
Slik ser ein venflon ut når den er lagt inn i blodåra og festa til handa med eit plaster. Venflonen har ein forlengelsesslange med korker som kan skrues av og på. Dei blir opna for å gi medisin eller væske.

Det er vanleg å få emla-krem før ein skal ha venflon. Den inneheld lokalbedøvande krem som bedøver huda. Sjukepleiar Ingvild viser eit emla-plaster.
På større hender er det lurt å legge emla-plasteret der blodåra delar seg.

Kim-André har fått emla-krem på handa og må vente ein time før bedøvinga virkar.

Slik ser ein venflon ut før den er lagt på plass i blodåra. Framme er ein tynn plastslange med ei enda tynnare nål inni. Ved hjelp av nåla kan venflonen førast gjennom huda og inn i blodåra.

Med det samme venflonen er på plass i blodåra, blir nåla tatt ut. Venflonen som ligg att i blodåra har berre den mjuke plastslangen som du ser er bøyd på bildet.

For å halde venflonen open blir den skylla før og etter bruk ,eller fordi den ikkje har vert brukt på ei tid. Her trekker Ingvild opp ei sprøyte med saltvatn som ho skal skylle med.

Sjukepleiar skrur av ei av korkene på forlengelsesslangen og koplar på sprøyta når ho skal skylle venflonen. Det er viktig at berre helsepersonell opnar korkene på venflonen for å halde den rein.

Det er viktig at venflonen er beskytta og korkene er skrudd att når den ikkje er i bruk.
Du kan bruke handa når venflonen er pakka inn.
Bildeserien er laga i samarbeid med Barnekirurgurgisk post.