Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nettverk av fysio-og ergoterapeutar i Bergen

Fysio- og ergoterapinettverket består av ca. 50 ressurspersonar frå Habiliterings- og rehabiliteringstjenesten i alle bydeler i Bergen kommune, frå ergo-/fysioterapieiningar i andre kommunar i Helse Bergen føretaksområde og frå sjukehusavdelingar, rehabiliteringseiningar og private verksemder som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling.

Målet for fysio- og ergoterapinettverket er å:

  • Auke fysio- og ergoterapeutars kompetanse, interesse og engasjement for palliasjon.
  • Skape eit forum for samhandling mellom ergo- og fysioterapeutar på dei ulike nivåa og dermed fremme samarbeid og behandlingsflyt i ergo- og fysioterapitenesta.
  • Fremme samarbeid med andre faggrupper.

Nettverket vert leia av ei driftsgruppe med representantar frå Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Bergen kommune, kommunar utanfor Bergen og KLB.

Driftsgruppa har ansvar for å drifte nettverket og arrangere samlingar i samsvar med strategidokument, aktuell årsplan og kompetanseplan.

Fysio- og ergoterapinettverket er ein del av Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen føretaksområde. Det er felles strategiplan, det utarbeidast felles årsplan, det er felles introduksjonskurs, og det arrangerast kvar haust felles årleg fagdag for sjukepleiarnettverket og fysio- og ergoterapinettverket.

Pall​net. Register over ressurspersonar i nettverket​

 

Det vert arrangert nettverkssamling kvar vår.

Sist oppdatert 29.10.2025