Seksjonen har også fleirregionalt ansvar for Helse Vest og Helse Midt-Noreg for akutt trykkammerbehandling. Akuttbehandlinga skjer i fleirmannstrykkammer på sjukehuset.
Hos oss er alle polikliniske pasientar. Det vil seie at du ikkje blir innlagt på sjukehuset i behandlingsperioden. Dei som bur i nærområdet bur heime. Sidan du er poliklinisk pasient må du ta med deg reseptar, medisinar, bandasjemateriell, ernæringsløysingar og alle hjelpemidlar som du brukar. Tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligg på sjukehusområdet.
Her finn du oss - sjå kart over Haukelandsområdet:
Klikk på bildet for større versjon
Seksjon for hyperbarmedisin ligger i Konrad Birkhaugs hus, øst for Sentralblokka, og like ved Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys' hus.Brosjyre og video
Velkomstbrosjyre - Hyperbar oksygenbehandling (pdf)
Sjå video - Slik føregår behandling i trykkammer (YouTube)
Høyr intervju med seksjonsoverlege Guro Vaagbø - Om behandling i trykkammer (Soundcloud) Kostnadar / eigendel
Du må betale eigendel for kvar behandling fram til frikortgrensa er nådd. Behandlingsutgiftar utanom eigenandel blir dekka av Rikstrygdeverket / Sosialdepartementet.
Du blir ikkje belasta for opphald ved Haukeland hotell.
Når det gjeld transport med båt, tog og buss, så må du sjølv bestille og betale for billetten og sende reiserekning til Pasientreiser i ettertid.
Om det gjeld flyreise kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515.
Ved poliklinisk legekonsultasjon må du betale eigenandel.
Nyttige lenkar
Vestlandspasienten (sjå dine timeavtaler)
Pasientreiser
Haukeland Hotell
Helsenorge - Tilgang til egen journal
Brukarundersøking - pasienttilfredsheit mars 2018 (pdf)Brukarundersøking - pasienttilfredsheit desember 2017 (pdf)