Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallingsbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om:
Dag og tid for oppmøte.
Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.
Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.
Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.
Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.
Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.
Praktisk informasjon
Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.
Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.
Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.
For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting.
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering.
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.