Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no for meir informasjon eller ring: 05515.
Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset
Du betaler ikkje noko når du er innlagt på dagpost / hotell eller sengepost ved avdelinga.
For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.
Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:
I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.
Du kan betale med kort i vår bankterminal eller få med giro. Vi tar dessverre ikkje imot kontantar.
Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).
Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no
For å bli utgreidd / behandla ved Hudavdelinga må ein bli tilvist av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising blir denne vurdert av seksjonsoverlege hos oss, og innan 10 verkedagar vil vi sende ut brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost / hotell eller sengepost.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.
Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.