Barnekirurgen på Haukeland universitetssjukehus tar i mot barn og unge i alderen 0-18 år. På avdelinga har vi seks ulike spesialitetar; Øyre-nase-halskirurgi, kjevekirurgi, ortopedi, plastikkirurgi og generell kirurgi med urologi og gastrokirurgi. Avdelinga høyrer inn under Barne- og ungdomsklinikken.
På Barnekirurgen har vi pasientar med ulike typar tilstandar. Barn og unge som blir lagt inn hos oss kjem enten som elektive (planlagde) innleggingar, øyeblikkeleg hjelp eller med open retur.
Avdelingen er inndelt i seks fagseksjoner fordelt på 15 senger:
Forskrift om barns opphald i helseinstitusjonar
Pasientreiser
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset
Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.
Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.
Les meir om gåver og donasjonar
Vi har buffetservering på avdelinga og der kan barnet og ein føresett forsyne seg med mat og drikke. Dette gjeld også for barn som kjem for mottak, dagen før eventuell operasjon.
ServeringstiderFrukost: kl. 08.00 - 09.30Lunsj: kl. 12.00 - 13.00Middag: kl. 16.00 - 17.00Kveld: kl. 19.00 - 20.30
Kald drikke finn du i buffeten heile døgnet. Vi har isbitmaskin.
For innleggingsdagaen og utskrivingsdagen kan ein søke om å få refundert utgiftene. Bruk då søknadsskjema "Reiseregningsskjema" til Helseforetakenes senter for pasientreiser. Skjema finn du ved luka til postsekretæren. Utgiftene for dagane mellom inn- og utskrivingsdagen, vert ikkje refunderte.
Dersom ein forventar at opphaldet vil vare ei veke eller meir, kan ein be personalet om skjema for å få parkeringskort til redusert pris.
Mange sjuke barn, og særleg dei for tidleg fødde barna, har nedsett immunforsvar og er dermed meir utsett for å få infeksjonar enn friske barn. Av denne grunn er det viktig å førebygge infeksjonar så godt som mogleg gjennom god handhygiene og ryddige rom.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken. Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken. Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:Ring 55973393 Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.Ring 113 Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 55971410.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.