Det er hudlegen som avgjer om og kva type behandling den enkelte pasient skal ha. Dei som kan ha effekt av lysbehandling er personar med ulike typar eksem, psoriasis og ein del andre hudsjukdomar.
Kva er lysbehandling?
Lysbehandling er ikkje det same som å gå i solarium for å bli brun. Under lysbehandling vel legen kva for type lysstrålar som kan ha effekt på den enkelte hudsjukdom.
Kva kostar behandlinga?
Behandlinga kostar per i dag kr 351,- for kvar behandling, inntil du har nådd taket for frikort. I tillegg kjem eit eingangsbeløp på kr 75,- som dekker diverse utstyr.
Kor lenge skal ein gå til behandling?
Behandlinga går vanlegvis over 6-12 veker og bør fullførast utan lange pauser.
Vent derfor med oppstart av behandlinga til du veit at du kan gjennomføre heile behandlinga.
Korleis går behandlinga føre seg?
Kvar behandling kan ta frå få minutt opp til ein time, alt ut frå kva type behandling du får. Enkelte behandlingar er drop-in, mens andre må du bestille time til.
Det er viktig å hukse på at når du går til lysbehandling får du ein dagsdose med lys. Du skal derfor ikkje sole deg i anna lys. Det er viktig at du smører deg med solkrem med høg faktor eller dekker deg til med klede om du skal vere ute i sollys. Du skal heller ikkje bruke solarium i behandlingstida.
Fuktighetskrem er ein viktig del av behandlinga, og du bør smøre deg hyppig, særskild i den perioden du går til lysbehandling. Det er viktig at du ikkje smører deg med kremer som inneheld solfaktor når du står i lyskabinettet. Vær merksam på at nokre kremar kan innehalde stoff som påverkar huda i kontakt med lys.
Førebuing til behandling
Om du har tørr og skjellande hud bør dette fjernast før lysbehandlinga startar. For mykje skjelldanning vil hindre strålane i å nå tilstrekkeleg inn i huda.
Fjerning av skjelldanningar
Kropp
- Ta ein dusj / bad
- Smør skjellene med 5-10 % Salisylvaseline
- La salven sitte på i 2-4 timar eller over natta
- Fjern salven i dusj / bad
Hovudbotn
- Masser eit lag med 5-10 % Salisyl hårolje inn i hovudbotn
- Dekk med plast / -badehette
- La olja verke i 2-4 timar eller over natta
- Vask vekk olja med mild sjampo i tørt hår, før du skylje ut med vatn
Vi tilbyr følgande lysbehandlingar
- UVA heilkropp
- UVB heilkropp, hender, føter, sittelys, kam
- TL01 heilkropp, hender, føter, kam
- UVA / TL01 heilkropp
- UVA1 heilkropp
- PUVA heilkropp, hender, føter (lokal / systemisk)
- Høgspektra UVB hender, føter
- Grensestrålar
- Iontoforese
- Lys-testar
Pasientinformasjon
Les meir om dei ulike behandlingane på nettsidene til Norsk sykepleierforbundInformation in English