Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
To helsepersonell ikledd smittevernutstyr former et hjerte sammen med hendene. Foto

Utviklingsplan 2022-2035

Vi set pasientane sine behov i sentrum. Når vi utdannar helsepersonell, når vi forskar, innfører nye metodar, bygger nytt, når vi organiserer verksemda vår – er pasientane viktigast. Både dei pasientane vi har no, men også dei pasientane som treng spesialisthelsetenester om ti, tjue og tretti år.  Utviklingsplan 2022-2035 peikar retning og viser kva vi må gjere for å dekke befolkninga sitt behov for spesialisthelsetenester framover.

​Haukeland universitetssjukehus har dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester med god kvalitet når dei treng det. Vi arbeider for pasienttryggleik, vi legg til rette for gode arbeidsmiljø og vi forbetrar tilbodet vårt slik at vi bruker ressursane på best mogleg måte. Slik vidareutviklar vi tenestene til det beste for pasientar og samfunnet, og vi tar vår del av ansvaret for å nå FN sine berekraftsmål.

Illustrasjon. FNs 17 bærekraftsmål presentert ved ikoner og titler.

Dersom Haukeland universitetssjukehus skal vere i fremste rekke i pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande, må vi førebygge, forbetre og prioritere. Dette må vi gjere i ein situasjon der behovet for helsetenester aukar, ressursane blir knappare og vi får redusert tilgang til kompetent personell.

Utviklingsarbeid krev tolmod. Vi har tru på at ein langsiktig, heilskapleg plan hjelper oss fram mot det overordna målet: At vi også i 2035 skal ha dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar som saman med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar utviklar sjukehuset slik at vi leverer helsetenester av god kvalitet til dei som treng det.​

For å vite om vi er på rett veg må vi styre aktiviteten og evaluere kva resultat innsatsen gir. Det er ei utfordring å finne indikatorar som dekker heile den komplekse verksemda vi driv og som beskriv kvaliteten på tenestene på ein god måte. Tenester av god kvalitet betyr at dei er verknadsfulle, trygge og sikre, involverer pasientane, er samordna, utnyttar ressursane godt, er tilgjengelege og rettferdig fordelte. (1)

Kva indikatorar vi styrer verksemda etter vil endre seg over tid, og vi skal bruke eksisterande rapportar og målingar for å vurdere om vi er på rett veg i høve til utviklingsplanen. (2)​ For fleire av måla vil det òg vere behov for å gjere kvalitative vurderingar.

Maŋemus ođastuvvon 2022-11-29