Informasjon til foreldre
Når barn skal til dagkirurgi får dei gjerne lagt inn ein venflon rett før operasjonen startar. Da er dei gjerne litt trøytte av medisinar dei har fått i forkant av operasjonen, og hugsar nødvendigvis ikkje så mykje av hendinga. Det viktigaste for dei er kanskje å ha sett ein venflon på førehand, sidan dei gjerne har ein i handa når dei vaknar.
På sjukehuset blir emla-krem nytta både før ein tar blodprøvar og før ein legg inn venflon, for at det ikkje skal gjere vondt. Det er viktig å motivere barna til å ha emla-kremen på når det blir anbefalt av helsepersonell.
Her er ein bildeserie om emla-krem som du og barnet kan sjå på saman:
Her er sjukepleiar Anette saman med Angelica på leiekerommet.

Anette viser fram Emla-plaster som Angelica skal ha på hendene sine.
Anette fortel at emla-plasteret inneheld tryllekrem.

Angelica skal ha eit emla-plaster på kvar hand.

Emla-plasteret gjer slik at Angelica ikkje kjenner noko når ho skal få venflon i handa.

Emla-plasteret må ligge på hendene i over ein time for at det skal ha verknad.
Angelica passar på at emla-plasteret er godt festa.

Det går greitt å leike litt med plasteret på hendene.

Slik ser handa ut etter at plasteret er tatt av og venflonen er på plass.
Bildeserien er laga i samarbeid med Barnekirurgisk post.