Poliklinikken for Seksuelt overførbare infeksjonar (SOI) er eit lavterskeltilbod i spesialisthelsetenesten, og har drop-in tilbod. Vi tar også imot tilvising frå fastlege. Her diagnostiserar, behandlar og informerar vi om seksuelt overførbare sjukdomar. Vi har både lege og sjukepleiar som tar konsultasjonar, og vi vurderer kven du har behov for å kome til.
Nord for sjukehuset, sør for Haukeland, Ibsensgate og Haukelandsveien.
Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider.
Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell.
Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.
Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.
Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over.
Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren.
Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg. Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.
Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.
Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset.
Les mer om besøk på sjukehuset
Konsultasjon ved SOI-poliklinikk er vanlegvis gratis, men det er visse unntak.Konsultasjonen er gratis dersom:Du mistenkjer at du har ein seksuelt overførbar sjukdom. I praksis gjeld dette alle som kjem hit første gang.Du har fått påvist det som blir definert som allmennfarleg smittsom sjukdom. Dette er: Klamydia, Gonoré, HIV, Hepatitt B og Syfilis.
Betaling ved kontrollDersom du kjem til kontroll ved SOI-poliklinikk av annan årsak, må du betale. Dette gjeld ved:
Dersom det gjeld prøvar i samband med visumsøknad, må du ta kontakt med fastlegen din.
Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi tar imot pasientar mellom 8.30 og 14.00 alle kvardagar, fredag frå kl. 09.15 – 14.00. Lunsj kl. 11.30 – 12.00.
OBS! Inntak av pasientar blir stoppa tidlegare ved stor pågang. Vi råder deg til å komme tidleg.
Prøvesvar får du på telefon 55 97 39 60 mandag, tirsdag og torsdag mellom kl 09.00 og 14.30.
Du kan komme direkte til oss utan tilvisning frå annan lege dersom du:
Alle pasientar må vise gyldig ID før dei får kome til hos oss.
Du skal kontakte din eigen fastlege ved:
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.