Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mannlig pasient håndhilser på lege. Foto

Samhandling

Ei god oppgåve- og ansvarsfordeling og eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelseteneste er avgjerande for at vi skal kunne tilby pasientane våre eit heilskapleg og godt behandlingstilbod.

Seksjon for samhandling skal være ein pådrivar for utvikling av samhandlingsarbeidet på overordna nivå, samt koordinera det interne samhandlingsarbeidet i sjukehuset.

Seksjonen skal i tillegg støtta dei formelle samhandlingsaktivitetane med kommunane. Med bakgrunn i ei aukande kompleksitet og aktivitet i arbeidet er det etablert ei ny intern samhandlingsstruktur ved HUS.  

Kontakt

Seksjon for samhandling
Seksjonsleiar Grete Lill Hjartnes
samhandling@helse-bergen.no

Koordinator for Samarbeidssekretariatet

Rådgivar​ Anne Kvalheim, telefon 406 12 604  

Saman.no

Heimeside for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta innanfor lokalsjukehusområdet til Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus. ​På saman.no finn du mellom anna oversikt over samarbeidsstruktur mellom kommunan​e og sjukehusa i området, aktuelle samarbeidsavtalar og informasjon om fagleg samarbeid. 

Samleside for fastlegar og andre tilvisarar

Her finn du informasjon, kurs og nyheiter for legar som samhandlar med Haukeland universitetssjukehus 

Nyttige lenker 

St.meld. nr. 47 (2008-2009): Samhandlingsreforma

Bergen Kommune - samhandling i helsesektoren

Helse Vest RHF

Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling

Koordinerande eining for habilitering og rehabiliering i Helse Bergen  

I Seksjon for samhandling tilhøyrer både praksiskonsulentar, brukarutval, og ungdomsråd. Her under kan du lese meir om dei:

Samhandlingslegen

Samhandlingslegen er eit nettverk av allmennlegar som arbeider for å utvikle eit godt samarbeid mellom sjukehusavdelingar og allmennlegar/private spesialistar.​

Les meir om praksiskonsulentordninga PKO
Tre samhandlingsleger i parken

Brukarutvalet i Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus sitt brukarutval skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og bidra konstruktivt til å betre tenestene på sjukehuset.
Les meir om brukarutvalet
Brukarutvalet

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
Les meir om ungdomsrådet
Ungdomsrådet poserer i gruppe

Brukarmedverknad

Pasientar og pårørande har verdifulle erfaringar i bruk av helsetenestene. Desse erfaringane er viktige for sjukehuset i utforming av våre tenester. Her får du ein oversikten over sentrale aktivitetar hos oss.
Organisering og aktivitetar innan brukermedverknad
Brukarmedverknad i Helse Bergen
Sist oppdatert 17.04.2024