Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Her finn du fødeavdelinga

Føde- og barselavdelinga ligg i blokk 5 i Glasblokkene. Ved fødsel skal de nytta ambulanseinngangen. Det er reserverte parkeringsplassar for dei fødande.

Det er lurt å gjere seg kjent før sjølve fødselen tek til. Ta gjerne ein tur til Glasblokkene, les informasjonen og sjå filmen. ​

Når du skal inn og føde, skal de nytte ambulanseinngangen i Glasblokkene for å parkere. Innkjøring er frå Haukelandsbakken. Ta første veg til høgre, følg skiltet til Sentralblokka. Når du er på toppen av bakken skal du ta til venstre. Kjør ned ambulanseinngangen.  Her er det også merka med skiltet "Kvinner i fødsel". 

Ambulanseinngangen skal kun nyttas som avstigingsplass. Den fødande kan slippast av ved inngangen til mottaket, før bilføraren må køyre vidare inn på parkeringsdekket. 

​På parkeringsdekket er det reservert 6 plassar for fødande. Det er omlag 45 parkeringsplasser totalt i parkeringsdekket i U1, andre enn dei reseverte kan også nyttast dersom det er ledig. 

Du skal gå inn inngangen til underetasjen (U1) i blokk 5. Du har fått beskjed om kva fødeavdeling / etasje du skal til. Når du kjem til døra må du nytte porttelefonen. Ring på den fødeavdelinga der du skal møte. Døra vil bli opna for deg. 

Heisen til fødeavdelingane i blokk 5 er godt merka, og ligg rett innanfor inngangsdøra på venste side. 

Kjem du med drosje skal ambulanseinngangen også nyttast. ​​

 

 
 

Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar nokre  minutt å gå frå stoppet.  Haukelandsbakken og til Glasblokkene. 
​​​
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.​ ​​​​​​
 
 
Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen 
Line 12 har avgang frå Bystasjonen 
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten ​
 
Busstoppa rundt Haukeland: 
  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E) 
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E) 
Det vil være skilta frå stoppa til Glasblokkene. 

 

In English:

Sist oppdatert 27.09.2023