Hyperkortisolisme

Hyperkortisolisme er ein tilstand med høge konsentrasjonar av hormonet kortisol i blodet.

Dette kan ein sjå ved sjukdom i binyrene, der kortisol produseras, eller ved sjukdom i hypofysen, som regulerer binyrenes kortisolproduksjon. Ein kan også ved visse kreftsjukdomar få ein økt stimulering av binyrene, slik at det produseras for mye kortisol. Kortisol er eit stresshormon, slik at man ved fysisk og psykisk stress også vil kunne finne høye kortisolverdiar.

Ved høge nivå av kortisol vil man kunne få ein rekkje symptom og funn frå forskjellige organsystem i kroppen. Det vanlegaste er ein litt unormal fettophoping med fettpute i nakken, rundt ansikt og økende bukfedme med tynnere armer og bein. Også musklar (særleg i lårane), samt tynn hud med blålilla strekkmerker, og blåmerker er vanleg.

Pågåande prosjekt

Binyrevenekateterisering ved klinisk eller subklinisk hyperkortisolisme og samtidig bilaterale forandringer i binyrene

Prosjektet skal være ein hjelp i diagnostikk, og ein rettleiing i behandling hos pasientar med forandring i binyrene og samtidig for høg produksjon av hormonet kortisol.

Ein kan ved binyrevenekateterisering samle blod frå dei blodårene som drenerer kvar av binyrene ( binyrevenene), og ved å samanlikne hormonnivået på de to sidene kan man vurdere om overproduksjonen er einsidig eller kommer frå begge sidene.

Ved einsidig overproduksjon av hormonet kortisol vil ein vurdere operasjon av den affiserte binyre. Dette vil i så fall kunne betre metabolske parameter hos pasientane, som høgt blodtrykk, diabetes, overvekt og hyperkolesterolemi.  Pasientane vil då minske sin risiko for hjarte og karkomplikasjonar. ​

​​​Oppstart:       01.02.2015
Prosjektslutt: 01.02.2019​​​​​​​​​


Kontaktinformasjon
​​​Grethe Åstrøm Ueland
Prosjektleder
Tlf: 55 97 30 77
grethe.astrom.ueland@helse-bergen.no ​​​​​​


Diagnostisk nytte av dexametason måling ved kort suppresjonstest ved utredningen av Cushings syndrom

Denne studien går primært ut på å betre diagnostikken for pasientar som utgreiast for hyperkortisolisme.
​Standard utgreiing av pasientar med spørsmål om hyperkortisolisme er såkalt Dexamethason suppresjonstest.

Dette er ein test som er svært sensitiv , men ikke spesielt spesifikk. Opp til 20 % av dei som får forhøga verdi etter testen, har falsk positiv test. Det betyr at dei er friske, men slår positivt ut på testen. Studien forsøker å gjere testen meir spesifikk, ved at ein også måler serum dexamethasonnivået i blodet etter testen, for å utelukke at for lavt nivå av dexamethason er årsaka til positiv test.

Oppstart:       31.05.2011
Prosjektslutt: 31.05.2016​​​


Kontaktinformasjon
​Grethe Åstrøm Ueland
Prosjektleder
Tlf: 90 95 00 21
grethe.astrom.ueland@helse-bergen.no ​​​​


 


Spyttkortisol som screening for mistenkt Cushing syndrom hos barn

Målet med denne studien er å bidra til betra og sikrare diagnostisering av Cushing syndrom hos barn.
Auka produksjon av hormonet kortisol kallast Cushings syndrom, som er forbundet med symptom frå mange organsystem. Ved utgreiing av barn med kortisoloverskudd brukast måling av kortisol i døgnurin som ei screeningsundersøking.

Undersøkinga er krevjande for foreldre, og sårbar for feilkjelder. Hos vaksne har ein gått over til å måle kortisol i spytt, og det er ønskeleg å gå over til det same for barn.

På Poliklinikk for overvektige barn (HUS), blir alle barn screena for Cushings syndrom med døgnurin fordi bl.a. overvekt kan vekkje mistanke om sjukdomen. Ein ønsker å samle spytt frå disse pasienta​ne for å ta stilling til korvidt spyttkortisol er spesifikt nok til å erstatte kortisol i døgnurin som screeningsundersøking.

Oppstart:       01.05.2012
Prosjektslutt: 01.12.2021​​​


Kontaktinformasjon
​Grethe Åstrøm Ueland
Prosjektleder
Tlf: 90 95 00 21
grethe.astrom.ueland@helse-bergen.no ​​​​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.