Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diabetes mellitus

Diabetes mellitus er en kronisk, livslang sjukdom som påverkar kroppens evne til å ta opp glukose fra blodet, som fører til et for høgt blodsukker.

​​​​​​​​​​​​​Ved alle former for diabetes mellitus lager ikkje kroppen nok insulin eller klarer ikkje bruker insulinet den produserar.

Type 1 diabetes er ein autoimmun sjukdom forårsaka av at kroppen angriper bukspyttkjertelen slik at den stoppar å produsera insulin.

Type 2 diabetes, som er den mest vanlege formen, er en mildare form av diabetes, som oftest inntreffar i vaksen alder. Som regel produserer bukspyttkjertelen fortsatt noe insulin, men ikkje nok til å dekkje kroppens behov.

Pågående prosjekt

Pasientar med diabetes har høgare risiko for gallestein enn den generelle befolkninga. Føremålet med prosjektet er å forbetre forståelsen av mekanismane bak danning av gallestein.


​​​​​​Forskarene ynskjer​ å undersøke om hovudmekanismen ved stei​ndanning er redusert tømmi​​​ng av galleblæra. For å vurdere dette leggj​er studien opp til å gjere to typar ultralydundersøkingar av deltakara​ne og samanlikne resultatane av undersøkingane​. Den første metoden gir todimensjonale målingar av galleblæra​, mens den andre undersøkingen gir tredimensjonale ultralydbildar av sam​e organ. Studien vil også evaluere den hormonelle responsen ved eit testmåltid og vurdere graden av nevropati.

Oppstart:       01.01.2014​
Prosjektslutt: 01.06.2016​

Kontaktinformasjon
​​​​Eirik Søfteland
Prosjektleder​
Tlf: 55 97 05 04
eirik.wigtil.softeland@helse-bergen.no

Bukspyttkjertelens funksjon hos pasientar med diabetes mellitus kan ha påverkas ved at evnen til å produsere fordøyelsesenzymer reduseras (PEI).
​​​​​​​Føremålet med studien er å undersøkja forekomst og metabolske konsekvensar av PEI ved diabetes. Det vil bli innhenta avføringsprøvar og blodprøva​r, og deltakarane undersøkjas​t​ vidare ved hjelp av pusteprøvar, MR-bildar og ultralyd. Hypotesen er at 20-30 % av diabetespasientane har PEI og at udiagnostisert kronisk pankreatitt er den vanlegaste underliggjande årsak.​

Oppstart:       01.01.2014
Prosjektslutt: 01.01.2016​​​​​​​

Kontaktinformasjon
​​
Eirik Søfteland
Prosjektleder
Telefon 55 97 05 04
eirik.wigtil.softeland@helse-bergen.no​​​​​​​​

Deltakarane frå en tidlegare studie blir rekruttert for å undersøkje om det har vore ei endring i symptom eller utvikling av nevropati.


​​​​​​​​Deltakarane var diabetes-pasientar som var vist​ til HUS for gastropareseutredning. Hensikta​ med denne oppfølgingsstudien er å undersøkje om det har vært ei endring i symptomar frå mage/tarm-kanalen og om det har vore ei utvikling av eventuell autonom og somatisk nevropati. I tillegg vil det bli gjort ein kartlegging av sjølvrapportert livskvalitet og symptom på mageplager, angst og depresjon. Resultata vil gi ny innsikt i den naturlege utviklinga av mageplager ved diabetes.​

Oppstart:       01.01.2015
Prosjektslutt: 31.12.2016​​​​​​​
Kontaktinformasjon
​​
Eirik Søfteland
Prosjektleder
Telefon 55 97 05 04
eirik.wigtil.softeland@helse-bergen.no

Sist oppdatert 09.10.2023