Døgnbehandling av akutt psykose og psykose med komplisert forløp
Behandling av akutte og subakutte psykoselidingar er ei hovudoppgåve for Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP).
Dette tilbodet omfattar også tre døgnseksjonar; seksjon S3, seksjon S4 og seksjon S5. Kvar av seksjonane har fått ansvar for definerte geografiske område som svarer til ulike distriktpsykiatriske sentra (DPS).
Desse seksjonane har ressursar til også å behandle pasientar med psykoserelaterte atferdsvanskar av stort omfang, og er godkjend for tvungen døgnbehandling etter Psykisk helsevern-lova. Pasientane vert i hovudsak overførte fra Psykiatrisk akuttmottak her i Psykiatrisk klinikk, men det vert også tatt inn pasientar etter søknad.
I tillegg har avdelinga ein seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) som skal gi tilbod om rehabilitering til personer med psykoseliding med kompliserande tilstandar.
Sist oppdatert 26.01.2018