Vår hovudoppgåve er å legge forholda til rette for ein normal fødsel og ein god start for det nyfødde barnet og familien.
Sjå vår informasjonsvideo frå Storken:
Om det blir avdekka behov for meir overvaking eller behandling enn det Storken kan gi under fødselen, blir de flytta over til ei av fødeavdelingene (Føde A eller Føde B) og fulgt vidare opp der. Dei fleste overflyttingane som skjer frå Storken til anna fødeavdeling er heilt udramatiske.
Barseltida
Vår hovudoppgåve er å bidra til at de får ein god start på barseltida.
Sjå vår informasjonsvideo frå eit barselopphald:
Nokre gongar kan du og barnet ditt få ligge eitt døgn på rom med far til stades, for så å bli flytta over til eit tomannsrom, eller de får tilbod om familierom heile tida. Likevel er det viktig å vite at dersom det er fullt, får dessverre ikkje far overnatte, anna enn på dei romma som utelukkande kan brukast til enkeltrom. Det er til ein kvar tid kapasitet og behov som legg føringar for kor de skal ligge.
Visittid kun for dei næraste
Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at mor og barn får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gong med bl.a. amminga. Vi ser at kvinnene som har fødd, blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken er derfor avgrensa til dei aller næraste. Den første tida heim bør óg avgrensast til dei aller næraste.
Til deg som reiser tidleg heim etter fødsel
Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor, andre vil få oppfølging ved Poliklinikk for gravide, mor og barn.
Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.
Du kan ringe barseltelefonen dei første dagane etter du har komen heim; om du har spørsmål eller treng råd og rettleiing i forhold til barnet eller deg sjølv. Denne tenesta kan du bruke om du treng råd eller rettleiing straks – og ikkje kan vente til neste kontroll på Barselpoliklinikken eller helsestasjonen.
Barseltelefon 41 49 90 42
Blir du eller barnet ditt akutt sjuke – ta kontakt med legevakta. Om det hastar - ring 113.
Utreisesamtale
Før utreise får du tilbod om samtale med jordmor. Då får du informasjon om oppfølging av deg og barnet ditt etter utreisa frå Storken, samstundes som du får anledning å snakke med jordmor om andre ting om du ønskjer det. Reiser du heim før barnet har tatt nyføddscreening, må du komme tilbake til Barselpoliklinikken. Informasjon om dette får du ved utreisa frå Storken.
Les meir om nyføddscreening