Pakkeforløp psykisk helse og rus
Pakkeforløp psykisk helse og rus skal styrke det heilskaplege behandlingstilbodet til pasientar med psykisk helse- og rusmiddelproblem.
Frå 1. januar 2019 har alle som blir tilvist til spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern/rusmedisin og får rett til nødvendig helsehjelp, blitt omfatta av eit pakkeforløp.
Å vere ein del av eit pakkeforløp vil seie at du som pasient får eit utgreiings- og behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Pakkeforløp inneber at du som pasient skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som har ansvaret.
Les meir om pakkeforløp psykisk helse og rus for barn og unge
Pakkeforløp for psykisk helse og rus blir innført stegvis frå januar 2019. Eit viktig tiltak er forløpskoordinator ved alle avdelingar som tilbyr pakkeforløp. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Pakkeforløp for kreft
Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som er fagleg baserte og normgivande. Pakkeforløpa skal bidra til at utgreiing og behandling er meir føreseieleg for pasientane og samstundes bidra til auka tryggleik.
Eit pakkeforløp skal vere likt for alle. Pakkeforløpet skal sikre rask utgreiing og oppstart av nødvendig behandling, og hindre unødvendig ventetid.
28 pakkeforløp for kreft og 31 diagnoseveiledere for fastlegene er nå etablert.
nyheiter om pakkeforløp
Sist oppdatert 07.06.2023