HELSENORGE

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret. Senteret gir opplæring til pasientar og pårørande, og har rehabiliteringstilbod for kreftpasientar med gitte diagnosar. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling.

Alle kreftramma kan ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) dersom dei ynskjer time til sexologisk rådgjeving i forhold til verknad/biverknad av behandling, og kva ein kan gjera. 
Fann du det du leita etter?