Hudavdelinga tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Avdelinga driv undervising og forsking innan hud- og veneriske sjukdommar.
Avdelinga er regionsjukehus for Vestland og Rogaland og universitetsklinikk i hud- og seksuelt overførte sjukdomar. Samstundes har avdelinga lokalsjukehusfunksjon for Bergen og tilstøytande kommunar.
- Felles sengepost for hud- og revmatologi med 15 sengeplassar
- Dagpost med sengeplassar på Haukeland hotell
- Poliklinikk for hudsjukdommar
- Poliklinikk for seksuelt overførte sjukdommar
- Lysavdeling
- Laboratorium
Kva kan Hudavdelingen tilby av sjukepleier konsultasjoner?
Ein-til - ein samtaler:
• Eksemsamtale
• Psoriasissamtale
• Handeksemsamtale
• Startsamtale ved lysterapi avdelinga
• Opplæringssamtale ved start av biologiske medisinar
• Innkomstsamtale ved infusjonsbehandling – biologiske medisinar
• Informasjonssamtaler til «drop in» pasientar ved klinikk for SOI – avdeling for seksuelt overfør bare infeksjonar
• Informasjonssamtaler til dagpasientar/hotellpasientar
• Pasient som møter på hud poliklinikk til kontroll eller oppstart av behandling
• Pasientinformasjon hudbehandlinger, fotodynamisk terapi og laser behandling
• Pasientopplæring ved behandling av kroniske sår
Grupper:
• Eksemkurs
• Hudsjukdom – «Å leve med hudsjukdom»
Planlagt veilednings – og opplæringstilbod:
Eksemsamtale: ein – til – ein samtale med foreldre som har barn med AD= atopisk dermatitt. Barnet er med til samtalen. Foreldre/barn har vore hos hudlege ved Hudavdelingen veker før og fått ordinert et behandlingsregime.
Psoriasissamtale: ein – til – ein samtale med unge/vaksne som har psoriasis. Pasienten har tidlegare vore til hudlege ved Hudavdelingen eller hos annen hudlege.
Handeksemsamtale: ein – til – ein samtale med unge/vaksne med handeksem. Pasienten har tidlegare vore hos hudlege ved Hudavdelingen eller hos annen hudlege.
Startsamtale ved lysterapi avdelinga: ein – til – ein samtale. Tilbodet er til pasientar som skal starte med lysbehandling.
Informasjonssamtaler med dagpasientar/hotellpasientar: pasientar som bur heime eller på hotell i behandlingsperioden. Kjem dagleg til Hudavdelingen for behandling. Vanlegvis 3 vekers behandlingsforløp.
Opplæring i førebygging og egen behandling av nye sjukdomsutbrot: Målsettinga er at pasienten får auka kunnskap til å praktisere egen behandling for å utsetje eller unngå sjukehusopphald.
Opplæringssamtale ved start av biologisk medisin: ein – til – ein samtale. Tilbodet er til pasientar som skal starte med ny medisin og skal administrere injeksjonen sjølv.
Innkomstsamtale før infusjon av biologiske medisinar: ein – til- ein samtale hos sjukepleier like før planlagt infusjon. Går gjennom standardisert sjekkliste for å utelate infeksjonar eller andre forhold som utelater infusjon.
Informasjonssamtale til «drop in pasientar» ved klinikk for SOI – avdeling for seksuelt overførte infeksjonar: ein – til – ein samtale der sjukepleier informerer om behandlingsregime, korleis førebygge og unngå nye infeksjonar. Gjer smittesporing.
Pasientinformasjon til spesifikke hudbehandlingar:
• Fotodynamisk terapi
• Laser behandling
• Sår behandling
• Skabb-behandling
Innhald i ein ein – til – ein samtale:
Innhald blir bestemt ut ifrå pasientens aktuelle behov der og da. Det kan være gjennomgang av behandlingsregime, oppklaring av informasjon etc.
Jobb på Hudavdelinga
Les meir om arbeidsplassen vårLeiinga
Avdelingsdirektør Alf Henrik Andreassen
Seksjonsoverlege Ingeborg Bachmann
Seksjonsoverlege Dag Sollesnes Holsen
Seksjonsleiar Camilla Syvertsen
Seksjonsleiar Kristina Maria Borge
Seksjonsleiar kontor Else Karin Fossøy Synnevåg