Kvar kommune har ein synskontakt, som skal bistå personar med synsvanskar med vurdering av tilretteleggingsbehov og til dømes søknad om synshjelpemiddel eller andre tenester.
I Hordaland er dette organisert i ein interkommunal teneste; Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) der synspedagoger utgreier og veileder brukere med synsvanskar.
Koordineranda eining skal ha oversikt over kven som er synskontakt i kommunen, og henvise brukaren dit ved behov. Tilmelding til synskontakt gjeres ved å kontakta koordinerande eining.
Tilvising frå Augeavdelinga
Når augelege i sjukehuset henviser ein person til synsrehabilitering, nyttast eige henvisningsskjema for synsrehabilitering. Det går melding til koordinerande eining der ein ber om at pasienten settes i kontakt med synskontakt i bostedskommunen, for videre vurdering og kartlegging av tilretteleggingsbehov i forbindelse med synsvanskar, og at det vert oppretta kontakt med andre relevante tilbod som til dømes Voksenopplæringa.
Koordinerande eining i kommunen sine ansvarsområder:
- Motta melding om mulig behov for habilitering og rehabilitering
- Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
- Motta melding om behov for individuell plan (IP) og koordinator fra helsepersonell, både internt i kommunen og frå helseføretak
- Har overordna ansvar for individuell plan og koordinator, og samarbeider med spesialisthelsetenesta når brukare mottek tenester frå både kommune og sjukehus som krev koordinering