Spesialisert psykosebehandling

Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) tilbyr utgreiing, behandling og pleie av pasientar med psykose i ulike faser.  Vi har ansvar for lavterskeltilbod og utgreiing av unge med psykosesymptom, samt døgnbehandling av akutte psykosar og psykosar med komplisert forløp. Vi har òg utgreiing av alvorleg psykisk liding ved utviklingshemming og -forstyrringar.
Les meir om Spesialisert psykosebehandling

Spesialisert psykosebehandling

Seksjon S3

Seksjon S3 er ein lukka akutt korttidspost med 9 sengeplasser lokalisert til Psykiatrisk klinikk ved Sandviken sjukehus.

Organisatorisk høyrer vi til Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vaktrom: 55 95 87 30

Seksjon S4

Seksjon S4 er ein lukka akutt korttidspost med 12 sengeplasser lokalisert til Psykiatrisk klinikk ved Sandviken sjukehus.
Organisatorisk høyrer vi til Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vaktrom: 55 95 87 40

Seksjon S5

Seksjon S5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken.
Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vaktrom: 55 95 87 50


Seksjon KRS

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 9 døgnplassar som gir eit tilbod til to ulike pasientgruppar. Sju av plassane er for personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar som til dømes rus og personlegheitsforstyrringar. To døgnplassar er for personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring.


Seksjonen driv rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkjande instansar og dei kommunale tenestene.


Vaktrom: 55 95 87 20

Seksjon TPS

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagt frivillig eller på tvang.

Seksjonen er knytta til ulike forskningsprosjekt og det vert drive systematisk kompetanseutvikling.

Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, aktivitør, jobb-spesialist og miljøterapeut deltar. Vidare har vi tilbod om kunnskapsbasert familiesamarbeid.

Vi er særleg opptekne av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.

Det vert lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrar oppfølging av anna instans etter utskriving.

Vaktrom: 55 95 88 15/ 55 95 86 13

Utgreiings- og behandlingslinje ved førstegongspsykose, Tidleg Psykose Sandviken (TPS) (pdf)

TOPS - tidleg oppdaging av psykose

TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding.   

Ansvarsområde

For tilvisarar

Kontakt

Oppmøtestad
Sengepostane S3, S4, S5 og Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har inngang via resepsjonen i bygg 6.
Sengeposten Tidleg psykose Sandviken (TPS) held til i bygg 9 - inngang til venstre.
TOPS / Poliklinikken held til i bygg 9 - inngang til høgre.
Telefon
55975000 eller 55958400
Sjukehuset i Sandviken
Besøksadresse
Sandviksleitet 1(Google maps)
5036 Bergen
Telefon
55975000 eller 55958400

Buss

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

Parkering

​​Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.  

Prisar
Kl. 08.00-17.00 Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgn
Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt

Dr. Martens
Besøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.


 

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

TOPS - Tidleg oppdaging av psykosehttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/spesialisert-psykosebehandling/tidleg-oppdaging-av-psykoseTOPS - Tidleg oppdaging av psykose
Treningspoliklinikkenhttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/spesialisert-psykosebehandling/treningspoliklinikkenTreningspoliklinikken

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.