Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nasjonalt nettverk regionale koordinerande einingar for habilitering og rehabilitering

Sidan hausten 2007 har representantar for de regionale koordinerande einingane og Helsedirektoratet møtt kvarandre 1-2 gonger i året for å drøfte saker av felles interesse. Møta har sirkulert mellom landsdelane.

Frå 1.1.2009 har alle dei fire helseregionane hatt regionale koordinerande einingar/funksjonar for habilitering og rehabilitering. Dei fire einingane har ulik organisatorisk tilknyting og organisering. Dei har også noko ulike mandat og/eller tilleggsoppgåver. 

Mandat for det nasjonale nettverket ble vedteke av dei Regionale koordinerande einingane 23.4.2009.

Formål og innhald

Deltaking i nettverket er basert på grunnlaget om at samarbeid og utveksling av erfaringar og tenester mellom dei fire einingane vil tene utviklinga av habiliterings- og rehabiliteringsfelta, og komme brukarar av dei regionale koordinerande einingane til
gode. Tema og problemstillingar som blir tatt opp på nettverket sine faste møte er difor av felles interesse.


Nasjonalt nettverksmøte i Regionale koordinerende enheter (RKE) 



Sist oppdatert 05.05.2022