Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innleggingstelefonen for fødande

Alle fødande bør ringje innleggingstelefonen for fødande, før dei drar til Kvinneklinikken - telefonnummer 55 97 22 00. Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen, og du ikkje kan vente og ringe tilbake - ring 113.

En person som holder en telefon mot øret

Det er berre erfarne jordmødrer som svarer når du ringjer Innleggingstelefon for fødande. Dei vil høyre på det du fortel, gi deg råd og saman med deg planlegge kva som skal skje vidare.

Innleggingstelefonen er for akutte problemstillingar (tilsvarande nødtelefon 113).

Du kan dessverre ikkje bruke denne tenesta til rådgiving som ikkje hastar og kan vente til du tar kontakt med eigen lege, jordmor eller legevakt. Når vi vurderer det slik at problemstillinga kan bli løyst der, vil vi be deg om å ta kontakt med ein av desse.

Når ringjer eg Innleggingstelefonen for fødande?

Du treng ikkje ta kontakt med oss på førehand for å bestille fødeplass. Innleggingstelefonen skal primært bli brukt for å melde frå om at fødselen er i gang og at du er på veg til Kvinneklinikken.

På bakgrunn av din og barnet sin situasjon, samt plass/pågang på det tidspunktet, vil jordmor gjere ei vurdering av kva for ein av dei tre fødeseksjonane​ våre du skal til.

Då kan seksjonen du skal føde på planlegge mottakinga av deg, ved å gjere klar fødestove og avklare kven som skal ha ansvar for og ta i mot deg, i tillegg til å ha ansvar for å følgje deg opp.

Er du usikker på om fødselen er i gang, eller det oppstår endringar hos deg eller barnet som uroar deg, kan du også kontakte jordmor via Innleggingstelefonen.

Vi frarådar våre gravide å stole på lytteutstyr som du kan bruke til å lytte på hjertelyden til barnet heime. Dette gjeld særleg om du kjenner lite liv. Då er det viktig at du ring Innleggingstelefonen for å få råd og rettleiing. 
Her er meir informasjon om dette med lite liv i magen: Graviditet - Lite liv i svangerskapet - Helse Bergen (helse-bergen.no)

Kva betyr det å vere i aktiv fødsel?

Å vere i aktiv fødsel vil seie at du har regelmessige, smertefulle rier som påverkar mormunnen (cervix) og / eller mormunnen har opna seg 4 cm eller meir. Opplevinga av kor smertefull fødselen er vil variere frå kvinne til kvinne, men riene i den aktive fasen av fødselen skal og vil føre til av mormunnen (cervix) opnar seg. Når mormunnen har opna seg 4 cm, går dei fleste over i den aktive fasen av fødselen. Riene blir då meir effektive og mormunnen opnar seg raskare. 
 

Teikn på at fødselen er i gang

Fødselsrier er definert som smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt – og som er så effektive at dei påverkar livmorhalsen / mormunnen. 

Mot slutten av svangerskapet vil alle gravide få samantrekningar i livmora, såkalla kynnarar / Braxton Hicks contractions. Desse kan kome regelmessig, vere ubehagelege, bli utløyst spesielt ved aktivitet og roe seg om du senkar aktivitetsnivået.

Ta kontakt med Innleggingstelefonen når du syns riene er etablert, eller kjem med ein intervall på ca. 5–6 minutt.

Har du lang veg til Kvinneklinikken, har fødd raskt tidlegare, har hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødslar – eller er usikker, ta kontakt når riene startar.

Får du akutte magesmerter bør du kontakte Innleggingstelefonen for fødande.

Om fostervatnet går (begynner å renne ut),  kan dette vere det første teiknet på at fødselen er i gang. Om holet i hinnene er stort, renn det rikeleg med blakka væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ei lita mengde fostervatn komme ut. Mange opplever dette som at dei berre er fuktig nedantil.

Uavhengig av mengde fostervatn skal du alltid ta kontakt med Innleggingstelefonen om du føler at du lek og du meiner at lekkasjen ikkje er urin eller utflod.

Blodtilblanda utflod kan vere eit teikn på at fødselen er i gang. Etter kvart som mormunnen/cervix opnar seg vil det oftast komme blodspor, blodtilblanda utflod eller sparsam bløding. 
Bløding kan og skyldast andre årsakar. Er du i tvil, ta kontakt med Innleggingstelefonen for fødande og få meir råd. 

Sist oppdatert 27.12.2023