Endokrin Medisin

Professor og overlege Eystein Husebye leiar forskingsgruppa for Endokrin medisin som hovudsakleg er innretta mot forsking på binyresjukdomar og andre hormonsjukdomar.

​Målet er å belyse alle sider ved desse sjukdomane fra epidemiologi (utbreiing) og sjukdomsmekanismar til behandling.

Gruppa består av både klinikarar og biokjemikarar, i tillegg til laboratorieteknikarar og sekretær. Gruppa er nært knytta opp mot Register for organspesifikke autoimmune sjukdomar (ROAS), men den har også eigen biobank.

I tillegg arbeides det med en rekke forskingsprosjektar på diabetes. PhD og lege Eirik Søfteland forskar på nevrologiske komplikasjonar ved diabetes i samarbeid med forskingsgruppa til Dr. Dimcevski på gastromedisin og stipendiat Iren Hjellestad arbeidar med karkomplikasjonar ved diabetes saman med karkirurg og professor Torbjörn Jonung.

Kontaktinformasjon

​Telefon 55 97 30 78

Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Endokrinologi Forskning Bergen
Postboks 1400
5021 Bergen

Besøksadresse
Laboratoriebygget, 8 et.​