Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykoseforløp

Mål i behandlinga er å oppretthalde stabil fase.  Om kriser oppstår, skal tiltak setjast i verk:

​1.  Styrking av tiltak i kommune eller DPS i Ustabil fase - om dette ikkje er tilfredsstillande skal ein gå til: 

​2.  Akutt fase - tiltak ved DPS eller Akutt fase - tiltak ved ​sjukehus avhengig av om brukaren treng frivillig innlegging eller har behov for lukka post.​

Diagram

Målgruppa for pasientforløpet er brukarar med alvorleg sinnsliding og med alvorleg funksjonstap. 

Retningslinene gjeld for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse i opptaksområdet til Helse Bergen HF.

Retningslinene byggjer på at kriser og akutte tiltak kan førebyggjast gjennom eit systematisk arbeid i stabil fase. I denne arbeidsfasen skal brukar, kommunehelseteneste, spesialisthelseteneste og andre viktige aktørar i pasienten sitt liv samarbeida om tilrettelegging av tiltak som styrkar brukarens livskvalitet og evne til meistring. ​ 


Teieplikt

I Prop.91 L (2010/2011) ”Lov om kommunale helse og omsorgstjenester” frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 10.1 er følgjande presisert:

”Etter helsepersonelloven § 25 kan taushetspliktbelagte opplysninger gis til samarbeidende personell når dette er nødvendig for å kunne gi forsvarlig helsehjelp og pasienten ikke motsetter seg det. Bestemmelsen er således ikke begrenset til organet eller etaten.”

Dersom informasjonen som vert utveksla ikkje er direkte utgangspunkt for å gi nødvendig helsehjelp, men til dømes berre for drøfting / refleksjon rundt ei pasient- /brukarsak skal samtykkeskjema nyttast.​

Aktuelle dokument​


​​Fasar i psykoseforløp

​​Stabil fase - ArbeidsfaseUstabil fase
 
Sist oppdatert 26.09.2023