Det er viktig å vite om menneske med psykose, nærpsykose eller psykoserelaterte vanskar får god behandling, utgreiing og oppfølging i Divisjon psykisk helsevern.
God fagleg praksis er definert i den nasjonale faglege retningslinja for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar.
Kvalitetsprosjekt Tidleg psykose kartlegg derfor kva utgreiing og oppfølging menneske som har fått kort eller lang oppfølging ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) (inkludert TOPS) har mottatt. I tillegg kartlegg vi resultata av behandlinga, og om gangen i behandlinga har vore god. Eksempel på spørsmål som blir undersøkt er:
Informasjonen skal brukast på gruppenivå, det vil seie at individuell informasjon ikkje blir brukt. Alt blir anonymisert og lagra på sikra dataservar på Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet er godkjend av personvernombodet på sjukehuset.
I tillegg ønsker vi å snakke med menneske som har vore til oppfølging om kva hjelp dei har fått, og korleis dette blir opplevd. Då blir ein invitert til å vere med på personsamtale i Kvalitetsprosjekt Tidleg psykose.
Egil Anders Haugen Prosjektkoordinator
Telefon 55 95 88 02
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.