, Dykker- og froskemanssenteret: SUP 13 (B) Håndbok for dykking 2011​
  • Jain Kewal K, 2009, Textbook of Hyperbaric Medicine, Hogrefe & Huber Publishers, ISBN 978-0-88937-361-7
  • Larson-Lohr Valerie, Norvell Helen C, 2002,  Hyperbaric Nursing, Best Publishing Company, ISBN1-930536-00-3
  • Mathieu Daniel, 2006, Handbook on Hyperbaric Medicine, Springer, ISBN-10 1-4020-4376-7
  • Ørnhagen Hans, Dykerimedicin og Hyperbar fysiologi, Studentlitteratur 2011, ISBN 978-91-44-05827-6

Kvalitetsverktøy

  • ​Kvalitetsregister for elektiv hyperbar oksygenbehandling (nasjonal dekningsgrad)
  • Tilvisingsrutiner publiserte på nettsida (sjå Tilvising og vurdering)
  • Plan for spreiing av kompetanse
  • Kravdokument for hyperbar oksygenbehandling i Helse-Bergen HF
  • Metodebok for Seksjon for hyperbarmedisin og Sjukepleiereininga

Sist oppdatert 03.06.2022