Ved SAPT gjennomførast kartlegging av dine behov av synspedagog, og dei tilbyr råd og oppfølging i forhold til dine utfordringar knytta til synstap.
Dei kan og bistå ved søkand om synshjelpemiddel til bruk i kvardagslivet, og opplæring i bruken av desse. Ved behov for synshjelpemiddel knytta til arbeidslivet vert du henvist vidare til synsavdelinga ved NAV hjelpemiddelsentralen.
Inntakskriterier SAPT
Alle som har eit reelt høyrsels- eller synsproblem kan få bistand frå tenesta. I utgangspunktet blir det ikkje stilt noko krav til kven som kan søkje. Det betyr at alle - også brukaren sjølv - kan ta kontakt med tenesta for å få vurdert bistand.
Personer med hjernerelaterte eller funksjonelle synsvansker (f.eks. slagpasienter) skal meldast til Koordinerande eining i bostedskommune (KE), da kvar kommune har ulikt organisert tilbod til denne gruppa. I Bergen kommune har Voksenopplæringa eit ege tilbod til personar med hjernerelaterte synsvanskar.
Tilbod for personer bosatt utanfor tidlegare Hordaland:
Kvar kommune har ein synskontakt, denne kjem du i kontakt med via Koordinerande eining i din kommune. Synskontakten kan bistå med vidare oppfølging og til dømes søknad om synshjelpemiddel, eller sette deg i kontakt med til dømes Voksenopplæringa eller andre aktuelle tilbod i kommunen.