Livskvalitet og hyperbar behandling

Senter for krisepsykologi har i samarbeid med Seksjon for hyperbar medisin og Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus starta datasamling i studien "Livskvalitet og hyperbar behandling".

Pasient får oksygenbehandling i trykkammer. Foto
 

5-15 prosent av pasientar som får strålebehandling for kreft i bekkenområdet får stråleskade med plagsame symptom som auka trong til å late vatnet/avføringstrong, lekkasje, diaré og smerter.

Hyperbar oksygenbehandling (trykkammerbehandling) kan ha god effekt på ulike typer stråleskader, men vi har lite kunnskap om korleis stråleskadane og behandlinga påverkar pasientanes psykososiale situasjon over tid. Målet med denne treårige studien er derfor å studere korleis livskvaliteten er hos kreftoverlevarar med seinfølger etter stråling i bekkenområdet, og følge korleis pasientens stråleskadesymptom og livskvalitet utviklar seg under og etter hyperbar behandling.

Forskar May Hauken (Senter for krisepsykologi) er prosjektleiar og arbeidar saman med seksjonsleiar Grete Velure, overlege Bernd Mueller og spesialsjukepleiarane Tone Merete Jansen og Synnøve Andersen ved Seksjon for hyperbar medisin ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.