HELSENORGE

Regional koordinerande eining (RKE)

Koordinerande eining i sjukehusa skal ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen, og ha oversikt og kontakt med habiliterings- og rehabiliteringstenester i kommunehelsetenesta. Eininga skal bidra til å sikre helhetlig tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering gjennom å ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. 

Kart med oversikt over rehabiliteringsnettverk i Helse Vest. Grafikk

RKE består av koordinerande einingar for habilitering og rehabilitering i Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Stavanger. Koordinerande eining i Helse Bergen er lagt til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Sjå eigen informasjon om dette nedst på sida.​​

​​ ​

​Meir om eininga

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal ha ein sentral rolle i å legge til rette for god samhandling, både på individnivå mellom pasient/brukar og tenesteytar, og mellom tenesteytarar frå ulike fag, sektorer og nivå. Det skal vere koordinerande eining i kommunane og i spesialisthelsetenesta. 

​​​​​​I spesialisthelsetenesta er det koordinerande eining på to nivå; det er eining i alle fire helseregionar (regionale koordinerande einingar) og det skal vere koordinerande eining i alle helseføretaka.
 
Regional koordinerande eining (RKE) for habilitering og rehabilitering:

  • gir informasjon om habilitering- og  rehabiliteringstilbod i helseregionen
  • gir informasjon om nasjonale habilitering- og rehabiliteringstilbod
  • dei fire regionale einingane samarbeider om drift og betener førespurnader på den nasjonale informasjonstelefonen for ReHabilitering, grøn linje:80030061 for pasientar, pårørande og helsepersonell
  • har oversikt over og kontakt med habilitering- og rehabiliteringstilbod i alle kommunane i regionen
  • har ein koordineringsfunksjon for rehabilitering- og habiliteringsarbeidet i helseregionen (på systemnivå), det vil mellom anna seie å etablera nettverk og møteplassar via koordinerande eining i helseføretaka og ut i kommunane
  • har etablert nettside som vedlikehaldast med oppdatert informasjon om habilitering- og rehabiliteringstilbod, kontaktnettverk, møteplass, rutinar for arbeidet med Individuell Plan, koordinatorrollen med meir

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Den koordinerande eininga i kvart helseføretak skal:

  • ha ein generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen
  • bidra til å sikra heilskapleg tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering
  • ha oversikt over og nødvendig kontakt med habiliterings og rehabiliteringsverksemda i kommunens helse- og omsorgsteneste
  • ha overordna ansvar for individuell plan som inneber:
    - ta imot meldingar om behov for individuell plan
    - sørgje for at det blir utarbeida rutinar og prosedyrar for arbeid med individuell plan
  • ha overordna ansvar for oppnemning, opplæring og vegleiing av koordinator
  • legge tilrette for brukermedverknad

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen. Den koordinerande eininga skal:

  • bidra til å sikre heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar
  • ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan som inneber:
    - ta i mot meldingar om behov for individuell plan
    - sørgje for at det blir utarbeida rutinar og prosedyrar for arbeid med individuell plan
  • ha overordna ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator
  • legge tilrette for brukermedverknad​​

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar for koordinerande einingar i spesialisthelsetenesta:

Regional koordinerande eining
Rådgjevar: Joanna A.Hauken
Mobil: 48 14 10 24​
Adresse: Østre Nesttunvei 2, 5221 Nesttun

Koordinerande eining Helse Stavanger
Rådgjevar: Mona Plener Sandved​
Telefon:  45 04 37 39
Adresse: AFMR Lassa,SUS,Pb.8100, 4068 Stavanger

Koordinerande eining Helse Fonna
Rådgjevar Kjersti Haugen​
Telefon:  52 73 25 16
Adresse: Haugesund sjukehus, Helse Fonna

Koordinerande eining Helse Bergen

Rådgjevar Joanna A.Hauken
Telefon:48 14 10 24 
Adresse: Østre Nesttunvei 2, 5221 Nesttun​

Rådgjevar Cathrine Nøttingnes
Telefon:55 91 85 40/ 92 44 41 42
Adresse: Østre Nesttunvei 2, 5221 Nesttun

Koordinerande eining Helse Førde
Rådgjevar Maria Ljunglöf
Telefon:57 83 98 72
Adresse: LMS, Helse Førde HF, Pb 1000, 6807 Førde

 

Lovgrunnlag

​Pasientrettar

Individuell plan og koordinator

​​Møteplassar og nettverk

​Samhandling

RKE i andre helseregionar

Fann du det du leita etter?