HELSENORGE
Fødeavdelinga

Nyføddscreening - blodprøve

Alle nyfødde i Noreg får i dag tilbod om å bli undersøkt for 26 alvorlege medfødde sjukdommar. For å undersøkje om ditt barn har ein medfødd sjukdom som det er viktig å behandle raskast mogleg, blir det tatt ein blodprøve frå hælen til barnet så snart som mogleg etter 48 timar etter fødsel.

Innleiing

Sjølv om eit barn verkar heilt friskt frå fødselen, kan det i sjeldne tilfelle ha ein medfødd sjukdom.

Det kan for eksempel dreie seg om ein feil i stoffskiftet. I fosterlivet er barnet beskytta av mor sitt stoffskifte. Derfor startar dei alvorlege konsekvensane av denne type sjukdommar oftast først etter fødselen. Det kan skje gradvis fordi det hopar seg opp skadelege stoffskifteprodukt i blodet, eller plutseleg i form av livstruande stoffskiftekriser.

Jo lenger tid det går utan behandling, jo større er risikoen for barnets liv eller for at det får varige psykiske eller fysiske skadar. Det er derfor av stor betyding for barnet å få påvist sjukdommen så tidleg som mogleg, slik at nødvendig behandling kan setjast i verk.

Tilvising og vurdering

Nyfødtscreeninga ved Oslo universitetssykehus har nasjonal behandlingsteneste for screening av alle nyfødde for alvorlege medfødde sjukdommar og for oppfølging av pasientar med fenylketonuri (Føllings sjukdom).

Før

Vi tar ein tar ein blodprøve frå hælen til barnet så snart som mogleg etter det har gått 48 timar etter fødsel. Det krev inga spesielle førebuingar frå deg som har blitt mor, og heller ingen førebuingar for barnet.

Under

Vi fyller fem felt på filterpapir med blod frå eit lite stikk i hælen til barnet.

Når prøven er tørka, blir prøven sendt saman med opplysningar om mors namn, fødselsnummer, adresse og telefonnummer, svangerskapets varigheit, barnets fødselsdato, vekt og kjønn, til Nyfødtscreeninga på Oslo universitetssykehus Rikshospitalet der prøven blir analysert.

Kva sjukdommar er med i undersøkinga?

Alle nyfødde skal ha tilbud om undersøking for 26 sjeldne sjukdommar det er viktig å starte behandling av, så raskt som mogleg. Tilbodet om nyfødtscreening omfattar to endokrinologiske sjukdommar, 21 metabolske sjukdommar, alvorleg kombinert immunsvikt (SCID) eller andre alvorlege T-celle defektar, cystisk fibrose og spinal muskelatrofi (SMA).

Analyseresultata sendt skriftleg til fødestaden. Når resultatet er normalt, gir ein inga tilbakemelding til foreldra. Ved mistanke om sjukdom, blir foreldra umiddelbart kontakta av lege slik at barnet kan bli undersøkt. Dersom screeninglaboratoriet mottar ein prøve av dårleg kvalitet, skal foreldra kontaktast umiddelbart av føde-/barselavdelinga, for å få tatt ny prøve. Det er derfor viktig å vere klar over at det å bli bedt om ny prøve, ikkje treng å bety å barnet har ein sjukdom.

Oppbevaring av prøven i biobank

Etter at analysane er avslutta, blir resten av blodprøven lagra avidentifisert i Nyfødtscreeninga sin biobank på Oslo universitetssykehus Rikshospitalet. Lagring av prøven gjer det mogleg å gjenta undersøkinga dersom det er tvil om diagnosen, eller å supplere med andre undersøkingar som ikkje var tilgjengeleg på fødselstidspunktet. Prøvematerialet kan også brukast til kvalitetssikring og utvikling av nye analysemetodar. Prøvene skal destruerast etter 6 år.

Biobank er også ein forskingsressurs og kan nyttast til forskingsprosjekt til Nyfødtscreeningen etter godkjenning av Regional etisk komité for medisinsk forsking. 

Reservasjon mot lagring og bruk i forsking

Dersom de ikkje ønskjer at prøven skal lagrast eller nyttast i forsking, bruker de reservasjonsskjema for prøvelagring og skjema for bruk til forsking og sender til Nyfødtscreeninga. Skjema om reservasjon finn du på Nyfødtscreeninga sine nettsider.

Etter

Fordi dette er ei screeningundersøking vil det i sjeldne tilfelle, særleg hos for tidleg fødde, kome resultat som tyder på sjukdom utan at dette er tilfelle. Oppfølgande undersøkingar vil raskt avdekke om det fyrste screeningresultatet var rett.

Ein normal screeningprøve betyr med stor sannsynlegheit at barnet ikkje har ein av desse 26 sjukdommane. Screeningresultatet seier derimot ikkje noko om risiko for andre sjukdommar.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstid

Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med amminga.

Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til partnar / den eine næraste pårørande. Den første tida heime bør og avgrensast til dei aller næraste.

Partnar / den eine næraste pårørande er velkomen til å vere til stades i barseltida på dagtid kl. 09.00-21.00. 

Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00.

Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk. 

Partnar som bur på familierom eller et måltider på barselavdelinga saman med mor, betalar for dette ved heimreise. 

Les meir om barseltid

Følge på Kvinneklinikken for gravide som skal føde

I takt med at samfunnet no åpner opp, vil også Fødeavdelinga gå tilbake til ein meir familievennleg barseltid. Her er kort oppdatert informasjon til deg som ventar barn.

Hugs god handhygiene!

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?