Individuell plan og koordinator

Pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP).

Uavhengig av om dei ønskjer individuell plan, skal pasientar/brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester få tilbod om koordinator i kommunen og/eller i spesialisthelsetenesta. Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient, samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med ein eventuell IP.

Individuell plan

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og psykisk helsevernlova har rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP).

Planen skal vere eit verktøy og ein metode for samarbeid mellom tenestemottakar og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Initiativet til å få laga IP kan komme frå brukaren sjølv eller pårørande, men hovudansvaret for å utarbeide individuelle planar ligg i tenesteapparatet.

Når ein person har behov for langvarige og koordinerte tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta, er det kommunen som har hovudansvaret for at det blir utarbeidd ein individuell plan. Dette er gjort tydeleg i ny og revidert lovgiving i samband med samhandlingsreforma. Spesialisthelsetenesta har likevel plikt til å medverke. Kommunen skal tilby pasient/brukar ein koordinator som skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning og framdrift i arbeidet med individuell plan.

Utgangspunktet for prosessen skal vere brukaren sitt behov for tenester, i tillegg til dei ønskjer og mål som er viktige for brukaren sjølv - i dag og i framtida. Individuell plan er brukaren sin plan. Brukaren har rett til å delta aktivt i utarbeidinga av planen.

Formålet med individuell plan

  • Individuell plan skal bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
  • Det skal sikrast at det til ei kvar tid er ein tenesteytar som har hovudansvaret for oppfølginga av tenestemottakaren.
  • Tenestemottakaren sine mål, ressursar og behov for tenester skal avklarast. Vidare skal ein vurdere og planlegge tiltak som kan bidra til å dekke tenestemottakaren sine bistandsbehov. Tiltaka skal koordinerast.
  • Individuell plan skal styrke samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og eventuelt pårørande, i tillegg til å koordinere mellom etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåa. 

Koordinator

For pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester skal kommune og spesialisthelsetenesta tilby koordinator uavhengig av om pasient/brukar ønskjer individuell plan. Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient, sikre samordning av tenestetilbodet, samt sikre framdrift i arbeidet med individuell plan.

Koordinator i spesialisthelsetenesta skal i tillegg til det som er sagt over, sikre samordning av tenestetilbodet i samband med institusjonsopphald og overfor andre tenesteytarar. Koordinatorfunksjonen erstattar tidlegare ordning med pasientansvarleg lege.

Individuell plan og koordinator der du bor

Rettane til individuell plan og koordinator er dei same uansett kor du bur, men det kan vere lokale skilnader når det gjeld rutinane for melding/søknad om behov for IP og/eller koordinator. Koordinerande eining i kommunen eller i helseføretaket er rett instans for spørsmål og førespurnader knytt til desse ordningane.

Kan du klage?

Tilsegn, samtykkje eller avslag på individuell plan vert ikkje rekna som enkeltvedtak. Du kan likevel klage på avslag om IP etter lova om brukar- og pasientrettar § 7-2.

Avgjerd om oppnemning av koordinator vert heller ikkje rekna som enkeltvedtak. Retten til å klage etter lova om brukar- og pasientrettar omfattar ikkje oppnemning av koordinator.

Forskrift om individuell plan og koordinator er heimla i helselovgivinga som trådde i kraft 1. januar 2012. Rett til individuell plan følgjer elles også av NAV-lova frå 2006, lov om sosiale tenester i NAV frå 2009 og barnevernlova. Avklaringane om klagerett ved individuell plan og koordinator kjem fram av brev frå Helse- og omsorgsdepartementet til Nettverk av koordinerande einingar i storbykommunane 31.1.2012, og til Fylkesmannen i Vestfold 22.3.2012.

Les meir på Helsedirektoratet sine nettsider​​​

Relevante lenker